Verdidebatt

Vi skal framleis styre norsk jernbane

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Forbundssekretær Grethe Thorsen i Norsk Lokomotivmannsforbund er i Vårt Land 2. november oppteken av at vi skal ha demokratisk kontroll over vår eigen jernbane. Det er eg òg. Men Thorsen tar for hardt i når ho skriv at EUs fjerde jernbanepakke betyr obligatorisk konkurranseutsetting av persontogtilboda. For under visse føresetnader opnar regelverket for å direktetildele drift av persontogtilbod, slik staten har gjort med NSB til no.

Thorsen gir inntrykk av at Noreg ikkje tapar noko på å seie nei til jernbanepakka. Vi kan berre kopiere EU så mykje vi vil, men så enkel er nok ikkje verda. Med et nei risikerer Noreg å få ein svekt posisjon på den felleseuropeiske marknaden for jernbaneprodukt og tenester. Dette kan mellom anna føre til at vi ikkje får like rask tilgang til jernbaneutstyr og nye tog som andre land, og at godkjenningsprosessar blir fordyrande og tidkrevjande. Konsekvensen blir mindre jernbane for skattebetaleranes pengar.

Thorsen meiner det er grunnlovsstridig å overføre myndigheit til EUs jernbanebyrå ERA. Vi har etter nøye vurdering kome fram til at myndigheitsoverføringa er så avgrensa at det ikkje utgjer eit vesentlig inngrep. To viktige grunnar er at Noreg faktisk skal delta på lik line med andre land i ERAs arbeid, og at Statens jernbanetilsyn alltid skal bli førelagt søknadar til ERA om jernbanedrift i Noreg.

Det viktigaste for meg er uansett at Statens jernbanetilsyn alltid kan avgjere om sjølve togkøyringa i Noreg er sikker. Jernbanetilsynet kan alltid gripe inn for å stanse togdrift i Noreg som utgjer ein alvorleg sikkerheitsrisiko. Eventuelle tvistar om dette er det berre norske domstolar som kan avgjere. Ingen EU-organ kan overprøve slike avgjerder. Vi overlèt med andre ord ikkje sikkerheitsansvaret for jernbanen til ERA, og ifølgje Statens jernbanetilsyn kjem sikkerheitsnivået på norsk jernbane anten til å bli vidareført eller styrkt med jernbanepakka. Ingen treng difor å uroe seg for at vi skal miste kontrollen over norsk jernbane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt