Verdidebatt

STORE SKO - småe spor

KrF går inn i regjeringa, og ein ny regjeringsplattform er blitt til. «Den nye plattformen er bedre for Frp enn Jeløya-plattformen», seier Siv Jensen. Det er dårleg nytt for nesten min, dei svake i samfunnet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

KrF går inn i regjeringa, og ein ny regjeringsplattform er blitt til.  «Den nye plattformen er bedre for Frp enn Jeløya-plattformen», seier Siv Jensen.

Det er dårleg nytt for nesten min, dei svake i samfunnet, dei som under denne regjeringa er fråtekne tenester og støtteordningar som vart til for å skapa likeverd i samfunnet.  Og det er dårleg nytt for dei som flyktar frå livsfarlege tilhøve pga krig, overgrep eller klimaendringar som m.a. skjer pga vårt levesett, og lever under svært uverdige forhold.  Frp kan feira sigeren med to ekstra flasker vin frå tax-free-butikken.

5. november, 2016 sa KrFs landsstyre:  «Med respekt for de politiske forskjellene er et regjeringssamarbeid med FrP ikke aktuelt.» Dette er det einaste absoluttet i vedtaket, og gjeld inneverande Stortings-periode. Det var eit ankerfeste. Torsdag 17. januar, 2019, var brotet på denne lovnaden eit faktum etter ein uverdig prosess.  Ankerkjettingen rauk.

Etter KrFs landsmøte 2. november, 2018 sa Kjell Ingolf Ropstad at «vi må få betydelig gjennomslag i abortspørsmålet for å gå inn i regjering.»  Det skjedde ikkje.  Det viktigaste resultatet av å løfta abortspørsmålet i samband med retningsvalet er at frontane i saka på nytt er synleggjorte og skjerpa.  Det er ein dårleg strategi for å koma vidare i ei så viktig sak. Difor er regjeringsplattformen også dårleg nytt for dei som kunne blitt fødde og tekne vare på i eit samfunn prega av solidaritet og omsorg for dei svake.  

Det viktigaste er kva dette får å seia for dei som treng politikk mest av alle, dei som er avhengige av at fellesskapet tek seg av dei, både innanfor og utanfor landegrensene.  Då hjelper det lite å gje skattelette til dei rikaste og auka skilnadane i samfunnet.

Der er fotavtrykk av KrF i regjeringserklæringa, men det samsvarar ikkje på langt nær med det som vart førespegla.  Retningen peikar mot eit landskap som KrF ikkje høyrer heime i.  For den store skilnaden er landskapet desse fotavtrykka kjem i.

Av og til opplever me at små føter set store spor.  I dette høvet må me snu uttrykket og seia at store sko har sett småe spor.

På denne bakgrunnen har eg med sorg kome fram til å melda meg ut av det partiet som alltid har vore mitt parti.

                                                                                  GunnarKartveit
                                                                       -Styremedl i Alver KrF fram til no -

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt