Per Steinar Runde

211

Grunnlaus kritikk frå Usman Rana

Usman Rana kjem med sterk kritikk av HRS og FrP. Problemet for han og Vårt Land, som kolporterer påstandane hans, er at ingen av dei er dokumenterte eller sanne.

Publisert: 19. des 2018  /  616 visninger.

Under overskrifta "Statsfinansiert hatblogg" kom lege og forfattar Mohammed Usman Rana for eit par dagar sidan med skarp kritikk av Hege Storhaug og Rita Karlsen i sin faste spalte i Vårt Land. Innlegget kom også på Verdidebatt 17. desember under vignetten "Lesetips" og med undertittelen "HRS truer våre felles verdier. Da bør de i det minste finansiere seg selv."

Usman Rana (UR) påstår m.a. at

- "FrP med nepp og klør kjempet for å tildele denne hatbloggen noen millioner kroner årlig

- FrP støtter HRS i tykt og tynt. Det vil si med skattebetalernes penger, noe FrP har besørget i mer enn et tiår

- HRS oppfordret lesere til å sende inn tilfeldige bilder av muslimer (UR meiner nok bilde av tilfeldige muslimar; min merknad)

-HRS trakasserer minoriteter, ønsker å redigere religiøse bøker og stenge gudshus

- hatbloggen til HRS fungerer som en inkubator for høyreradikale konspirasjonsteorier om Eurabia

- FrP og Hege Storhaug klekker ut antimuslimske og høyreradikale ideer i lag"

Ikkje på noko punkt kjem UR med dokumentasjon for dei grove påstandane sine. Men lat oss likevel sjå på dei og det han kanskje siktar til.

UR avslører først kor slurvete han er. FrP fekk i budsjettforhandlingane i realiteten gjennomslag for same støtte til HRS som i fjor, ikkje på "noen millioner", men på 1,85 mill kr. FrP kan umogleg ha "besørget (dette) i mer enn et tiår", for partiet har berre siste fem åra vore ein del av regjeringsplattforma og hatt innverknad på statsbudsjettet.

Det er mangt av det vi ønskjer "dit peparen gror" som vi skattebetalarane likevel må vere med på å finansiere. Den halvparten av folket som er kritisk til omfanget av innvandringa, må finne seg i at titals gonger større beløp går til organisasjonar som driv propaganda for nærast grenselaus innvandring. Vi må også støtte presse og kringkasting med mange milliardar, trass i at dei på viktige område meiner det motsette av oss. I tillegg kjem titals milliardar til korrupte leiarar i Asia og Afrika og endå meir til å finansiere ei innvandring vi er sterkt imot. 

Oppslaget som UR truleg siktar til med uttrykket "bilder av tilfeldige muslimer" stod på rights.no 1,10.2017 og hadde tittelen "Rights dokumenterer den kulturelle revolusjonen". Det kan vel vere at også folk i Pakistan ville reagert viss landet i løpet av halvannan generasjon hadde fått 21 millionar nye innbyggjarar (10%) med europeisk bakgrunn, og desse representerte nær halve befolkninga i Karachi, Lahore eller i hovudstaden Islamabad.

UR er ikkje åleine om slike usanningar. Her er Rita Karlsens svar til Minerva, illustrert med same bildet frå ein haldeplass på Tøyen der det står fire kvinner i fotside klede og med hovudplagg. Men bildet er teke på lang avstand, og ansikta til kvinnene er sladda. Då er dei like anonymiserte som om dei hadde brukt niqab eller burka, og bildet er såleis i pakt med islam av strengaste kleskodeks. 

Det mest iaugefallande nye med bybildet i Europa har absolutt med islam å gjere, nemleg betongelementa som omkransar hovud- og gågatene i alle hovudstadar og større byar etter terroråtak i m.a. Nice, Berlin og Stockholm. Så har dei då også på folkemunne fått det passande namnet "koranklossar".

Stenging av 'gudshus' (les: moskear) generelt er ikkje noko HRS tek til orde for eller har mynde til å gjennomføre. Men stenging av moskear der militant islam blir forkynt og rekruttering til terrororganisasjonar skjer, blir i dag effektuert av styresmaktene i fleire land, både i Europa og jamvel i somme muslimske

I takt med auka innvandring frå muslimske land skjer det sjølvsagt ei islamisering av Europa. Dette er ingen konspirasjonsteori, men eit reint faktum. HRS skal ha ros for m.a. å gje oss ei oversikt over alle dei 219 muslimske trussamfunna i Noreg, og vise eksempel på at kyrkjer og bedehus blir oppkjøpte, stundom på ein fordekt måte, og deretter omgjort til moskear.

Dessutan spørs det kor mange 'felles verdiar' det kulturelt kristne og sekulære Europa har med den muslimske verda, som kontinentet vårt prøvde å verje seg mot i 1100 år, etterfølgd av ein 200-årsperiode då vi var sterkast. Men innvandringa har vi blitt konfrontert med islam på nytt, slik Storhaug og einkvar med opne auga lett kan sjå. Noreg har vore spart for terror frå muslimsk hald på eigen grunn, men ikkje for islamistiske sjølvmordsbombarar eller terroristar, og då er ikkje dei manga Syria-fararane medrekna. Det finst sjølvsagt fleire element i islam og mange haldningar blant muslimar som kan representere ein trussel mot fred, fridom og folkestyre, også i vårt land. 

Pakistanske innvandrarar har åleine også stått for svindel i million- og megaklassen. Heilt frå den første rapporten frå Frischsenteret i 2003 til Brochmann II-rapporten i fjor har det også blitt grundig dokumentert at innvandring frå muslimske land vil underminere velferdsstaten, økonomisk sett.

Ein treng såleis ikkje ruge lenge på fakta for å "klekke ut antimuslimske ideer". Regimet i det sjiamuslimske kjernelandet Iran vart då også karakterisert som totalitært av historieprofessor Øystein Sørensen, og "Terrorens rike" er namnet vår tidlegare ambassadør har sett på sunnimuslimske Saudi-Arabia. Legg merke til at bokmeldaren på NRK er anonym! Sjølv der herskar "Fryktens makt". I Pew Research Center si liste over land med manglande trusfridom, er 19 av dei 25 verste landa muslimske. Kartet over generell fridom eller mangel på slik, ser ikkje stort annleis ut. For knapt to månader sidan skreiv tidlegare debattredaktør Morken denne artikkelen om forholda for kristne i Pakistan, med utgangspunkt i rettssaka mot Asia Bibi. Sjølv dommarar og embetsmenn som kritiserer blasfemilovene, risikerer å bli drepne. 

Hat er ei kjensle. Usman Rana veit sjølvsagt ingenting om kva Hege Storhaug eller andre føler. Som det går fram av dokumentasjonen ovanfor, finst det mange og gode grunnar for å vere kritisk til islam, særleg der religionen glir over i det ekstreme. Her kan ein trygt snakke om ein glideskala, for det finst ingen avgrunn som skil dei to. Men når UR brukar så sterke ord utan dekning i fakta, må det vere lov å spørje kva som er drivkrafta hans. Det er iallfall ikkje omsorg for sanninga.

16 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
8 dager siden / 5054 visninger
Fra utskudd til kraft?
av
Vårt Land
19 dager siden / 4758 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
8 dager siden / 2677 visninger
Bekreftet allerede
av
Joanna Bjerga
24 dager siden / 2320 visninger
Befri oss fra 1. mai
av
Ole Jakob Warlo
22 dager siden / 1802 visninger
Barns frihet til å velge
av
Berit Hustad Nilsen
9 dager siden / 1767 visninger
Bryllup med bismak
av
Trond Langen
3 dager siden / 1529 visninger
Hauge og Marx
av
Vårt Land
21 dager siden / 1527 visninger
Biskoper som blir realpolitikere
av
Espen Ottosen
14 dager siden / 1390 visninger
Taper-gutta
av
Vårt Land
13 dager siden / 1309 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere