Magne Bjørndal

2

Kyrkja ekskluderer ­synshemma medarbeidarar

Viss Den norske kyrkja ønskjer mangfald blant ­medarbeidarane sine, må tilhøva leggjast til rette. For synshemma tilsette går det feil veg.

Publisert: 9. jan 2019  /  530 visninger.

Gjennom snart tretti år har eg arbeidd som prest i Den norske ­kyrkja. Det kan vera krevjande, men er i det store og heile eit privilegium: Eg får brukt meg sjølv på ulike måtar, og ­møter mange slags ­menneske. Stort sett har kyrkja vore ein god arbeidsplass. I dei tilfella det har vore nødvendig å ta spesielle omsyn til at eg er blind, har dette for det meste vorte følgd opp på ein god måte.

På eitt område sviktar det ­likevel stadig. Det gjeld inn­føring av dataverkty som eg er ­avhengig av, for å få gjort ­jobben min. Det kan handla om kalender­program, utfylling av reiserekningar og timeregistrering. Gong på gong viser det seg at slike løysingar er ubrukelege for meg. Ting eg fint kunne ha gjort sjølv, må andre gjera for meg.

Steg bakover. 

Det toppa seg hausten 2018, då kontor­fellesskapet der eg arbeider bytte til Kirkepartner som data­leverandør. Dette selskapet er eigd av kyrkjelege aktørar, og ein skulle tru at der låg alle dei fine orda om kyrkja som open og inkluderande fremst i panne­brasken. I praksis er det ikkje slik, viser det seg.

Ei stund såg det ut til at eg ikkje eingong ville få tilgang til e-post på Kirkepartner sitt system. Så gale gjekk det heldigvis ikkje, men den løysinga eg så langt har endt opp med er eit langt steg bakover jamført med den eg brukte tidlegare.

Parallelt med overgangen til Kirkepartner, har eg lese Jeg ­lever et liv som ligner deres av Jan Grue. Røynslene hans som rullestolbrukar er heilt andre enn mine som blind, men mykje av det han skriv om kan eg likevel kjenna meg att i. Eit eksempel er når han skriv at kampen han kjempar ikkje er mot kroppen sin – den er som den er. Kampen er mot samfunnet rundt – bygningar som ikkje er tilgjengelege, eit byråkrati som trenerer og krev meir dokumentasjon, eller rotar vekk saka di. Blind har eg vore frå fødselen, og det lever eg greitt med. Men det er frustrerande å stadig måtta slåss for tilgang til ting som burde vore sjølvsagt. Eg møter ikkje vrangvilje og motstand, men velvilje og forståing. Det er bra, men det rekk likevel ikkje langt nok, så lenge det ikkje følgjer handling med.

Trinnfri tilkomst. 

Før ein får reisa eit nytt offentleg bygg, vert det stilt krav til at rullestol­brukaren kjem seg inn. Det skal vera trinnfri tilkomst, breie nok dører og så bortetter. Like ­naturleg burde det vera å s­tilla krav til at ei dataløysing som skal innførast kan brukast med tale­syntese og leselist for punktskrift. Det finst unnatak, men i dei fleste tilfelle går det an å ­finna løysingar som kan brukast av alle, når ein berre tenkjer på det frå starten av.

Eg veit ikkje heilt kva som ­eksakt skal til, for at eg skal få betre tilgang til Kirkepartner sine løysingar enn eg har no. Truleg er den beste måten å finna det ut på at folk med teknisk ­kompetanse hjå Kirkepartner stikk hovuda sine saman med folk som kan skjermlesarar og universell ­utforming. Slike folk finst, og eg har fleire gonger fortalt Kirkepartner kvar dei er.

Dette temaet har òg ei ­juridisk side, som ikkje er godt nok ­ivareteken: Det vert stilt krav om at app-ar og nettsider som skal kunna brukast av alle, skal vera universelt utforma. I siste instans kunne det vanka bot, viss kyrkja sine nettsider ikkje var tilgjengelege med talesyntese, leselist og forstørring. Noko tilsvarande krav finst ikkje til programvare som arbeidstakarar er avhengige av. Dette bør koma på plass!

Nokså sært. 

Nokre hugsar kanskje figuren «Sture ­Hansen» frå NRK-programmet Hallo i uken for nokre år sidan. Han underteikna alltid innlegga sine «på vegne av vanvittig mange». Det kan ikkje eg gjera. Det er ei nokså sær problemstilling eg tek opp, men eg er ikkje den einaste som er råka av den. Me er ­fleire synshemma arbeidstakarar i Den norske kyrkja som slit med akkurat det same, og ­manglande tilgjenge til dataprogram er eit problem mange stader, ikkje minst i ­offentleg sektor.

Viss honnørorda om ei inkluderande kyrkje skal vera tru­verdige, kan kyrkja kanskje ­starta med å ikkje ekskludera sine eigne tilsette?

4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Kristen gutt-syndromet
av
Merete Thomassen
rundt 1 måned siden / 2765 visninger
Uten Gud i Guds hus
av
Linn Stalsberg
12 dager siden / 2346 visninger
Den avgjørende barmhjertigheten
av
Ingebjørg Nesheim
11 dager siden / 2243 visninger
KrF svikter den kristne presse
av
Vårt Land
7 dager siden / 2130 visninger
Fløyene på Kirkemøtet
av
Vårt Land
21 dager siden / 2076 visninger
Kirkenes framtid
av
Berit Hustad Nilsen
5 dager siden / 1632 visninger
Unnfallenhet er ikke en dyd
av
Hilde Frafjord Johnson
11 dager siden / 1450 visninger
Når pressen svikter
av
Vårt Land
21 dager siden / 1428 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere