Verdidebatt

Når Gud blir borte

Kor er Gud når livet raknar? Kor er fellesskapet når nokon havner i livskriser som ikkje passar inn? Kan ein tru når Gud er borte? Kva når ein ikkje kan visa til ein skinnende gullring ein har vore trufast mot i gode og vonde dagar? Kva når ein opplever fridommen og gleda størst når ein har valt seg bort? - Tilbakeblikk og tankar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er noko med når livet har gitt erfaringar og har rispa arr og striper både innvortes og utvortes. Ein undrast over vegen ein har gått, undrast over kva som var og det som er. Undrast over kor på vegen det kunne gått annleis. Eg var eit Guds barn. Eg var ein sterkt truande. Kyrkja var min andre heim, eg sat der trufast kvar einaste søndag, år etter år, først aleine, så med ektemann ved sida, sidan med barn på fanget. Eg var aktiv i kyrkjelydsarbeid, medlem av soknerådet. Eg brann for evangeliet. Eg var midt i livet i kyrkjelyden min. Og trua mi var stø som fjell. Gud var i alt. Så rakna det. Gud blei ikkje lenger den trygge klippa, men den harde dommeren som sto over alt mitt liv med øksa klar til å hogga. Frå nåde blei det dei harde krav. Krav til å bli ein sannere kristen, til å overgje alt. Krava var så store og det var umogeleg, i alle fall for meg, å greia leva opp til alt dette. Livet blei låst i frykt og utilstrekkelighet.

Så rakna livet mitt meir og meir. Ekteskapet rakna, angsten tok kveletak. Og det som hadde vore eit trygt fellesskap blei borte. Eg kraup saman og trekte meg unna med mitt liv som ikkje heldt mål, og etter å ha vore ein så aktiv del av kyrkjelyden var det rart å merka at ingen savna meg. Ingen spurde etter meg. Eg var ikkje lenger ein som ytte, og opplevde då å ikkje vera til noko nytte. Sjølvsagt kan dei ha valt å gje meg fred, men det blei veldig kaldt og stille rundt meg. Og Gud blei gradvis borte. Frå å vera sentrum i livet mitt, blei han ein som saman med sine forsvant. Sidan blei det eit ope spørsmål om alt hadde vore ein utopi, at han aldri hadde vore der anna enn i min eigen lengsel og draum, Han blei i alle fall borte. Og så burde vel det vore eit tap. Men heller blei det ein fridom. Eg kunne reisa meg opp og vera eit heilt menneske. Eg var ikkje lenger bunden av syndesvepa. Eg skulle no oppføra meg redeleg og ryddig og ha ansvar som menneske, men ingen straffande instans skulle komma og dømma meg til eit grusomt helvete. Eg hadde endeleg vunne meg fridom. Dei demoner ingen greidde driva ut og som eg no hadde i livet mitt, var nyttige reiskap til å takla det livet som slett ikkje blei strømlinjeforma og glatt. Den kritiske tenkinga blei nyttig i å velja og byggja seg eit liv der eg kunne leva i fridom og glede.

Eg som før tenkte at det ikkje kunne vera rein glede utan Gud, opplevde ei større glede enn nokon gong før. Fridomsgleda. Så kan ein seia at eg hadde fått ei feil oppfatning av kristendommen. Så kan ein seia at eg feiltolka og missforsto kva trua eigentleg er. Og enno står eg for det eg lærte i dei første åra, det eg lærte om solidaritet og rettferdighet, det eg lærte om ansvar for jorda vi har fått til å ta vare på, og at det du gjer mot ein av dine minste, det gjer du mot meg, - alt dette lever sterkt i meg. Som ein grunnkjerne. Så kanskje har eg enno ei tru, om Gud er langt borte frå meg. Og eg skriv dette fordi muligens somme kan ha nytte av å høyra frå ein truande fråfallen. Det er aldri så enkelt som ein kan meina, det er aldri så rett eller galt som ein kan tenkja. I blant kan livet raspa og riva og spjæra, og kanskje kunne noko blitt annleis på vegen, men så blei det som det blei. Eg har ingen skinnende gullring og kan visa til truskap i gode og vonde dagar. Eg har hatt to gullringar som begge er lagt bort. Eg har ikkje kunna skina ren og rettferdig, men eg har levd og prøvd vera ærleg og følgd hjarta mitt, om det iblant har ført meg på sidevegar, som eg også har lært av.

Men Gud?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt