Verdidebatt

Dei nye læreplanane i KRLE-faget

Dei nye læreplanane i KRLE-faget og dei andre kultur- og danningsfaga i skulen skal fremje fagleg konsentrasjon og djuplæring, men står fram som relativt overflatiske og difor rimeleg lett å kritisere. Logikken eller prinsippa bak læreplanarbeidet er konsistent nok. Problemet med prinsippa er heller at dei sannsynlegvis ikkje vil fungere i praksis.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fleire kommentatorar og fagfolk skriv om utkastet til dei nye læreplanane i grunnskulen og den vidaregåande skulen, slik som Arne Borge i Vårt Land 29. november eller Bernt Hagtvet i Dag og Tid 30. november. Kritikken mot planane for KRLE-faget og andre kultur- og danningsfag er at dei reduserer innhaldet kraftig i høve til det vi er vande med i slike planar. Heilt klårt viktige emne er ikkje nemnde. Poenget med reforma er jo nettopp å redusere stoffmengda i skulen.

Vi som arbeider med KRLE-faget, er glade for at faget i det heile overlevde utvalsprosessen, for det er lett å tenkje seg at dette faget kan gå inn i samfunnsfag.

Det er fullt ut mogleg å redusere stoffmengda ved å fjerne nokre kompetansemål slik vi har dei i dag. Men det som no skjer, er ei større omlegging. Ein av arkitektane bak læreplanreforma, Sten Ludvigsen, forklarer prinsippa bak reforma i eit intervju i Morgenbladet. 30. november. Forklaringa er logisk nok, og utan denne logikken, blir òg mykje av kritikken feilslått. Problemet for kulturfaga er korleis vi får kulturhistorie frå 2500 år inn i ein liten læreplan? I utgreiingane som låg til grunn for planarbeidet (NOU 2014:7 og 2015:8), og som presenterer grunnlaget og prinsippa, kan vi skimte ein klassisk danningspedagogisk tankegang for å løyse dette problemet. Denne tankegangen var mykje framme i Tyskland på 1960-talet der ein òg arbeidde med å redusere stoffmengda i skulen og med kriterium for utvalet. Dei gjorde grep vi kjenner att i det norske ordskiftet i dag: Defineringa av kjerneelement, utpeiking av nøkkelproblem og ønsket om ein sjølvstendig og relativ fri lærar.

Eit viktig poeng i danningspedagogisk teori frå t.d. Wolfgang Klafki, ein tysk pedagog som ofte vert sitert i slike ordskifte om læreplanar, er samanhengen mellom formelle og materielle lærings- og danningsteoriar. Det går ikkje an å lære reint formelt, dvs. å lære å lære, utan ein lærer seg noko. Vi kan ikkje reflektere utan at nokoblir reflektert osb. vi finn aldri form utan stoff. Det er såleis alltid eit materielt eller substansielt fundament over undervisning og læring. Når kjerneelement vert definerte, når ein skal prøve med eitt eller to ord å samanfatte kva kunnskapen er, er det altfor lett å ty til reint formelle karakteristikkar, som «innsikt, forståing, utforsking» som kjerneelement og kompetansemål. Slike formuleringar finn vi òg i forslaget til KRLE-planane som no ligg føre.

Men i klasserommet er slike formuleringar til lita hjelp, noko vi kan sjå både som ein fordel og som ei ulempe. Fordelen er at det gjev stort rom for den sjølvstendige og fagsikre læraren, medan ulempa er at det gjev lite hjelp til dei som er usikre. Det er ein god tanke at den sjølvstendige læraren kan tilpassa både innhald og form til dei elevane ein faktisk møter.

Spørsmålet er om alle lærarane i KRLE-faget er i stand til det. Utdanningsnivået i grunnskulen er lågt og mange underviser i faget utan noko utdanning, slik det gjerne er i «småfaga» i grunnskulen der ein lærarstudent no berre skal ha utdanning i tre (5-10) eller fire (1-7) skulefag. Å ha god oversikt over kunnskapskjelder til faget og til ulike religiøse rørsler og livssynstankar er ei mykje større oppgåve i dag enn tidlegare. Ikkje berre finst det så utruleg mange fleire retningar og løysingar enn før på grunn av sekulariseringa og pluraliseringa som følgde med denne, men vi har òg ein enorm tilgang til informasjon om alt. Dette gjer at det er vanskeleg nok for teologar og andre religionsforskarar å følgje med på utviklinga. Kva som er djuplæring vil vere ulikt frå fag til fag. Kor mange religionar må du t.d. kjenne til for å «forstå religion»?

Alternativet i KRLE-faget som i dei andre kulturfaga vil vere at vi overlét utvalet av stoff til lærebøker og forlaga, til nettstader og dominerande fagtradisjonar og personar. Det kan òg fort bli store variasjonar og ein mindre sams nasjonal kunnskapsplattform. Vi gjer det lettare for alle å gje meir hjelp i den nasjonale planen, og planen må tydeleg frå fram samanhengen mellom den overordna delen og kompetansemåla. Dette kan ein gjere utan å skade den danningspedagogiske grunntanken i reforma.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt