Lederartikkel Vårt Land

Fridom under press

Også her i Noreg ser vi døme på den urovekkande nytalen som snakkar ned tradisjonelle nyhendemedium.

Publisert: 17. okt 2018 / 184 visninger.

Pressefridomen i verda er mange stader under hardt press. Ifølgje Reporterar utan grenser (RSF) er situasjonen alvorleg i 70 land, med ein kraftig auke både i hatefulle ytringar og fysiske angrep retta mot journalistar.

Ein oversikt frå Comittee to Protect Journalists viser at 1.323 journalistar er blitt drepne sidan 1992. Det er dyster statistikk. Journalistar risikerer fleire stader døden når dei utfører samfunnsoppdraget sitt, særleg når dei går styresmaktene etter i saumane.

LES OGSÅ: Han blir enda et navn på en lang dødsliste

Den plutselege forsvinninga til den saudi­arabiske dissidenten og Washington Post-­journalisten Jamal Kashoggi har fått mykje merksemd dei ­seinaste dagane. Kashoggi skreiv kritiske artiklar om dei ­saudi-arabiske styresmaktene. Sidan han gjekk inn på Saudi-Arabias konsulat i Istanbul tysdag for to veker sidan, har ingen sett han.

Dersom Kashoggi er drepen, er det eit nytt tilbakeslag for pressefridomen. Det same kan ­seiast om den bulgarske journalisten Viktoria ­Marinova, som nyleg blei valdteken og drepen i ein park. Likt saka kring Kashoggi, er omstenda uklåre, men ­drapet skjedde etter at Marinova hadde drive kritisk ­næringslivsjournalistikk. Den vidare etterforskinga vil forhåpentleg avdekke meir.

Noreg ligg på toppen av lista som Reportarar utan grenser utarbeider om vilkåra for pressefridomen i dei ulike landa i ­verda. Dette skal vi vere takknemlege for. Vi har ei velfungerande presse og eit velfungerande demokrati. Samtidig skal vi også vere på vakt mot hets ­særleg retta mot kvinnelege journalistar og samfunnsdebattantar. Det er fleire som har opplevd trugslar og hets som ikkje høyrer heime i noko sivilisert samfunn.

I eit fridomsdyrkande land som USA har ­president Trump, som no har engasjert seg i saka kring ­Kashoggi, tidlegare gått i bresjen for å stemple «mainstream media» som upålitelege. Dette har ikkje vore med på å auke fridomen for amerikanske journalistar. Også her i Noreg ser vi døme på den urovekkande nytalen som snakkar ned tradisjonelle nyhendemedium.

LES OGSÅ: Spillet om pastoren

Hatet mot journalistar er ein av dei største trugslane mot demokratiet, ifølgje Reportarar utan grenser. Pressefridomen er ein viktig samfunnsverdi. Stadig døyr det journalistar mens dei forsvarer han.

1 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Isak BK Aasvestad

20 innlegg  2102 kommentarer

Publisert rundt 1 måned siden
Vårt Land. Gå til den siterte teksten.
Pressefridomen er ein viktig samfunnsverdi. Stadig døyr det journalistar mens dei forsvarer han.

Pressen fyller en viktig samfunnsfunksjon. Og nettopp derfor kan pressen og journalister ikke være hevet over kritikk. 

Hvis det er noe som er "nytale" så er det å kalle slik kritikk for "å snakke ned".

Hvis det er noe som er "nytale" så er det å snakke om mordet på journalisten Kashoggi i samme åndedrag som Trumps kritikk av pressen.

2 liker  
Svar
Kommentar #2

Hermod Herstad

0 innlegg  7380 kommentarer

Publisert rundt 1 måned siden
Vårt Land. Gå til den siterte teksten.
I eit fridomsdyrkande land som USA har ­president Trump, som no har engasjert seg i saka kring ­Kashoggi,

Om det med "engasjert seg i", menes at Trump har sett seg tvunget til å uttale seg om saken, er det riktig. Foreløpig ser hans engasjement ut til å gå ut på å lete etter utveier som kan feie saken under teppet! 

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Dan Lyngmyr kommenterte på
Ambassadør Roth, femti år er nok!
11 minutter siden / 373 visninger
Roger Johnsen kommenterte på
KrFs skjebnesvangre veivalg - et svik mot de svake i samfunnet
17 minutter siden / 838 visninger
Håvard Nyhus kommenterte på
La rett gå for nåde
17 minutter siden / 140 visninger
Roger Johnsen kommenterte på
KrF ble styrt inn i høyrefellen
28 minutter siden / 808 visninger
Tore Olsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
29 minutter siden / 977 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
32 minutter siden / 5783 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
43 minutter siden / 5783 visninger
Eirik A. Steenhoff kommenterte på
Hva er kristendom idag - og imorgen?
44 minutter siden / 50 visninger
Karl Øyvind Jordell kommenterte på
La rett gå for nåde
rundt 1 time siden / 140 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Skoleverket som forsvar for demokratiet
rundt 1 time siden / 442 visninger
Les flere