Verdidebatt

Abortspørsmålet med innestemme

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er mellom dei som meiner at abortspørsmålet aldri burde ha vore ei sak i regjeringsforhandling­ane. Ikkje fordi abort ikkje er ei ­viktig sak, men fordi så snart ­ordet abort blir nemnt, går ­politikarane i skyttargravene, blir blinde og døve for motargument og skyt på ­kvarandre med kanonar.

Dette skjer både mellom dei som vil ha endringar i abortlova og mellom dei som ikkje vil endra ein tøddel. Ingen har gjort denne påstanden tydelegare enn det Unge Venstre-leiaren Sondre Hansmark gjer i Vårt Land 7. januar. Han vil ikkje prøva å forstå at nokon kan sjå på fosterreduksjon som eit etisk problem. «Det vil være døden for enhver regjering å stramme inn på abortloven,» og «det vil ta seg ­ekstremt dårlig ut for et liberalt parti som Venstre å sikre flertall for å forby fosterreduksjon.»

Om sine eigne partifeller som har moralske kvaler, seier han at dei «må gjerne snakke om moralske kvaler,» men det er nyttelaust, for partiet kan «ikke gå med på dette under noen omstendigheter.»

Eg er venstremedlem og har vore det i godt over femti år. Abortlova vår ser eg på som ei god lov som vi skal hegna om, men i likskap med andre lover trur eg ikkje ho er så lytefri at ho ikkje kan bli ­betre. Då bør det vera eit folkekrav, og ikkje ei tvangsendring. Likevel ­skuffar Hansmark meg stort når han ­berre ser på dette som eit «liberalt» spørsmål utan å sjå på etiske problem. Sjølv er eg tvilling. Eg er dessutan fødd med ei mindre funksjonshemming. I så måte ville eg ha vore i faresona i dag, og eg må vedgå at eg kjenner det sårande når eg ser korleis UV-leiaren uttalar seg. Eg føler at menneskeverdet mitt blir trakka på. Mitt liv er meir verdt enn kappløpet om kven som er mest liberal.

Eg held fram med å vera venstre­medlem. Det gjer eg ­fordi venstre­gruppa på Stortinget har gode ­sosialliberale ­medlemmer. Eg ­skulle ønskja at dei ville ­fortelja ­UV-leiaren noko om ­skilnaden ­mellom sosialliberalisme og ­ekstremliberalisme. I sosialliberalismen er ordet menneskeverd sjølve kjerneordet.

I Suldal, der eg bur, har vi ein knakande god prest. I ei gudsteneste før jul var han inne på spørsmåla om skilsmisse og om homofili. Han sa då at det ville vera klokt om ein kunne tala om desse spørsmåla med «innestemme». Det trur eg vil vera klokt også når det gjeld abortspørsmåla.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt