Leder

Krigen i Jemen

Forhandlingane må følgjast av eit tydelegare internasjonalt press.

Romarane i oldtida kalla Jemen for «det lykkelege Arabia». I vår tid er det langt frå lykka som pregar republikken sør på Den arabiske halvøya. Ulike krigar og borgarkrigar har påført landet mykje skade. For fire år sidan tok den Iran-støtta Houti-rørsla kontroll over den jemenittiske hovudstaden Sana, og eit halvt år seinare gjekk ein regional koalisjon leia av det mektige nabolandet Saudi-Arabia til krig mot opprørarane.

LES OGSÅ: Trossamfunn krever: Stans salg av krigsmaterill til Saudia-Arabia

Dei seinaste tre åra er over 10.000 menneske drepne i krigen i Jemen, ifølgje Verdas helseorganisasjon. Talet på skadde er langt fleire, og over tre million menneske er drivne på flukt. Ein dramatisk følgje av krigen er svoltkatastrofen i landet. I går meldte Redd Barna at rundt 85.000 barn under fem år kan ha døydd av underernæring sidan 2015. Det er rundt rekna like mange som ein fjerdedel av alle norske barn opp til fem års alder.

Tragedien i Jemen seglar ikkje like høgt i det norske nyhendebiletet som dei nesten ufattelege dimensjonane skulle tilseie. Vi snakkar om den verste humanitære krisa i verda akkurat no. Krigføring og blokadar gjer at rundt 22 millionar menneske har behov for humanitær hjelp. Hamnebyen Hodeida, der mesteparten av naudhjelpa og matimporten kjem i land, ligg midt i krigsauget. Nyleg blei ein stor krigsoperasjon i byen unngått etter massivt internasjonalt press.

FN åtvara allereie i oktober om at 14 millionar jemenittar er på sveltegrensa. I tillegg til krigen i landet, er Jemen dei seinare to åra ramma av kolera. Nauda vil ingen ende ta.

Det internasjonale samfunnet må gjere minst to ting. Vi må opne pengesekken, også kvar enkelt av oss, for å hjelpe ei befolkning som er pressa til det ytste. Og storsamfunnet må gjere alt som er mogleg for å få ein slutt på krigen i Jemen. Noreg har nyleg sett ein stoppar for våpeneksport til Saudi-Arabia. Det er eit pressmiddel som USA kunne brukt med vesentleg effekt. Khashoggi-saka har ført til større merksemd om den saudiarabiske krigføringa i Jemen, men det sit førebels langt inne for president Trump å avstå frå inntektene våpensalet gir.

LES OGSÅ: Norge fryser nye lisenser på eksport av forsvarsmateriell til Saudi-Arabia

Forhåpentleg blir det snart fredsforhandlingar i Sverige. Men forhandlingane må følgjast av eit tydelegare internasjonalt press.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder