Verdidebatt

Det et noko som betyr meir enn alt anna

Livet har forkjørsrett!" Mennesket er skapt i Guds bilete og har sitt verdistempel frå det er avla i mors liv. Det er grunnen til at mange av oss engasjerte oss i kampen mot fri abort. Vi vil at samfunnet stiller opp både for mor og barn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Livet må ha forkjørsrett. Det er eit av dei aller viktigaste politiske signala vi som KrF-arar kan gje. Difor er vi grunnleggande usamde i dagens abortlov. Det er andre måtar å hjelpa gravide kvinner i vanskeleg situasjon på enn å ta livet av det vesle barnet som veks i magen.  Vi vil heller stilla opp med gode hjelpetiltak. Men i realisme over manglande støtte i Stortinget, må vi i KrF som politisk parti gjera alt vi kan for å luka bort ekstra uheldige sider ved dagens lov. To poeng har komme fram i den siste tida - tvillingabort og abort av barn som har fått påvist "annerledeshet" som Down syndrom. Tenk at berre det at ein er tvilling i mors mage, er det godt nok dødskriterium!

KrF sin dyktige nestleiar Kjell Ingolf Ropstad har stilt spørsmål til Ap og H om korleis dei vil vera villige til å drøfta  dette i eventuelle regjeringsforhandlingar. Det er eit viktig avklaringsspørsmål. Svara er tydelege: Støre og Ap seier blankt nei! Statsminister Solberg viser stor forståing og moralsk mot, og seier at ho har forståing for at dette kjem på bordet. KrF må også få sitt verdistempel på den nye regjeringsplattforma. Ho er altså villig til å drøfta både tvillingabort og å hindra at born som har eit kromosom for mykje, skal vilkårleg måtta bøta med livet.

For oss som har delteke i kampen for livet til borna i mors liv, er statsminister Solberg sine signal noko av det mest gledelege som har skjedd på dette området på mange ti-år. Stor takk til Ropstad som stilte spørsmåla og til statsministeren for ansvarlege etiske svar.

Så har venstresida både i partiet vårt og Stortinget visstnok fått panikk. Sp leiar Vedum sine utspel i tillegg til Ap folka fortel kva vi kan venta av den kanten. Deira mål helgar alle midlar for å få KrF med seg. VL sin politiske redaktør skriv i dag om "Høyres maktdemonstrasjon" som visstnok skal bekymra inn i KrF. Mitt svar er at Solberg bekymrer oss lite når ho vil verna livet. Det var sanneleg heller ikkje Solberg som reiste abortkortet. Ho har svart klokt og ansvarleg. Livet betyr mest - og eg seier med dansedommarane - mi stemme går til Solberg - og Ropstad i denne saka.

Det er mange grunnar til å velja Solberg først. Det store spørsmålet om livet står øvst på lista! Livet betyr nemleg aller mest i kampen mot sorteringssamfunnet!!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt