Verdidebatt

Kyrkjebesøk. Det gode, gamle treng fornying.

Det gode, gamle treng å fornyast. Også den gamle forpliktinga for ein truande til å samlast i Guds hus på kviledagen. Det er noko med å forkynne det tredje bodet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tron Hummelvoll  drøftar i Verdidebatt.no eit utruleg viktig tema for kyrkja vår.
«Fem kirkebesøk i året er mye, det!»
Ei fin overskrift. Matematikken hans er sikkert heilt rett når han har rekna ut at om alle kyrkjemedlemmer gjekk fem gonger i året til kyrkja i hans sokn, ville snittet vore 1300 i veka.
Eg synest eigentleg det er godt å dele ein draum: Gjev at det var slik! At alle gjekk til kyrkje fem gonger i året.
Det som er så leit i vår vakne tilstand, når vi ikkje drøymer, er at ingenting tyder på at det kan bli slik så langt vi kan sjå inn i framtida. Ikkje utan at Gud ved sin Heilage Ande gjer noko med folket vårt som vi berre kan be om.

Bispekandidat Anne Lise Ådnøy i Stavanger har sagt til Vårt Land: «- at det viktigste ikke er å opprettholde aktivitetsnivået, men å styrke troen til dem som kommer til kirken. Også dem som bare er der fem ganger i året.» (VL 20.12.18)
Ho skil mellom kyrkjeleg aktivisme og lågt frammøte til gudstenester; her er det sett til fem gonger i året.

Tenk om det var ein veg ein stad der ute, som kyrkja kunne slå inn på i følgje med så mange at det faktisk vart fulle kyrkjer, gjerne også eit høgt aktivitetsnivå, i tillegg til høgt gudstenesteframmøte!

Vi er mange som drøymer no ved inngangen til det nye året.
For nokre drøymarar kan statistikkarbeidet som skal gjerast den komande månaden gli over i det som meir er mareritt. For vi er redde for nedgang i tala vi så gjerne vil skal vere høge.

Eg er ikkje redd. Men eg er spent. Spent på statistikktal for 2018 i det prostiet eg leier.
Eg trur det vil kome tal som mange ville juble over.
Frå andre vil det kome tal som ein slett ikkje likar. Nokre tal vil kanskje vere til å gråte over.

Eg trur, og forventar, at det domprost Anne Lise Ådnøy peikar på, vil vere ein nøkkel når statistikk og tal etter kvart skal bearbeidast og tolkast. Eg trur at der tala er til juble over, det er der kyrkja ved sine tilsette og friviljuge medarbeidarar har lukkast i «å styrke troen til dem som kommer i kirken.»

Skal vi i få det til, må kyrkja sine tenarar søkje endå tettare til kyrkja sin Herre for å få tilgang til det dei skal gje til kyrkjelyden slik at trua kan vekse.

Det handlar om forkynning som har breidde i sine tema, men som samstundes er fast forankra i klassisk bibelsk teologi.
Det handlar om truverdig diakoni, grunnfesta i eit ynskje om å bere kristen omsorg ut til medmenneske.
Det handlar om trusopplæring og konfirmantarbeid som gjev kunnskap om, og kjennskap til, Jesus for ei oppveksande slekt som er farleg nær kristen analfabetisme.
Det handlar om eit gudstenesteliv med levande liturgi under trygg musikalsk leiing.
Endeleg handlar det om ei kyrkje som er ein truverdig samtale- og dialogpartnar i møte med dei som trur og tenkjer annleis enn vi sjølve gjer.

Ingen ting av dette er nytt.
Men det gode, gamle treng å fornyast.
Også den gamle forpliktinga for ein truande til å samlast i Guds hus på kviledagen.
Det er noko med å forkynne det tredje bodet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt