Per Steinar Runde

211

Sjuk islamsk og vestleg kultur

Verken islamsk valdsideologi eller vestleg undergangsideologi er noko å byggje eit samfunn på.

Publisert: 17. jan 2019

Eg har slutta med nyttårsforsett, men tenkte likevel at eg i 2019 iallfall ikkje skulle kaste bort tid ved å skrive innlegg på Verdidebatt eller noko anna nettforum. Men så var eg lettsindig nok til å lese "En bærekratig befolkning" av Hanne Linn Skogvang, som hadde fått æresplassen øvst på sida. Då venta eg nokre gode argument, men las i staden dette: 

"Dersom statsministeren er så bekymret for at vi om få år vil mangle  skattebetalere, hvorfor ikke la de mindreårige asylsøkerne få bli, eller  ta i mot flere fra flyktningleirene på Lesvos – særlig nå som  rapportene derfra blir stadig dystrere?"

Det kan sjå ut som om Skogvang ikkje veit noko om arbeidshistorikken til innvandrarar frå muslimske land, trass fleire forskingsrapportar frå Frischsenteret og frå dei to Brochmann-utvala; sjå her og her. Asylsøkjarar har generelt belasta offentlege budsjett for mange millionar meir enn det dei tilfører samfunnet i form av arbeidskraft og innbetalt skatt. Det er sjølvsagt ikkje mangel på barn i verda, men å velje barnløyse for oss relativt få nordmenn og importere nye generasjonar frå utlandet, må vere toppen av defaitisme, eller kanskje heller så langt ned ein kan søkkje i depresjon over dystopisk framtid. Det hjelper sjølvsagt ikkje at vi alt ser eksempel på dette i mindre målestokk, her i form av ei 34 år gammal tibarnsmor frå Somalia. Det er dessutan feil at Amundsen foreslår forskjellig nivå av barnetrygd, avhengig av om foreldra er innvandrarar eller ei, slik ho skriv:

"Det går kaldt nedover ryggen min når jeg leser Amundsens uttalelser til  TV 2 om å differensiere i barnetrygden etter et visst antall barn i  frykt for innvandrerfamilier med «stor fødselsproduksjon» (11.01.19).  Noen er likere enn andre."

Men innvandring frå valdskulturar er ikkje berre eit trugsmål mot velferdsstaten, men direkte mot liv, helse og eigedom. Det hadde eg alt skrive eit innlegg om, som eg postar her (frå neste avsnitt). Men poenget mitt er like mykje at heller ikkje ein vestleg kultur som ikkje vil setje nok barn til verda, er berekraftig. Derfor må vi snarast mogleg vende attende til gamle dygder og sunn framtidstru. Det er vel også poenget til Houellebecq, som held fram ein spegel for oss, slik at vi kan sjå kvar vi er på veg og derfor snu i tide.

Dei grufulle morda som nyst skjedde nær Marrakech, er uttrykk for ein sjuk og farleg versjon av islam. Tusenvis av andre europearar har siste åra blitt overfalle, valdtekne eller drepne jamvel i sine eigne heimland av innvandrarar med liknande kultur eller ideologi.

Men FN-avtalen om vedvarande innvandring, underskriven nettopp i Marrakech, er også uttrykk for ein lumsk tankegang, sidan multikultur blir presentert som eit gode, trass i at den overalt og til alle tider berre har ført til konflikt og krig. For enten ein ser vondskap som utslag av syndefall, psykologisk aggressivitet eller dyrisk forsvar av revir, føde og flokk, så verken er eller blir menneska tvers gjennom usjølviske og gode; ikkje i Afrika eller Asia og heller ikkje i Europa. Då er det best og tryggast å ta omsyn til slike realitetar.

Ingenting er likevel så sært og sjukt som sjølvskading. Der har vår eigen sekulære og nyliberale kultur sett verdsrekord med 0,7 millionar provoserte abortar siste femti åra berre i Noreg. Innvandring av éin million frå andre land har i same tidsrom bidrege til stor utskifting av befolkninga. Gjort er gjort, men treng vi halde fram i aukande tempo med å erstatte eigne etterkomarar med folk frå fjerne land?

Frå midt på 70-talet til no har fertilitetsraten (TFR) kvart einaste år vore så låg at dei nye generasjonane ikkje fullt ut erstattar dei gamle. I 2017 var TFR rekordlåg, på 1,62, eit problem som statsminister Solberg tok opp i nyttårstalen sin. NRK intervjua nyst fire kvinner i 20- og 30-åra som fortalde kvifor dei ikkje ville ha barn no, eller ikkje i det heile. Ei slik haldning skal vi ikkje først og fremst leggje dei til last. Ho speglar berre den individualistiske, sjølvdyrkande, nyliberale kulturen, som ikkje er liv laga, slik sosiologen Sigurd Skirbekk hevda alt i 1999, nettopp pga sviktande biologisk og verdimessig reproduksjon. Utviklinga har gitt han rett.

Ansvaret for denne kombinasjonen av indre og ytre trugsmål ligg på den kulturelle, akademiske og politiske eliten, som i eit par generasjonar har fått setje sitt preg på folket. Det er på høg tid at vi får betre leiarar, optimistisk framtidstru og sunn sjølvkjensle på vegne av det norske folk. 

7 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
20 dager siden / 3303 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
26 dager siden / 2425 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
14 dager siden / 2362 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
28 dager siden / 2355 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
14 dager siden / 1812 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
11 dager siden / 1641 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
27 dager siden / 1494 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
8 dager siden / 1393 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere