Verdidebatt

Gud, - "den vannmektige"?

Er ikkje kristendommen sin gud god? Eller har han mista makta si?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Nå har «han der oppe» mista kontrollen», bli det ofte litt harselerande sagt. Eller: «Eg kan ikkje tru på ein gud som tillet all denne krig og vondskap i verda». Anten er han rett og slett vond; - slett ikkje allmektig; - eller så finst han ikkje! I alle høve vitnar ikkje verdshendingane om at det finst ein kjærleg og god «Gud» med stor «G»!

Eg trur på ein gud som let seg skamfara og så å bli på hengd ein kross! Det kallar eg å gjera seg solidarisk med ei ille prøvd menneskeætt. Jesus, - han som døydde på krossen, var den allmektige Gud. - Johs.10.30: «Eg og Faderen er eitt». - Johs.14.8og9: «--vis oss Faderen - - - - den som har sett meg har sett Faderen; korleis kan du då seia: vis oss Faderen?»  Dauden kunne sjølsagt ikkje halda på Den allmektige Gud. Han sto opp att! Men han har gjort seg til eitt med våre vilkår. Han har prøvd dødsangsten og dødspina til dei grader at han sveitta blod! - Luk.23.44: «- -og sveitten hans fall som bloddråpar til jorda.»

Det finnst djevelskap i verda, det er svært tydeleg, At denne også finnst inne i oss er og tydeleg når ein ser kva som svært ofte tyt ut. Vondskap som også kan nemnast med eit tabuord som heiter «synd». Me syndar i «tankar, ord og gjerningar» som kyrkja si truvedkjenning uttrykkjer det. Alt tek til med ein tanke som lett kan enda i ein «vondskap» som i all rettferds namn krev si straff. Ja, både tanken, ordet og gjerninga er like ille i Guds auge. Svært vanskeleg for oss å gjera noko med dette som ligg så rotfesta der inne. Me må ha hjelp. Djevelskapen kan bevisast. Gud kan berre erfarast. Men finst det ein Djevel er det rimeleg å tru at det finst ein Gud. Den oppstadne Jesus Kristus, - sann Gud og sant menneske, kan bli beviset når me vågar å tru. Det er denne sanne Gud som i vår vannmakt kom som sant menneske, let seg krossfesta og døy i vår plass. Tok straffa og døydde for meg,- for oss! Kolosserane 3; 3-4 «For de er alt døde, og livet dykkar er gøymt med Kristus i Gud. Men når Kristus, - dykkar liv, openberrar seg, (når han kjem attende) skal de og openberrast i herlegdom saman med han!» 

 Gud har ein plan i all håpløysa. Han hadde det frå begynnelsen av. Han har ikkje gjeve oss opp, men han vil ha flest mulig av oss med før han set strek og skapar nytt. Alle må få vita, og ennå har ikkje bodskapen blitt forkynnt i «all verda» slik oppdraget var. I dag er det ikkje i Bibelen dei fleste finn «dommedagsprofetiar». Det er i media. Rapportar om føreståande miljø- og klimakatastrofe, - alvorlegare konfliktar, migrasjon og overbefolkning truar med å gjera ende på oss.

 SVhovdingen og stortingsmannen Berge Furre heldt ei 1.maipreike over dette temaet i Nidarosdomen for mange år sidan. Han runda av preika si på denne måten, - fritt sitert:

«Det vonde er der, tungt og vanskeleg, men vi kan likevel sjå den jord Gud har skapt slik ho verkeleg er,- utan dødens skugge. Og det kan vi gjera fordi livet er lova siger! Det har altså hendt noko som gjer at det nyttar. Dødskreftene har ikkje rett! Det er livet og håpet som har rett!»

Oddvar Haugland, Vikedal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt