Olaug Bollestad ønskjer at KrF skal gå inn i dagens regjering, men då eg høyrde henne tale om dette på det ekstraordinære fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal sist laurdag, høyrde eg ingen argument for saka. Bollestad appellerte i staden til kjensler, og snakka varmt om politikken til KrF. Grøvan og Reiten sin «tredje veg», endar til sjuande og sist også i kompaniskap med dagens regjering. Tore Storehaug fremja partileiaren vår sitt syn. Knut Arild Hareide sin argumentasjon for å prøve ut samarbeid med Senterpartiet og Ap er grundig og gjennomgripande.
KrF har fått gjennomslag for mange viktige saker i samarbeid med dagens regjering. Og det har herska ueinigheit med Ap opp gjennom åra, blant anna om politikk for menneskeverd og i familiepolitikken. Men mange i KrF opplever ikkje denne forskjellen som openberr lenger. Og i staden for å anklage Ap for avkristning, bør Listhaug og FrP heller vere bekymra over utviklinga i eige parti.
Viss du som KrF-ar vil ha Erna og Siv - i staden for Knut Arild - støttar du samtidig eit FrP som arbeider for følgjande saker i sin politikk:
- Fjerne sexkjøpslova
- Tillate aktiv dødshjelp
- Liberalisere abortlova
- Seie ja til tidleg ultralyd
- Fjerne Vinmonopolet, auke taxfreekvoter og bidra til generell liberalisering av alkoholpolitikken
- Seie nei til pornofilter
- Utføre det KrF kallar eit «milliardran»frå verda sine fattige i bistandspolitikken
- Fjerne dagens kontantstøtte
- Støtte SV-forslaget om å utrede støttekutt hos trus- og livssyn
...og elles var eit av KrF sine tydelege signal ved sist val: Partiet skal ikkje gå i regjering med Frp…
Med vennleg helsing frå
Marit Øien Sæverud
kommunestyrerepresentant for KrF i Hareid kommune og
medlem i Møre og Romsdal KrF sitt fylkesstyre