Verdidebatt

Tek vi i mot for få flyktningar og innvandrarar?

Då Venstre kom inn i regjeringa, fekk partiet auka talet på FN-flyktningar med 50%, frå to til tre tusen, men det er tydelegvis ikkje nok for Vårt Land.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Under overskrifta "FNs råd bør følges" skriv Vårt Land i dag på leiarplass at vi bør ta i mot minst 5000 kvoteflyktningar (FN-flyktningar) neste år. Avisa rår også partia som no forhandlar om ei regjeringsplattform til å høyre på KrFU og Unge Venstre, som vil at Noreg skal ta i mot 5000 FN-flyktningar kvart einaste år. Leiarskribenten siterer også Redd Barna og Norsk Folkehjelp, som karakteriserer sjølv siste forslaget frå regjeringa som "puslete" og "langt unna der vi bør være".

Vårt Land legg vekt på at FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR) bad Noreg busetje 5000 FN-flyktningar i fjor og nemner at Justisdepartementet ventar nedgang i talet på både asylsøkjarar og familieinnvandrarar. Redd Barna blir sitert på at "68,5 millioner mennesker er på flukt verden over". Derfor meiner avisa at det er "vårt moralske ansvar å ta imot vår andel".

Grunngjevinga er tynn, bakgrunnsfakta ikkje sjekka og konsekvensanalysar manglar heilt. Først nokre grunnleggjande fakta: Befolkninga i Noreg var i midten av 2018 på 5312300 personar. Av desse har 3,9 millionar fire norske besteforeldre og om lag éin million har ingen. Raust rekna har såleis det norske folket på 4,2 millionar alt teke i mot 1,1 millionar utlendingar. SSB opplyser at 30% av innvandrarane har flyktningbakgrunn. Berre i 2017 tok vi i mot 2829 FN-flyktningar, 3833 konvensjonsflyktningar, 921 andre asylantar, 5399 arbeidsinnvandrarar og 14432 familieinnvandrarar, til saman 27414 utlendingar. Nettoinnvandringa frå ikkje-vestlege land var i fjor på heile 20555 personar.

UNHCR reknar ikkje med 68,5 millionar flyktningar, men med 25,4 mill pluss 3,1 mill asylsøkjarar, som har kryssa ei landegrense og derfor per definisjon er flyktningar. Resten, ca 40 mill, er internt fordrivne (Internally Displaced People). Men heller ikkje det er korrekt, for i dette talet på 25,4 mill er inkludert 5,4 mill palestinarar, der dei aller fleste er fødde i landa dei no bur i og såleis slett ikkje er flyktningar. Ser ein bort frå dei som alt har søkt asyl, er det såleis berre 20 millionar som eventuelt treng omplassering. Men dei aller fleste av desse har alt fått vern mot krigen eller katastrofen dei har rømt frå. Det dei først og fremst treng er difor ikkje å flytte til eit land endå lenger heimanfrå, men hjelp til eit betre liv i nabolanda dei har reist til, dvs helsehjelp, mat og meiningsfylt arbeid og skulegang for barna og dei yngre.

Omplassering av folk til rikare land er den dårlegaste hjelpa for mest alle partar. Våre kroner, dollar og euro har langt større kjøpekraft der flyktningane er, men må brukast slik at også vertslanda tener på det, viss ein skal unngå ytterlegare konfliktar. Ved innvandring frå muslimske land, enten det er snakk om flyktningar, arbeidsinnvandrarar eller slektningar, risikerer vi også å ruinere vårt eige, for slike innvandrarar arbeider mindre og gjev oss større kostnader til m.a. sosialstønad, pensjonar og justissektoren (politi, domstolar og fengsel) enn dei fleste andre.  Så seint som i går fekk vi vite at innvandring generelt har gitt Noreg ei årleg nettoutgift på nivå med uttaket frå oljefondet, og at dette har samfunnsøkonomane i SSB visst i 4-5 år.

Det norske folket, som høgt rekna er på 4,2 millionar, representerer 0,055% av Jorda si befolkning på 7626 millionar menneske. "Vår del" av dei 20 mill flyktningane blir då 11000. Men så kan vi trekkje i frå dei meir enn 228000 flyktningane vi alt har teke i mot, etterkomarane ikkje medrekna. Då blir konklusjonen at vi har teke ansvar for 217000 fleire enn vår rimelege del. Vi har m.a.o. alt teke i mot 21 gonger så mange som folketalet vårt tilseier, og minst fem gonger meir enn vi burde, viss vi tek omsyn til andre faktorar, som økonomisk evne, geografisk plassering, sjølvforsyning av mat, dyrka areal, kulturskilnader og ikkje minst økologi og klimaeffekt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt