Verdidebatt

Styrking av fødselspengar no!

Innspel til arbeidsgruppa som skal sjå på fødselstala i Norge.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Så flott at regjeringa endeleg ser at det er ei utfordring med lave fødselstal i Norge. Norges Kvinne og familieforbund har hatt det oppe mange ganger, men vorte avspist av helseminister Bent Høie med at vi krisemaksimerer det.

Nedlagte lokalsjukehus. 

Det kan vere mange grunner til at fødselstala går nedover, blant anna at mange lokalsjukehus har vorte nedlagt og erstatta med lokalmedisinske senter, då vert fødeavdelingane òg lagt ned, med dei utfordringer det medfører. Det er lang veg for mange fødande kvinner rundt omkring i landet. Infrastrukturen er ofte dårleg. Mange må bu aleine på sjukehotell i dager og veker før fødsel. Ein får jo ikkje støtte til at far kan vere med.

Liggetida på fødeavdelingane skal ned, og mange kommunar har ikkje nok ressursar til å fylgje opp den nybakte mora etter fødsel når ho vert raskt utskriven. Hjelp til amming og andre ting er ikkje ein sjølvfølgje lenger. Mange slit med fødselsdepresjon, og då er det viktig at hjelpa er raskt på plass.

Fødselsforberedande kurs. 

Ein har heller ikkje fødselsforberedande kurs i alle kommunar lenger, på 80- og 90-talet var dette vanleg.

Det er for lite midlar til fødsels- og barselstilbod rundt omkring. Dette er noko som må prioriterast.

Alle desse punkta som er nevnt over her gjev stor usikkerheit blant fødande- og barselkvinner. Så her er mange ting ein kan ta tak i.

I tillegg til dei punkta over her har vi barnetrygda som har vore uendra i 22 år. For mange er barnetrygda viktig. Den bør indeksregulerast.

Kontantstøtta er det mange foreldre som ynskjer å benytte seg av, den må vere så høg at ein kan velgje å vere heime eit ekstra år. For mange foreldre vert det feil å sende eittåringen i barnehagen, og dette eine året er det viktig at foreldra kan velgje sjølve.

Fødselspengar. 

Styrking av fødselspengar til dei som ikkje er i lønna arbeid. Det er ikkje alle som har fått seg ein jobb før ein får unger, og då er det viktig at dei får ei støtte så ein kan klare seg framover til ein får seg jobb.

Mange unge kjem seg ikkje inn på boligmarknaden i dag, dersom dei ikkje har foreldre som kan stille garanti for dei. Utan ein plass å bu, vert det vanskeleg å kunne fø på barn.

Altfor mykje midlertidige stillingar gjev usikkerheit blant ungdommen, og ein tør gjerne ikkje å få barn. Gjev ungdommen faste stillinger så dei får tryggheit, både økonomisk og får ein mogeleheit til å komme inn på boligmarknaden.

Det er ingen garanti for at alle får friske barn. Usikkerheita blant foreldre som har barn med nedsatt funksjonsevne eller er alvorleg sjuke er stor. Gje dei omsorgslønn så dei klare seg framover, ikkje kutt i velferdsgodene som er opparbeida gjennom mange år. At foreldre får beskjed om at dei må forlate sitt dødssjuke barn for å kome seg ut i arbeid skulle ikkje førekomme i heile tatt. Ei stor skam i eit av verdas rikaste land.

Dette er foreldre som sparer samfunnet for store kostnader, men dei må òg ha penger for å overleve.

Ikkje meir energi. 

Sett inn nok ressursar til unger/ungdommer med nedsatt funksjonsevne så foreldra ikkje sliter seg ut. Dei har gjerne fleire unger òg, desse kjem alltid i siste rekke for foreldra har ikkje meir energi igjen ofte etter å måtte kjempe mot byråkratiet for å få nok hjelp.

Alle punkta som eg har nevnt her kan vere ein årsak til at fødselstala går nedover. Sett inn nok ressurser der det trengs!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt