Karl Johan Hallaråker

40    57

Nå dreg det seg til i KrF

KrF sitt sideval nok ein gong. Eg har lenge fått både ris og ros for støtte til Hareide. Støtta står ved lag om vi er usamde om linjevalet den 2.11. Men nå røyner det på. Signala eg får frå folk som var usikre, er at nå ser det ut for at ei lita gruppe strategar tenkjer at målet om å få gå i regjering med Støre, helgar alle midlar. Nå bør partileiinga opptre samla og tilbakehaldande og ikkje tvingast til å opptre på partileiaren sine premisser. Berre negative kommentarar mot dei som ikkje vil gå vegen til venstre, er ikkje parileiaren verdig. I denne situasjonen er det faktisk dei to nestleiarane som har opptrått klokast. Hareide sitt utsagn om at han går i regjering med Støre med ei røysts overvekt, er heller ikkje det klokaste han har sagt til nå. Då bør alle som er usamde senda utsendingar med klar melding

Publisert: 22. okt 2018 / 164 visninger.

KrF står fram som eit kristendemokratisk sentrumsparti, men og som eit tydeleg ikkje- sosialistisk parti. Alle sju regjeringane KrF har delteke i, har vore slike. Rett nok har ikkje alt vore like vellukka, men å skifta slik radikal side utan avtale med veljarane, meiner eg ikkje berre er farleg, men i strid med vanleg parlamentarisk skikk. At det blir foreslått og forsøkt gjennomført i ein periode imot stort fleirtal i stortingsgruppa, er heller ikkje den parlamentarisme eg har lært gjennom åra. Skal ein forsøkja å velja den vegen, bør ein i det minste venta til neste stortingsval.


Eg høyrde partileiar Hareide og nestleiar Ropstad i Bergen 15. okt. Som fleire av oss sa, det var eit stort og godt "haustmøte" i Bergen Indremisjons høgborg. Men analyserer eg dei to innleiingane, må eg vedgå at det var stor skilnad mellom dei to denne gongen, ikkje berre i sideval. Ropstad argumenterte med premisser og konklusjon for sakene KrF har stått for og sigrane med Solberg. Hareide sitt innlegg hadde særleg to fokus - avstanden til Frp er for stor, og Jonas og Ap er blitt så vennlege. Må også seia at det opplevest provoserande at Hareide dagleg får gjenta sitt mantra i media, medan den andre sida knapt blir nemnd. Når han opptrer åleine i denne situasjonen, bør han som partileiar sakleg referera begge posisjonane.


Vel, avstanden til Frp er stor. Eg har brukt mykje av mitt politiske engasjement for å argumentera med at verdimedvitne menneske bør velja KrF og ikkje liberalistane Frp. Eg har forresten lagt til at V sine primærstandpunkt på fleire måtar er Frps politiske søskenbarn om dei aldri så mykje kallar seg sentrumsparti. Det eg legg merke til hos partileiaren og hans støttespelarar i denne saka, er at dei tek fram Frp sine partimessige primærstandpunkt, medan dei nemner Støres -skal eg seia -  luftige tredjestandpunkt som kan høyrast forlokkande ut. Skal ein samanlikna slik må det vera standpunkta på same nivå. For Ap må ein også ta med både partiprogrammet, heile stortingsgruppa, AP kvinnene og AUF + LO. Då er ikkje valet like klart. Eller er det ikkje det? Vi har nyleg fått Menneskeverd si utfordring til å setja abortlova på dagsorden. Vi har høyrt Ropstad si utfording til både Høgre og Ap. Statsminister Solberg sitt svar er imøtekomande. Ap avviser blankt. Påtroppande AUF leiar avviser forresten heilt regjering med KrF, og vil ta partiet sitt lenger til venstre. Hareide  nemner med sympati Støre sin opptreden for nokre veker sidan i Litteraturhuset i Bergen i samtale med biskop Nordhaug. Eg var faktisk der. Det var ein hyggeleg pludrande samtale som lett kunne forståast å ha verdikonservative moment i seg. Men ideologisk var Støre trygt på sosialistisk side i verdispørsmål med stor ideologisk avstand til KrF. Han kunne visst nølande leva med reservasjonsretten for legar om det ikkje kom innvendingar lokalt, men lovfesta slikt var ikkje mogeleg. Eg gjekk ikkje heim den kvelden med viten om at nå var det eit nytt og betre ideologisk Ap vi står overfor med Støre.


Det er reist spørsmål om representativt landsmøte. Ja, i drøfting av mange politiske saker er det viktig at vi høyrer og foreinar kreftene og at alle kjem til orde. Der alle tenkjer likt, tenkjer ingen mykje, sa ein fransk filosof. Men kva er representativt her? Landsmøtet skal ta stilling til om KrF i ein valperiode skal gjera eit radikalt og historisk linjeskifte - mot fleirtalet i stortingsgruppa. Då er ikkje representativt å svara tja, men eit tydeleg ja eller - som eg håpar - nei. KrF er eit ideologisk forankra verdiparti, og kan ikkje enda som eit reint pragmatisk enkeltsaks parti.


Eit av mine hovudpoeng nå er at vi ikkje står med blanke ark slik Hareide og mindretalet i stortingsgruppa synest å meina. Då kunne ein vurdera primærstandpunkt på begge  sider og konkludera kva veg ein ville forhandla først. Realiteten nå er at vi har ei ikkje-sosialistisk regjering med ein populær statsminister Solberg for KrF veljarane. Vi har ei regjeringserklæring som er slik at med KrF kan ein få på plass det som manglar av vårt stempel, slik også Solberg nemner. Hennar svar til Ropstad om å vurdera abortlova er det mest gledelege for LIVET på mage ti-år. Samanlikningsgrunnlaget nå må vera erfaringa med sigrane i Solbergregjeringa og regjeringserklæringa - mot Ap sitt ideologiske program. Dersom ein i stortingsgruppa har komme til at nå må ein ta regjeringsansvar støttar eg opp om det (mitt primærstandpunkt har vore Stortinget denne perioden). Då er det valet med å forhandla med Solberg først, det valet som trass alt vil vera lettast å forstå. Å prøva noko radikalt nytt med 4,2 % i ryggen inne i perioden, kan eg ikkje tilråda. Å påsto at Sp alltid er vår beste venn, har også gløymd at det var Sp i vår siste regjering med dei, som overkjørte KrF og kyrkja i valet av Oslo biskop med å setja inn sin eigen tidlegare partiformann Stålset. Det er vel ein av dei få gongene KrF statsrådar har måtta protokollera usemje. Eg er så gamal at eg har heller ikkje gløymd Sp sitt svik då Kjell Bondevik fekk regjeringspppdraget i 1971. Vedums kommentar til abortdebatten og Ropstad sitt spørsmål, er ingen siger for livet.


Kort sagt - valet står for meg mellom å prøva seg på ei mindretalsregjering til venstre med Lysbakken (SV) på vetovippen (med applaus frå Moxnes (R)), eller ei ikkje-sosialistisk fleirtalsregjering med Solberg og co der KrF både har vippeposisjon i Stortinget og kan setja sitt tydelege stempel på regjeringa si erklæring og politikk mot sorteringssamfunnet, for livet!

2 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Daniel Krussand

10 innlegg  1964 kommentarer

Publisert 27 dager siden
Karl Johan Hallaråker. Gå til den siterte teksten.
fleirtalsregjering med Solberg og co der KrF både har vippeposisjon i Stortinget og kan setja sitt tydelege stempel på regjeringa si erklæring og politikk mot sorteringssamfunnet, for livet!

Hallaråker, du som er Inderemisjonsmann, er det rett å være politiker om man er Jesu disippel.  Blir det ikke for mye kompromiss og dobbelt regnskap?

Bare det å skulle kritisere andre og rose seg selv og egne løsninger blir vel ikke helt «elsk din neste».

Kanskje er det bra at «det dreg seg til».  


Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 4 timer siden / 1869 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Hva er kristendom idag - og imorgen?
rundt 4 timer siden / 293 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Populismens forenklinger
rundt 4 timer siden / 4261 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 4 timer siden / 1869 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 4 timer siden / 5900 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 4 timer siden / 1178 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 5 timer siden / 5900 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 5 timer siden / 1178 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 5 timer siden / 1599 visninger
Les flere