Verdidebatt

Snu behovs-pyramiden på hovudet

Når Jesus seier «Søk først Guds rike», og deretter plasserer «alt det andre» som noko sekundært, kva meiner han då?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Amerikanaren ­Abraham Maslow var ein av 1900-talets mest ­populære psykologar. Med sin lett forståelege triangulære modell av menneske-
lege behov, har han påverka ­generasjonar til å sjå behova våre som ulike nivå som byggjer på ­kvarandre, der dei grunn­leggande (til ­dømes ­fysiologiske behov) må vera innfridde før ein avanserer i utvikling og ­møter meir avanserte behov, som ­kognitive eller ­estetiske.

Modellen har også ført ­tallause studentar inn i ein svært sekulær tankegang. Humanisten Maslow rydda nemleg mest plass til dei fysiologiske ­behova i ­modellen sin; her vert mennesket til eit ­rasjonelt dyr kjempande ­oppover mot eit stadig ­høgare eksistensnivå – med sjølv-
realisering som det absolutte toppunkt.

Akseptera gjengs tenking

Det er mange grunnar til å gje Maslow motstand, kanskje ­særleg frå kristent hald. ­Modellen kan verka vasstett og mange kristne føler uansett ofte dei berre må akseptera slik gjengs tenking, og prøva å tilpassa trua etter beste evne. Men dette er ei undervurdering av kallet om faktisk å komma med «godt nytt» – ein ny ­tankegang og ein ny visjon for liv og 
fellesskap.

I staden for å imøtegå Maslows framstilling av menneske­livet som ein stadig kamp for å ­dekka eigne behov, kan ein høyra både prestar og predikantar påstå at det ikkje nyttar å forkynna før basalbehova er dekte. Jesu svært utfordrande lære om kva som faktisk er det basale i menneske­livet, vert gjerne dempa ned.

Men Bibelen og kyrkja vitnar om at mange faktisk ofrar ­såkalla grunnleggande behov for noko som viser seg å s­tikka endå djupare. Vi står rett og slett overfor ei under­kommunisering av at mange risikerer både tryggleik og velferd – ja også sjølvrealiseringa – fordi noko er viktigare.

Russisk pilegrim

Den ­åndelege litterære ­klassikaren En russisk pilegrims ber­etning er forteljinga om den gåtefulle ­pilegrimen som litt etter ­midten av 1850-talet vandrar kring i Russland på leit etter råd for sitt åndelege liv. Den ­fattige mannen eig berre det han står og går i, litt brød og ein bibel. Når han undervegs blir 
motteken av ein gjestmild ­klosterforstandar som vil t­raktera sin svoltne bror, gir han eit tankevekkande svar: «jeg har ikke behov for føde, men ­beder om at I vil give mig ­åndelig ­vejledning om, hvordan jeg kan frelse min sjæl.» Livsfjernt?­ ­Fortrenging av dei ­«eigentlege» behova? Eller djup innsikt i Jesu ord om å søka Guds rike først og at brød åleine ikkje gir 
liv?

Fallande dåpstal

Er det slik at også kristne har blitt så vane med å tenkja ut frå ein behovs­hierarkisk logikk at vi først ­tenkjer at vi har noko å tilby når «det andre» er på plass? Det er berre så altfor defensivt. ­Dessutan: Hadde Maslow hatt rett, og ein tilpassar ­modellen hans til å inkludera åndelege ­behov øvst i modellen, s­kulle Noreg vore eit område med vekst på det åndelege feltet. I staden ser vi at dei seinare års velstandsutvikling i staden har sekularisering som ­parallell. Vi kan til dømes lesa det av i ­dramatisk fallande dåpstal: frå 81,4 prosent av alle fødde i 
2001 til 55,3 prosent 15 år ­seinare.

Vi vert neppe opnare for tru når alle såkalla grunn­leggande ­behov er tilfreds­stilte. Vi vert ­truleg heller ikkje ­automatisk meir kreative og ­estetisk o­rienterte. Kristne treng å oppdaga sprengkrafta i den bod­skapen vi sjølve er sette til å kommunisera til eit samfunn som ikkje treng meir av det same etter over 70 år med Maslow. Dei såkalla naturlege behova våre er slett ikkje alltid gode, og r­ommar ingen garanti for at vi avanserer oppover i eit utviklings­hierarki. Behova våre kan like gjerne ­halda oss som slavar av driftene våre mens vi trur vi er frie.

Den menneskelege viljen med si evne til å ramma inn ­driftene og stilla spørsmål ved kva vi eigentleg treng er ­derimot eit adelsmerke. Og: snu ­gjerne ­gamle Maslow på hovudet 
– ved behov.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt