Mai Lene Fløysvik Hæåk

Kommentator i Vårt Land
41

Om alle tre var like

Å plassere bøkene feil veg i bokhylla, er ikkje berre rart. Det er òg eit symptom på tida me lever i.

Publisert: 25. jan 2019

9 . januar kunne NRK melde om ein ny interiørtrend: No er det «in» å ha bøkene feil veg i bokhylla. Ein skulle jo tru at til og med i eit stadig meir splitta og fragmenttert samfunn at me i alle fall kunne einast om noko, som til dømes at bøkene skal stå med ryggen ut. Men nei, til og med det kan skape debatt og usemje.

Forfengeleg. «Kulturelle rennesteinsmennesker» var det lite flatterande stempelet Anne B. Ragde gav dei som følgjer trenden. Sjølv syntest eg det freista å sitere Henrik Wergeland då han skreiv om redaktøren i den tidlegare avisa Den Constitutionelle at han var «plaget av en utskeiende forfengelighet». For ikkje berre er det direkte ulogisk at ein ikkje skal kunne sjå omslaget på bøkene i bokhylla, men det vitnar òg om eit ønske om at alt skal vere så stilreint og harmonisk at det grensar til det forfengelege.

Kanskje overdreiv me reaksjonane på trenden litt i forhold til kor utbreidd det eigentleg er. Eg er ikkje nokon stor fan, men kva gjer det meg om nokre få legg ryggen på boka inn mot veggen? Truleg har det ikkje noko å seie for livet eg lever eller livet til alle andre som reagerte på nyheita.

På den andre sida, kanskje me burde bry oss. For er ikkje dette berre enno ein måte å viske ut oss sjølv og noko av det ekte og personlege til fordel for det estetiske og reine? Som eit eksperiment medan eg skreiv denne teksten valde eg å snu nokre av bøkene i mi eiga bokhylle, berre for å kunne ha eit inntrykk av korleis det ser ut. Konklusjonen er at det ser meir stilreint ut enn før, men kor har det blitt av meg?

Instagram. Å plassere bøker feil veg i bokhylla handlar ikkje berre om bøker og bokhyller. Det handlar djupast sett om kor det blir av oss i alt mylderet. For nokre månadar sidan vart eg klar over at nokre personar er så opptekne av korleis Instagram-kontoen deira ser ut at dei får alle bilete som ligg etter kvarandre til å gå i same fargetone, same filter og same temperatur. Det er som å trykke seg inn på eit utstillingsvindauge. Heilskapen er der, men det er lite sjel i det perfekte glansbiletet som blir vist fram.

Første verset av eit av mine favorittdikt er skrive av Jan Magnus Bruheim og går slik:

«Om alle tre var like,

og alle blomar blå,

og alle fuglar svarte,

og alle dyra grå,

det trur eg ville gjera

oss meir enn vondt å sjå».

Identitetslaust. Desse orda tenkte eg på då eg las om bøkene som no skal stå feil veg i bokhylla. Skal me verkeleg byrje å lage eigen heim om til eit identitetslaust utstillingsvindauge? Kanskje er grønt og grått den nye fargekombinasjonen «alle» burde bruke på kjøkkenet, men tenk så keisamt å berre besøke folk med grøne og grå kjøken. Kanskje er detaljar i gull ein trend i 2019 (kva veit eg?), men det ville gjort oss meir enn vondt å sjå om alle skulle hatt detaljar i gull for å kunne passe inn i det nye året.

Ikkje minst, tenk om alle stover med ei bokhylle berre skulle vere papirfarga statuer som glir inn i interiøret brukt i resten av stova fordi omslaget på Flink pike av Gillian Flynn ikkje passar saman med salongbordet. Måten me innreiar heimane våre på handlar ikkje berre om kva som er siste skrik. Det viktigaste burde jo vere at den staden me reiser frå på morgonen, kjem heim til etter jobb, kanskje skal oppdra barn i eller leve saman med kjærast eller ektefelle i skal kjennast som ein heim.

Vanlege heimar. Forslaget til bustadsstylist Carolina Ljung vart møtt med himlande auge, vitsar, vantru og latter. Det er enkelt å herse med, enkelt å gjere narr av, men kanskje vanskeleg å ta eit steg tilbake og sjå at det handlar ikkje berre om å lese bøker og betydinga av å lese dei framfor å bruke dei som interiør. Det er like mykje eit spørsmål om korleis me vil vise oss fram til andre. Er lukka i livet å ha ein perfekt bustad med stilreint, estetisk interiør og bøkene bak fram? Er lukka i livet å ha ein Instagram-feed med gjennomgåande blå og kalde filter og mange tusen likes?

For nokre er kanskje interiør ein så stor del av livet at å ha eit trendy hus bidreg til å vise fram identiteten deira. Men for mange av oss treng ikkje TV-benken og stovebordet vere laga i same tretype, Instagram treng ikkje vere fylt opp av planlagde, fargekoda bilete og bøkene treng i alle fall ikkje å stå feil veg i bokhylla. Tvert i mot må me hylle vanlege, personlege heimar med sjel, varme og godt lesestoff.


Denne kommtaren vart  publisert i Vårt Lands papiravis 25. januar 2018

Bilete: Evelyn Pecori

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere