Spaltist Emil André Erstad

Pessismismen er nyttelaus

Det er enkelt å fortelle sørgelege historier om veksande utfordringar for menneskerettane i verda. Det er langt meir nytte å finne i verktøy som kan løyse utfordringane.

Publisert: 9. jan 2019

Det er lett å bli motlaus på veg inn i det nye året. Demokrati og menneskerettar er under press i store delar av verda. Det er lett å sjå seg blind på elendigheita. Det kan derfor vere meir nyttig å sjå på nokre lysglimt frå året som var:

– I Malaysia vart dødsstraff avskaffa. Det er ein trend vi ser i store delar av verda at denne menneskerettsfiendtlege ordninga vert stadig meir stigmatisert.

– I India vart homofili avkriminalisert. Det er mange ting som går i feil retning i India, men akkurat dette er eit viktig steg i riktig retning.

– I Armenia såg vi ein revolusjon utan vald som førte til frie val. Valfusk og korrupsjon er erstatta av framtidsoptimisme.

– Stadig fleire land forbyr å produsere bomber som spreier ein sverm av mindre bomber over eit stort område, såkalla klasebomber. Det er derfor blitt dårleg business.

– I Usbekistan såg vi korleis det brutale diktaturet – ein av verstingane når det gjeld bruk av tortur, mangel på pressefridom og sensur – har tatt viktige skritt i retning av reformer. For eksempel har delar av barnearbeidet i landet blitt avskaffa.

– I Etiopia ser vi korleis landet har tatt store demokratiske framsteg i 2018, med lauslating av politiske fangar, oppheving av unntakstilstand og planlegging av endre grunnlova for å innføre tidsavgrensingar for kor lenge ein statsminister kan sitte.

Les også: Disse etiske debattene vil prege 2019

Nitid arbeid.

Felles for desse gladsakene er at ingen av dei har kome av seg sjølv. Det er resultat av nitid arbeid over mange år. Det er ikkje slik at positive endringar kjem av seg sjølv. Dei kjem heller ikkje av at vi lar pessimismen ta over. Endringar til det gode for menneskerettar og demokrati kjem berre viss vi fokuserer på korleis vi kan styrke desse rettane.

Det er mange måtar å sjå menneskerettskampen på.

Vi kan tenke at menneskerettar er noko som kjem seinare, og at folk berre må akseptere å leve med menneskerettsbrot så lenge dei opplever økonomisk utvikling. Dette er ein utbreidd tanke både i og om Kina.

Eller så kan vi tenke at menneskerettar er universelle, ukrenkelege og absolutte, og derfor skal gjelde for alle menneske til alle tider. At det berre handlar om å finne metodane, verktøya og ideane som kan styrke menneskerettane. Det er den tankegangen eg og mange andre jobbar etter.

Eg trur det er den vi bør bruke mest tid på – også i år.

Slepp unna. 

I 2019 er det tydeleg at vi framleis manglar viktige verktøy i kampen for å stanse menneskerettsbrot. Det er framleis for lett for menneskerettsforbrytarar i mange land å sleppe unna utan straff og ansvar. Her har vi framleis eit stort arbeid å gjere i mange år framover.

For kva skjer eigentleg med dei personane som er ansvarlege for særs grove brot på menneskerettane? I mange tilfelle skjer det lite. Dette er personar ansvarlege for tortur, forsvinningar, utanomrettslege avrettingar, valdtekt, slaveri eller menneskehandel. I mange tilfelle kan personar som er ansvarlege for slikt framleis reise fritt i mange land. Dei kan ha bankkontoar, eigedom og andre gode i mange land utanfor heimlandet.

Les også: USA og Israel har forlatt UNESCO

Strenge sanksjonar. 

Det er mange gode grunnar til at slike menneske bør leggast under strenge sanksjonar. Derfor er det verd å nemne ein annan god nyheit frå 2018, då EUs ministerråd 10. desember vedtok eit nederlandsk forslag om å etablere ei EU-ordning for menneskerettssanksjonar.

Menneskerettssanksjonar er eit slikt godt verktøy som trengs i kampen mot undertrykking. Det er snakk om sanksjonar som berre vil ramme personar som ikkje er blitt gjort ansvarlege for sine overgrep, det vil vere snakk om ei global ordning, som ikkje er retta mot nokon stat eller sivilbefolkning.

USA, Canada, dei baltiske landa og Storbritannia har allereie slike ordningar. Norge har det ikkje.

Kanskje kan vi håpe at når vi skriv oppsummeringa om 2019, så er eit av punkta at Norge vil innføre ei ordning med menneskerettssanksjonar? Eg håpar det.

Les også: I løpet av seks års tid vil India gå forbi Kina i folketall og bli verdens mest folkerike land. 

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere