Verdidebatt

GT er ikkje ei «framand røyst» i kyrkja

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kyrkja lærer at både NT og GT er Guds ord eller «heilag skrift.» Slik blir GT omtalt av Jesus og i resten av NT. Ein viktig del av gudstenesta er å høyra Guds ord. Det bør difor også lesast frå GT. Å lesa GT-tekstar i gudstenesta er ein gammal kristen praksis som ein ser spor av i NT og belegg for i gamle tekstbøker. Ei strengt historisk lesing av GT avslører jo at forfattarane bak av og til hadde andre forestillingar om Gud enn dei kyrkja lærer i dag.

Slik kunne ein seia at tekstane er ei «framand røyst» i kyrkja. Men ei strengt historisk lesing av NT avslører at også forfattarane bak dét av og til hadde andre forestillingar om Gud enn kyrkja lærer i dag, jf. treeiningslæra.

NT er likevel det mest direkte vitnesbyrdet om Jesus. Men både Jesus og apostlane las GT slik at det også var eit vitnesbyrd om han. Dette er ikkje ei historisk tolking av GT. Historiske tolkingar er viktige i kyrkja, men ikkje dei einaste gyldige.

Heilt frå byrjinga har tekstane i GT hjelpt kyrkja gi uttrykk for korleis ho forstår Gud og menneske. Også i dag kan kyrkja bruka GT-tekstar til å formulera og forkynna trua si. Dei har vore ein integrert del av kyrkja sidan Jesus la ut for Emmaus-vandrarane «det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.»

Dei er difor ikkje ei «framand røyst» i kyrkja. Dersom GT er ei jødisk skriftsamling, er kristendom ein jødisk religion. Den er ein av dei to notidige religionane som sprang ut frå antikk jødedom. Kristendom og jødedom har altså felles røter. Noko som kjenneteiknar desse røtene er bøkene som både kyrkja og synagoga reknar som heilag skrift. Når desse tekstane blir lese i synagoga, er dei ikkje «GT». Dei er «Tanak,» jødanes heilage skrift.

Müller skriv: «I dag kan me sjølvsagt ikkje arbeida ut frå den føresetnaden at jødar ikkje forstår sine eigne heilage skrifter.» Me kan heller ikkje arbeida ut frå den føresetnaden at kyrkja ikkje forstår sine eigne heilage skrifter, korkje dei me finn i NT eller dei me finn i GT.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt