Verdidebatt

Ting eg har lært av Knut Arild

Det er ikkje alle forunnt å jobbe for ein så ekstraordinær mann som Knut Arild Hareide, så eg tenkte å dele sju lærdomar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Om litt under ein månad har eg min siste arbeidsdag som rådgjevar for Knut Arild. Sjølv om han har fått mykje ros denne hausten, kjenner eg det er rett å dele litt av det eg sjølv har lært av å jobbe tett på denne heidersmannen.

For det første: 

Tru på noko! Ikkje gå gjennom livet som ein likegyldig tufs som ikkje meiner noko eller trur på noko. Det er dei som ligg på sofaen og ser på at verda forandrar seg i feil retning som er det største problemet. Dei som ikkje forstår at det er likegyldigheita som er det gode sin verste fiende. Tru på noko og mein det. Åtvaring: Det kan få konsekvensar.

For det andre: 

Engasjer deg! Mange tenker at det viktigaste er å ta utdanning. Utdanning er riktig, vel og bra, men kanskje er det vel så viktig med alle dei tinga som skjer rundt utdanninga di, som sjølve studiepoenga og karakterane. Kva du engasjerer deg i medan du er student, kan få vel så store konsekvensar for kva du kan bruke livet ditt på, som kva du studerer. Engasjement betyr noko. Det kan skape enorme ringverknader.

LES OGSÅ: Derfor brukte ikke Hareide mer makt

For det tredje: 

Ikkje ver falsk – ver ekte! Det er få personar eg kjenner som møter så mange menneske gjennom ein dag, som Knut Arild. Og alltid er han smilande, humoristisk og imøtekomande. Mange tenker kanskje at dette er slik han er i det offentlege rom, men at han er meir «seg sjølv» når han trekk seg tilbake. Det er feil. Han er akkurat den same på bakrommet. Slikt inspirerer folka rundt.

For det fjerde: 

Ta sats! Viss du trur på noko, meiner det og står for det: Ikkje ver redd for å ta sats og prøve å få det til. Mange vil nok stå i kø for å idioterklære deg opp og ned dersom du mislukkast, men tenk på kva du kan få til viss du lukkast. Det gjorde nesten Knut Arild denne hausten, med heile Norge på tilskodarplass. Han visste at dersom han lukkast ville han fått til forandring, fornying og ny giv. Det var verdt å prøve.

LES OGSÅ: Hemmelig maraton for borgerlig side 

For det femte: 

Set grenser! Det er ikkje greitt å gå med på kva som helst, berre for å omgjengeleg eller hyggeleg. Dersom du har overtydingar og prinsipp, og du ønskjer å stå for dei, ikkje gå med på kva som helst. Ikkje la andre styre vala dine. Ikkje ver ein rævdiltar. Eg har mange gonger sett på nært hald når Knut Arild har sett grenser og stått for dei. Det har kanskje kosta han kaloriar, vener eller god stemning, men han har teikna linjer i sanden som han ikkje har vore villig til å krysse. Slik vil eg òg vere.

For det sjette: 

Ha humor! Eg har nok knapt gått gjennom ein einaste arbeidsdag utan at Knut Arild har tøysa med meg eller andre rundt seg. Det er vitskapleg bevist at ein god latter forlenger livet, men det er nok undervurdert kor mykje humor og latter kan gjere for å løyse opp i vanskelege saker og debattar også i politikken. Ein god latter gjer norsk politikk endå betre. Der har Knut Arild vore eineståande - både på scena og på kontoret.

For det sjuande: 

Lev som du lærer! Det er ikkje alle som har eit så hektisk og innhaldsrikt liv som Knut Arild Hareide, som òg tar seg tid til alle dei viktige småtinga i livet. Som prioriterer familien først. Som tar seg tid til å hjelpe gode vener. Som stiller opp som barnevakt. Knut Arild er ein slik person som lever livet ganske mykje slik han lærer at det skal levast. Først og fremst er det forbilledleg, men det viser òg kva leiarskap som ligg i eksempelets makt.

LES OGSÅ: Ap og Høyre åpner for at foreldre kan velge tidspunkt for skolestart

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt