Leder

Viktig arbeidmot kreft

Kreftforeningen jobbar både for framskritt i kreftbehandlinga og for at kvar enkelt pasient skal kjenne seg sett.

Nyleg gjekk kreftsjukdom til topps på den lite hygge­lege lista over dødsårsaker i Noreg. I fjor døydde for første gong fleire nordmenn av kreft enn av hjarte- og karsjukdommar, ifølgje tal frå Folke­helseinstituttet. Det såkalla Dødsårsaksregisteret går attende til 1951.

Listeplasseringa er i hovudsak eit resultat av at færre døyr av hjarte- og karsjukdommar enn tidlegare. Likevel er kreft ein sjukdom som mange er redde for å få, som mange får, og som også kan ramme blindt. Ofte kan det gå relativt kort tid frå diagnose til dødsfall. I går kom meldinga om at forfattaren Klaus Hagerup er død av kreft, han hadde visst om sjukdommen i litt over eit år. Nyleg var det ein annan forfattar, Vera Micaelsen, som døydde av kreftsjukdom. Ho blei først kvitt livmorshalskreften etter strålebehandling, før kreften kom tilbake igjen i fjor.

Forskarar over heile verda jobbar med å løyse kreftgåta og finne nye måtar å kurere kreft på. I år gjekk nobelprisen i medisin til James P. Allison og ­Tasuku Honjo, for arbeidet deira med kreftbehandling gjennom immunterapi. Dette er ein nokså ny metode som nyttar immunforsvaret i kroppen til å ta livet av kreftceller. I tidsskriftet Science blei ­immunterapi for fem år sidan kalla for årets gjennombrot.

Immunterapi er ikkje berre eit godt alternativ ved sidan av stråling, cellegift og kirurgi, men ein regelrett revolusjon innan kreftbehandlinga. Å kutte dei ­andre behandlingsformene er likevel ikkje aktuelt på ­noverande tidspunkt – best resultat gir gjerne ein kombinasjon av dei ulike metodane.

Å få ein kreftdiagnose er for mange nært knytt til å få grunnen riven bort under føtene. Blandinga av håp og nye nedslåande resultat kan vere tung å bere. I vår tid har vi likevel ein fordel i at det er lettare å snakke om døden enn før. Noregs kanskje mest kjente kreftpasient, no avdøde Per Fugelli, har gjort sitt for å bidra til det.

Dei som har gjort endå meir enn Fugelli, er Kreftforeningen, som fyller 80 år i år. I kveld feirar dei jubileet med ei direktesendt TV-sending frå Akershus Festning. Kreftforeningen jobbar både for framskritt i kreftbehandlinga og for at kvar enkelt pasient skal kjenne seg sett. Begge deler er like viktig. Vi ønskjer Kreftforeningen lykke til med arbeidet vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder