Verdidebatt

Fengsel kan rehabilitere Kjell Ingolf

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje berre ureint trav når det gjeld delegatval og abortkluss dei siste ­månadene som har øydelagt for Kristeleg Folkeparti. Dei siste åra har hestehandel med regjeringa på to viktige område bunde partiet på hender og føter og hindra det i å endre standpunkt, sjølv når mest alle i partiet innser at det ber galt av stad.

Den eine hestehandelen var fylkes­samanslåinga, som KrF lova å støtte mot at dei vanlege kommunane ikkje ­skulle tvingast til samanslåing. For å stanse dei galnaste samanslåingane – Viken og Troms/Finnmark – ville KrF, for ikkje å bryte ­avtalen, måtte overtyde regjerings­partia til å snu, men desse har lagt så ­mykje ­prestisje i saka at det er umogleg. Her ervdet berre eit nytt stortingsfleirtal om tre år som kan reversere ei eller fleire fylkes­samanslåingar.

Den andre hestehandelen har derimot KrF stor sjanse til å få omgjort i dei pågåande regjeringsforhandlingane: Vedtaka om den meiningslause nedlegginga av det flotte opne og rimelege fengselstilbodet i Fyresdal hadde Kjell Ingolf Ropstad, som andre nestleiar i justiskomitéen, hovudansvaret for. Etter at han fekk forhandla seg fram til eit nytt fengselstilbod i heimkommunen Evje og Hornnes, har KrF gått med på stadige vedtak om nedlegging i Fyresdal, sist i revidert statsbudsjett i vår. Den raudgrøne opposisjonen røysta då mot nedlegginga, og dette synet hadde fått fleirtal dersom KrF hadde vore med.

Men så kom det eit ljospunkt i statsbudsjettet som nett er vedtatt. Då fekk KrF faktisk gjennomslag for driftsmidlar til Fyresdal for endå eitt år! Og den neste månaden kan Kjell Ingolf gå vidare og sette som vilkår for regjeringsdeltaking at Høgre, Venstre og Framstegspartiet går med på å oppheve hestehandelen om Fyresdal ­fengsel. Då vil både nestleiaren og resten av KrF vere på god veg til å rehabilitere seg i høve til dagens mistillit og dårlege omdømme!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt