Lederartikkel Vårt Land

Neglisjerer nynorsken

Bokhandlerforeningen er nøydd til å ta aktive grep for å hindre at den fullstendig skeive praksisen held fram.

Publisert: 21. nov 2018

I går ettermiddag blei forfattar Simon Stranger tildelt Bokhandlerprisen 2018 for romanen ­Leksikon om lys og mørke. Handlinga tek utgangspunkt i Strangers ­jødiske svigerfamilie som etter andre verdskrigen flytta inn landssvikaren Henry Rinnans samlingspunkt for Rinnan-banden, det såkalla Bandeklosteret. Romanen er allereie blitt lagt merke til internasjonalt, og det amerikanske storforlaget Knopf er blant dei som har kjøpt rettane til boka.

LES OGSÅ: En litterær snublestein

Vi gratulerer Stranger med prisen, noko som også inneber ei auka synleggjering her heime. Prisvinnaren blir stemt fram blant tilsette i bokhandlar over heile landet, og kan rekne med solid eksponering og godt sal. Det betyr mykje kva slags bøker bokhandlane sjølve har tru på og vel å fremje.

Difor var det eit alvorleg varsel som kom fram i Dagsavisen i går. At alle dei ti nominerte ­forfattarane til Bokhandlarprisen i år var bokmålsforfattarar, var nemleg ikkje noko arbeidsuhell eller ein glipp frå Bokhandlerforeningen si side. Sidan prisen fekk namnet Bokhandlerprisen i 1981, har ikkje prisen ved eit einaste høve gått til ei nynorskbok.

Det hjelper lite at Tarjei Vesaas fekk Takk for boken-prisen, forgjengaren til Bokhandelprisen, i 1967. På snart 40 år har ikkje norske bokhandlarar funne ei einaste nynorsk skjønnlitterær bok verdig til å få ein av dei kommersielt sett viktigaste litteraturprisane i landet. Det kan ikkje kallast for noko anna enn neglisjering av nynorsk skjønn­litteratur. Forfattaren Frode Grytten kallar det for diskriminering og marginalisering av nynorsk.

Bokhandlerforeningen er nøydd til å ta aktive grep for å hindre at den fullstendig skeive praksisen held fram på same viset framover. Det er neppe tilstrekkeleg å utelukkande peike på ansvaret for nynorsklitteraturen overfor dei 558 medlemmene i foreininga, som direktør Trine Stensen uttalte til Dagsavisen i går. Reglane for nominasjon bør i tillegg endrast, slik at det alltid er minst to eller tre nynorskbøker blant dei ti nominerte. Deretter må bokhandlarane vere seg ansvaret bevisst.

LES OGSÅ: Nærmast ufatteleg at apokryfane ikkje har vore tilgjengelege på nynorsk før i dag

Norske bokhandlar er svært viktige i formidlinga av norskspråkleg skjønnlitteratur i landet vårt. Ja, bokhandlarane har eit ansvar. Då kan ikkje ­Bokhandlerprisen vere ein rein bokmålspris.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
rundt 19 timer siden / 2500 visninger
Kjønnsideologi på avveie
av
Marit Johanne Bruset
23 dager siden / 2325 visninger
Den verkeleg raude fare
av
Emil André Erstad
30 dager siden / 2053 visninger
Kunnskapsløst om «koranskoler»
av
Usman Rana
23 dager siden / 1643 visninger
KRIK og samlivsteologien
av
Aksel Johan Lund
10 dager siden / 1444 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
rundt 1 måned siden / 1364 visninger
En fallende stjerne?
av
Vårt Land
23 dager siden / 1295 visninger
Kallmyrs tabbe
av
Vårt Land
26 dager siden / 1202 visninger
Gut eller jente?
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
13 dager siden / 1151 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere