Mai Lene Fløysvik Hæåk

Kommentator i Vårt Land
41

Ikkje eit fruktbart skilje

Det er på tide å slutte å skilje mellom politisk korrekt og ukorrekt.

Publisert: 4. des 2018

Haldningar og meiningar endrar seg med åra. Gjennom historia kan me sjå korleis tidlegare utgrupper, homofile, personar med funksjonsnedsetting og til dels kvinner, har fått stadig høgare status. Kva ein ser på som rett og gale er ikkje det same no som tidlegare. 

Likevel er det framleis stor skilnad i kva me tenkjer rundt ulike spørsmål, og dermed òg lett å setje ei skilje mellom dei som meiner det eine og dei som meiner det andre. 

Somewheres og anywheres. David Goodhart snakkar om skilnaden mellom «somewheres» og «anywheres» i boka The Road to Somewhere. Her teiknar han eit tydeleg skilje mellom den vesle urbane og liberale eliten som ser på seg sjølv som verdsborgarar (anywheres) og den langt større gruppa av rurale, konservative som har ei større geografisk tilknyting (somewheres). 

Goodhart meiner at årsaka til fleire av problema i Storbritannia, som til dømes Brexit, er at den meir liberale og urbane gruppa ikkje har klart å lytte til fleirtalet av befolkninga. 

Folket og eliten. Modellen til Goodhart har store likskapar med tanken om at det er ein skilnad mellom det politisk ukorrekte folket og den politiske korrekte eliten. At det finst eit verdigap som handlar meir om politiske haldningar enn om økonomi. 

Då eg planla å skrive denne teksten, tenkte eg først at det skulle vere eit forsvar for politisk korrektheit. Eit forsvar for dei av oss som har støtta Metoo-kampanjen heilhjarta, som reagerer på ordet neger og som har lite sans for sjølvhjelpsforfattarar som blir politiske guruar av å snakke om det «politisk ukorrekte» (les: Jordan Peterson). 

Kunstig skilje. Men etterkvart som eg fekk tenkt meg meir over det kom eg fram til at eigentleg er det ikkje det «politisk ukorrekte» som er problematisk her. Det som uroar meg mest er det kunstige skiljet me har klart å skape mellom politisk korrekt og ukorrekt, at me faktisk bruker desse orda i den offentlege samtalen for å stemple eigne eller andre sine meiningar. 

Å plassere seg sjølv i ei gruppe beståande av personar med politisk ukorrekte meiningar kan i seg sjølv vere eit maktmiddel. I staden for å framstille ein diskusjon som det det eigentleg er - ei reell politisk usemje - har ein moglegheita til å setje seg sjølv i ein offerposisjon. Når nokon framstiller seg sjølv som politisk ukorrekt fordi dei vil ha ein langt meir restriktiv innvandringspolitikk, kan ein òg velje å sjå på dette som ei politisk meining blant mange. 

Likevel må ein ikkje underkjenne at fleire har ei kjensle av at meiningane deira strir med kva som er «politisk korrekt». Dei kjenner på korleis det er å vere ein del av ein meiningsminoritet, kanskje gjennom til dels hetsande tilbakemeldingar eller kanskje gjennom ei form for utfrysing frå det gode selskap i offentlegheita. 

Meiningsmangfald. Løysinga på dette er heller å anerkjenne fleire meiningar som legitime - heller enn å stemple dei som politisk ukorrekte. Den politiske offentlegheita kan vere hard mot dei som meiner annleis. Slikt er med på å gi andre ei kjensle av at dei meiner noko ukorrekt, men når alt kjem til alt er det kanskje snakk om ei reell politisk usemje som ein kunne diskutert på ein langt meir fruktbar måte. 

Dei siste åra har debatten om no-platforming blitt meir og meir relevant. I kva grad skal ein la dei med mest ytterleggåande meiningar få ei plattform? Er det slik at om alle meiningar berre kjem fram i lyset og får brynt seg på andre så vil dei «beste» og mest rasjonelle meiningane vinne fram til slutt? Det kjem til eit punkt kor det ikkje nyttar å diskutere lengre fordi ein ikkje berre har ulike verdisyn, men er på to vidt forskjellige planetar. 

Oppgjer med ytterpunkta. Men i slike tilfelle kan ein ikkje snakke om å vere politisk korrekt eller ukorrekt. Fordi noko må vere meir akseptabelt å meine enn noko anna. Som til dømes at holocaust faktisk fann stad eller at dei med mørkare hudfarge har same verdi med dei som lysare hudfarge. 

Det er på tide å slutte å skilje mellom politisk ukorrekt og korrekt, somewheres og anywheres -  og heller debattere med meiningsmotstandarar og ta eit oppgjer med ytterpunkta


Denne kommentaren vart publisert i Vårt Land papiravis 5. desember 2018. 

Foto: Frank Augstein

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Per Steinar Runde

211 innlegg  2476 kommentarer

Politisk ukorrekt?

Publisert 9 måneder siden

Eg veit knapt nokon som kallar seg sjølv "politisk korrekt", ja, ikkje eingong "politisk ukorrekt", anna enn som sjølvironi. Når somme snakkar om det "politisk korrekte" er det for å karakterisere dei synspunkta som blir støtta og fremja av folk som sit med definisjonsmakta i samfunnet. Det er snakk om synspunkt som sentrale politikarar og parti, medieredaksjonar og akademia har felles. Desse miljøa blir også kalla "den meiningsberande eliten", eit uttrykk som kan oppfattast som beskrivande eller som eit skjellsord. 

Sjølvsagt er heller ikkje denne "eliten" samde om alt, men dei er ofte einige om kva som er moralsk rett og passande i det gode selskap. Dei vil ofte ikkje diskutere kva som er faktisk rett, ja, oftast ikkje diskutere i det heile teke med folk dei foraktar. Sjølvsagt finst det blant vanlege arbeidsfolk mange som ikkje veit allverda om historie og samfunn i fortid og notid, men dei veit som regel meir om det praktiske og konkrete kvardagslivet enn privilegerte og teoritunge akademikarar gjer. Og ikkje minst kjenner dei sin eigen livs- og arbeidssituasjon betre enn nokon andre. 

Det er slett ikkje berre holocaustfornekting, rasisme, kvinneforakt, homo- og jødehets, dvs reelt kritikkverdige haldningar, som blir stempla og fører til utfrysing, men også mange ytringar og synspunkt som er godt underbygde av fakta og utviklingstrendar og basert på logisk slutning. Miljøa som klandrar andre for å skilje så skarpt mellom "oss og dei" og stå for "hatefulle ytringar", er faktisk dei som med størst iver frys ut sine meiningsmotstandarar og brukar grove skjellsord. Hekseprosessane går sin gong også i vår tid, sjølv om straffa er mildare, om ein då kan snakke om "mild" utfrysing. Min venn og gamle klassekamerat, Ragnar Thorseth, konkluderte etter Nordpolturen i 1982 med at helvete måtte vere iskaldt og ikkje brenneheitt.  

7 liker  
Kommentar #2

Øivind Hundal

2 innlegg  197 kommentarer

Korrekt?

Publisert 9 måneder siden

"Løysinga er anerkjenne fleire meiningar som legitime". Men det er jo dette som er problemet: at noen løsninger/synspunkter er så absolutt (politisk) ukorrekte at uansett hvordan man argumenterer så er de allikevel forkastet på forhånd. Slike (politisk) ukorrekte meninger assosieres umiddelbart med et prefabrikert fiendebilde og forkastes på ryggmargsrefleks. Denne assosieringen trenger ikke å være korrekt engang. Så ja, løsningen er som ts foreslår. Og inntil denne løsningen til ts slår igjennom, så vil vi fremdeles ha det politisk ukorrekte mellom oss. Og samfunnet vil heller ikke være interessert i å diskutere det politisk ukorrekte. Ei heller tolerere det politisk ukorrekte.

2 liker  
Kommentar #3

Arne Danielsen

324 innlegg  5691 kommentarer

Underlig

Publisert 9 måneder siden

Dette er en underlig tekst – som ender 'anywhere'. 

Greide ikke å få tak i hva som er poenget bortsett fra en egentlig ubegrunnet eller uforklart konklusjon om at vi skal forenes i å debattere med meningsmotstandere og å ta et oppgjør med ytterpunkta.

Men det er jo hele poenget. Skillet mellom de 'korrekte' og 'ukorrekte' går jo nettopp der. De 'korrekte' kan mene at noen representerer et ytterpunkt, mens de 'ukorrekte' sier "Jøss, hvorfor mener du det?". Og dermed har man det gående – en uenighet mellom det Goodhaert karakteriserer som 'somewheres' og 'anywheres'.

Det er gjort mange forsøk på å avlyse eller å bagatellisere skillet mellom politisk 'korrekthet' og '-ukorrekthet'. Dette er viktig for de 'korrekte'. Det er ikke noe som er så irriterende som alle "somewherene" med alle de krøkkete meningene. 

Dette avlysningsforsøket synes å være like mislykket som de tidligere forsøkene.

2 liker  

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere