Verdidebatt

Rom for liding

Gir vi barna ei tru som kan romme lidinga? Eller presentere vi tru kun som tryggleik?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

November og desember er månader då den verdsvide kyrkja retter merksemda mot kristne som vert forfølgde for trua si, og det er også høgsesong for arrestasjonar av kristne mange stader. I eit land som Iran, er dermed inngangen til det nye året for mange kristne prega av opprivande utslag av eit regime som prøver å halda tru under streng kontroll.

Kontrast

Dette står i skarp kontrast til jule- og nyttårstid her heime, med fred og fryd og der fleire enn typiske salmeentusiastar stemmer i på «Deilig er jorden». Den lidande kyrkja stiller kvar og ein av oss overfor nokre sjølvransakande spørsmål. Dei har forgreiningar inn i vår eigne fredelege og velorganiserte kyrkje- og bedehusbenkar og brusande barnerefreng fylt opp av alt som er kjekt og trygt. For er det no eigentleg så trygt å tru?

Ein må gjerne ta den litt teoretiske tilnærminga: ut frå kristen tenking er ein faktisk trygg gjennom alt- uansett kva som skjer. Anten vi lever eller døyr, høyrer vi Herren til, lærer Bibelen oss. Eit slikt overordna perspektiv gjer det sjølvsagt ikkje mindre presserande å ta inn over oss lagnaden til dei som lir under fangenskap og overgrep på grunn av tru.

Ta ein som pastor Andrew Brunson, amerikanaren som i haust slapp ut frå tyrkisk fengsel etter dryge tre år som fange på grunn av den kristne trua si. Til magasinet Stefanus oppsummerer han det første året av fangenskapet som ei knusande oppleving. Endå han hadde ei realistisk forventing om kva trua kunne koma til å kosta han, og hadde budd seg på det. Etter det første året, endra ting seg rett nok, men det er der eg tenkjer: Kjenna seg knust for trua si i eit heilt år! Og så sona meir enn to år til! Kven er rusta for slikt?

Forfølging

Det er ofte milevis mellom vår heimlege trusformidling, som gjerne handlar om tryggleik og auka livskvalitet, og realitetane for den kyrkja som veks trass forfølging og fullstendig urimelege vilkår rundt i verda.

Gjennom mange år med barn i huset har det ofte slått meg at trusformidling til barn i våre samanhengar konsekvent skal ha muntre melodiar og fine framtidsutsikter.

Dette skildrar Hans J. Sagrusten treffande i boka si RIK bibelbruk (2018), der han stiller spørsmålet om vi gjennom trusopplæringa eigentleg gir barna våre nok for ei slitesterk tru? Det er dessutan ikkje berre til barna vi formidlar slik. Mykje av den kristne kulturen vår har noko av det same preget. Utsiktene til eit betre liv kan i praksis ofte bli sett på som eit viktigare argument for trua enn det klassiske filosofiske spørsmålet: Kva er Sant?

Eksistensielt

Den eksistensielle dimensjonen hamnar dermed i bakgrunnen. Høyrer det å lida for trua berre heime under andre himmelstrok? Er det berre noko for folk i andre kulturar? I så fall kan me jo berre halda fram som før og la trua vera ein del av den allmenne livsmeistringsbølgja som for tida rullar gjennom offentleg sektor. Å lida for trua vert først ei aktuell problemstilling om det er sanning det handlar om.

Dersom trua først og fremst er svaret på spørsmålet om kva som gjev meg eit betre liv, vert derimot den forfølgde kyrkja ein verke-
byll meir enn eit vitnesbyrd. Det heilt enkelt ikkje går i hop å påstå at trua her heime berre skal gjera livet trygt og fint for meg og mine næraste samtidig med at eg tek innover meg dei knusande konsekvensane den same trua får for menneske som den nemnde Brunson.

Vi skal verken idyllisera lidinga, eller ha dårleg samvit fordi vi er fødde i eit land som aksepterer trusfridom. Men vi treng å gjera meir for å ta innover oss lidinga.

Barna våre treng innblikk også i dette krevjande terrenget, både i solidaritet med dei som lid, og som eit teikn inn i vår velstandskultur som ofte både skyr og fryktar alle former for liding.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt