Johannes Morken

Redaktør
424

Tung arv av maktmisbruk

Autoritære herskarar brukar ekstremisme som grunn til å ramma vanleg religiøst liv. Det har skjedd i Noreg også. Hans Nielsen Hauge blei sperra inne etter å ha blitt samanlikna med den ideologiske­ grunn-leggjaren av IS.

Publisert: 5. des 2018.

Skrevet av Ed Brown, generalsekretær 
i Stefanusalliansen og Johannes Morken, redaktør 
i Stefanusalliansen.

For vel 200 år sidan utfordra den vandrande predikanten Hans Nielsen Hauge statsreligionen. Han nekta å bøya seg for at all forkynning skulle godkjennast av presten.

Så kom det vanheilage tospannet – presten med lensmannen på slep – til samlingane til Hauge. Han hamna nokre veker i arresten – ti gonger på sju år før 1804. Folket skulle tru slik stats- og kyrkjemakta ville at dei skulle tru.

Ekstremist-trussel. 

I 1804 hadde biskop Peder Hansen i Kristiansand fått nok. I eit harmdirrande brev til Det Danske Kanselli åtvara han mot Hauges «fanatiske lære». Biskopen refsa «svermeren» og emissærane hans. Dei skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter og særlig lærerstanden» – det var prestane biskopen var uroleg for. Faren var uhyrleg, for det ser «ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab».

Abdul Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab. Han grunnla wahabismen, den strenge og «reinsa» forma for islam som vart og er statsreligionen i Saudi Arabia. Frode Ulv-
und har i Historisk Tidsskrift vist at dei skremsla som sultanen i Istanbul stod bak mot wahabismen, stod i avisene på tida Hauge verka.

Biskopen brukte altså det farlegaste dømet på religiøs fanatisme han visste om for med hjelp av makt å verna religionsmonopolet. Tek vi biskopens samanlikning inn i vår tid, likna altså Hauge på mannen som vart ideologisk grunnleggjar av terrorrørsla IS.

Tvang til dåp og nattverd. 

Oskar­ Skarsaune, professor i kyrkjehistorie, har i boka Etterlyst: Bergprekenens Jesus henta fram att samanlikninga. I boka set Skarsaune fingeren på dei ømmaste punkta i vestleg og norsk kyrkjearv – bygging av kyrkjer med makt og tvang. Boka fortener meir debatt enn ho så langt har utløyst, både om kva ei sann kyrkje er og om vilkåra for trusfridom.

Kristendommen har gjennom historia gitt mange gode impulsar til samfunnet – i undervisning, vitskap og helsestell. Men døma på maktbruk, tvang og undertrykking er diverre mange. Det skulle vore annleis.

Forteljingane i Det nye testamentet handlar om ein kristen minoritet som kjempar for fridom til å praktisera trua si. Styre-
smaktene skulle, les vi i Rom 13, handheva lov og orden, ikkje ei bestemt tru.

Muslimske stemmer. 

Det er annleis i Koranen som er skriven med det som premiss at islam beherskar samfunnet og sharia er lova alle skal følgja. Det er på eitt vis som i Israel i Det gamle testamentet. Der var Israels folkefellesskap og trusfellesskap samanfallande, og dei juridiske ordningane gjaldt heile folket. Men medan judaismens lov gjeld jødane, er islams politiske ambisjon universell. I muslimske land er minoritetar andre eller tredjerangs borgarar. Gledeleg nok har vi mange og tydelege muslimske stemmer i Noreg som står opp for trusfridom, ytringsfridom og demokrati.

IS har med sitt blodige valdsregime faktisk tvinga lærde på bana for å tolka viktige vers i Koranen motsett av IS. Vi ventar nervøst på om dette og diskusjonen om borgarrettar faktisk vil endra islam og lovverket i muslimsk­e land.

Jødisk-kristen arv. 

I Det nye testamentet er adressaten for det første bodet det enkelte mennesket, ikkje folket. Trusfridommen og ytringsfridommen er i vår kultur grunnlagt i gudstrua og den plassen som den jødisk-kristne arven gjev mennesket som skapt i Guds bilete og som forvaltar over Guds skaparverk.

Denne krafta har diverre slite tungt i møte med maktstruktur-
ane. Vi må likevel ikkje mista viktige nyansar av syne. I Romar-
riket, der kristendommen oppstod, måtte undersåttane ofra til keisaren. Den første trusfridommen kom med Konstantin i 312, den første kristne keisaren. Dette er også ein del av arven.

Men så gjekk det gale igjen nokre­ tiår etter Konstantin. Kyrkja klarte ikkje å motstå freist-
inga som ligg makt og undertrykking. Det skulle vara lenge. Den dansk-norske kongen og prestestyret hans – som bygde kyrkje med makt – øydela helsa til Hans Nielsen Hauge i ei fengselscelle mellom 1804 og 1811 og med to års slaveri frå 1813.

Iransk prestestyre. 

Det er ikkje heilt det same dei held på med i dagens Iran. Men noko liknar. Sentrale leiarar for raskt veksande huskyrkjer er nyleg dømde til ti og 15 år i fengsel. Den mest kjende skal også sona to års indre eksil. Regimet fryktar huskyrkjerørsla som ikkje bøyer seg for den sjiaislamske stats-
religionen.

Det iranske prestestyret er sjølvsagt hardare enn den dansknorske kongemakta var. Iran trugar potensielt kvar einaste omvende muslim og leiarane deira med arrestasjon, avhøyr, fengsling og psykologisk mishandling. Overvakinga er langt meir omfattande og avansert. Men Kongens embetsmenn måtte senda rapportar om Hans Nielsen Hauge­ som «spinner sitt nett over Norges rike», ifølgje biskopen. Det dansk-norske preste-
styret gjorde det dei kunne.

Riv ned krossar. 

Kina brukar i dag frykt for ekstremismen som orsaking for å ta statleg kontroll over all religionsutøving. Krossteikn blir rivne ned av godkjende kyrkjebygg. Regimet både stengjer og sprengjer kyrkjer som ikkje vil vera statskontrollerte. Mange er arresterte.

Den russiske kriminaliseringa av misjon i 2016 kom i ei pakke med lover som skulle verna landet mot terrorisme. I prinsippet kan alle religiøse ytringar som ikkje er godkjende, straffast.

Putins lovverk rammar minoritetar som den statslojale ortodokse kyrkja ser på «som ugras», for å låna orda til Trond Bakkevig. I Noreg gjekk det 41 år frå biskop Peder Hansens varsku mot «svermeren» Hans Hauge, til det norske «ugraset» endeleg fekk starta frikyrkjer. Dissenterlova av 1845 sikra det første rommet for kristne utanfor statskyrkja. Andre minoritetar måtte venta. Kva Noreg gjorde med jødane er eit stort tema – først i 1851 blei den skammelege jødeparagrafen i Grunnlova oppheva.

Overgrep. 

Fornorskingspolitikken mot samar og kvenar viste til fulle korleis makta vart brukt for å tvinga minoritetar til å gje opp tru, språk og kultur. Først nyleg har Stortinget oppnemnt ein sannings- og forsoningskommisjon for å ta tak i desse overgrepa.

Vi har all grunn til å kjempa for trusfridom og rettane til minoritetar i Kina, Russland, Iran, Myan-
mar, Pakistan og andre land. Å feia skikkeleg for eiga dør kan gje oss skjerpa blikk og større truverde.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Tore Olsen

21 innlegg  5415 kommentarer

Publisert 2 måneder siden

Så, hvor går grensen for religionsfrihet? Må det være en grense?

1 liker  
Kommentar #2

Johannes Morken

424 innlegg  937 kommentarer

Publisert 2 måneder siden

Hei

Det er eit større tema. Det finst ei rad døme på at representantar for ein majoritetsreligion meiner at deira tru krev at alle som trur på noko anna, må undertrykkjast. Ei viktig grense for trusfridom er at den gjeld alle. Den vernar menneske, ikkje ein guddom.

2 liker  
Kommentar #3

Johannes Morken

424 innlegg  937 kommentarer

Publisert 2 måneder siden

Du skal uansett ikkje bruka makt eller press eller noko anna som undergrev fridommen til den du møter. Du skal ikkje «kjøpa» ei konvertering, til dømes.

3 liker  
Kommentar #4

Tore Olsen

21 innlegg  5415 kommentarer

Publisert 2 måneder siden
Johannes Morken. Gå til den siterte teksten.
Du skal uansett ikkje bruka makt eller press eller noko anna som undergrev fridommen til den du møter. Du skal ikkje «kjøpa» ei konvertering, til dømes.

Enig! Jeg mener det må gå en grense, og den grensen går ved skadeverk og/eller tvang.

2 liker  
Kommentar #5

Magne Kongshaug

26 innlegg  241 kommentarer

Publisert 2 måneder siden

Tankevekkende bra innlegg av Brown og Morken! 

Trosfrihet og ytringsfrihet må gjelde for alle.  Men ideelt bør ytringene være forenlig med nestekjælighetsbudet. - Og dermed formaner jeg meg selv!  

Kommentar #6

Johannes Morken

424 innlegg  937 kommentarer

Takk for formaning

Publisert 2 måneder siden

Viktig presisering, Magne Kongshaug. I eit anna forum vart eg kritisert for støtte til rohingyaer i Myanmar. Eg fekk spørsmål om det ikkje er legitimt for buddhister i Myanmar å ønskja muslimar ut av landet. Eg svarte mellom anna med å spørja om det er legitimt for buddhister i Myanmar å pressa kristne minoritetar som chin til å konvertera - slik det beviselig er mange grove døme på. Same med Pakistan der ikkje-muslimske barn vert pressa til konvertering, og blir haldne unna og diskriminerte om dei ikkje gjer det.


1 liker  
Kommentar #7

Marianne Solli

17 innlegg  1547 kommentarer

Publisert 2 måneder siden
Johannes Morken. Gå til den siterte teksten.
Fornorskingspolitikken mot samar og kvenar viste til fulle korleis makta vart brukt for å tvinga minoritetar til å gje opp tru, språk og kultur. Først nyleg har Stortinget oppnemnt ein sannings- og forsoningskommisjon for å ta tak i desse overgrepa.

Ja, det var virkelig overgrep å ta fra dem/oss kultur og språk. Å bli fortalt at ens eget språk er mindreverdig og å bli tvunget til å motta all lærdom på et annet mer "høyverdig" språk, fikk ... og får fremdeles ...  makabre konsekvenser. Selv har jeg fortsatt et slags savn over å ha mistet to av mine forfedres språk.

1 liker  

Mest leste

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere