Lars Petter Sveen

1

Skuldingar om plagiat

Det er ein lang tradisjon i litteraturen for å la seg inspirere av andre forfattarar. Men no er ei grense kryssa.

Publisert: 1. feb 2019

I går avslørte Klassekampen at forfattar Eirin Gundersen er klaga for å plagiere fleire ­andre poetar i siste diktsamling, Lyder jeg ikke kan høre (Gyldendal forlag). Eksempla som Klassekampen viser fram liknar meir på avskrift enn intertekstuelle referansar. Forfattar Lina ­Undrum Mariussen er ein av forfattarane som reagerer sterkt på å ha blitt plagiert. Det verker som ho har god grunn til det.

Publisert i Vårt Land. I sist vekes nummer av vårt digitale bokbilag, Bøker, publiserte vi fire dikt frå Eirin Gundersens diktsamling. Eit av dei er så og seie rein avskrift av Mariussens poesi. Dette vart først klart for oss da vi såg Klassekampens oppslag. Eg skjønner godt at Mariussens er fornærma over Gundersens praksis. Kanskje er det ekstra ille når det kjem til poesi, der språklege bilde og formuleringar opplevast som meir unike enn for ­eksempel i ein roman.

Det er ein lang tradisjon i litteraturen for å la seg inspirere av andre forfattarar. Det er vanleg å referere direkte og vere i dialog med andre verk. Ofte har òg forfattaren oppgitt i bøkene sine til kven ho eller han har henta tekst ifrå. Kunst blir ikkje til i vakuum, men i eit samspel. Når nokon sikter til eller speler på Dantes poesi, så er det muleg for lesaren å forstå og sjå dette. Vanskelegare er det når ein skriv nesten ordrett frå kollegaer i samtidspoesien.

I dette tilfellet er ei grense kryssa. Det er utan tvil provoserande for dei som har blitt råka. Eit kvart forfattarskap er avhengig av å leita fram si eiga stemme og skrive fram sitt eige blikk. Å sjå at eins eige stoff er blitt brukt på denne måten som det verker som Gundersen har gjort, må opplevast som eit overtramp.

Trekt frå marknaden. Det er så alvorleg at Gyldendal har trekt alle Gundersens tre bøker frå marknaden. Kari Marstein, sjefredaktør for norsk skjønnlitteratur i Gyldendal, seier at forlaget er blitt gjort merksam på fleire tilfelle av likskap mellom Eirin Gundersens dikting og andre forfattarars verk.

«En rask sjekk har bekreftet disse likhetene, noe som førte til at vi umiddelbart trakk bøkene hennes fra markedet. Vi vil nå gå gjennom hele Gundersens forfatterskap for å få oversikt over det totale omfanget,» skriv Marstein i ein mail til oss.

Tillit. Å kunne kontrollere alle bøker som blir gitt ut, er ikkje muleg for verken redaktørar, lesarar eller kritikarar. Men vi må tru på at det er forfattarens eige verk vi les, og at forlaget har gjort ein grundig redaksjonell jobb med teksten. Derfor handlar ein sak som dette òg om tillit, både til forfattaren og til forlaget som gir ut bøkene.

Vi håper dette blir ordna opp i, og at Eirin Gundersen kan forklare kva for praksis ho har med sin poesi og si skriving.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere