Verdidebatt

Jesus, Ivar Aasen og sosialisme

Eit avisinnlegg eg hadde på trykk i 2012, har blitt aktualisert av Knut Arild Hareide si opning for at KrF kan kome til å gå i regjering med venstresida i norsk politikk. Dei fleste som er innom denne nettsida har sjølvsagt ikkje lest innlegget tidlegare, og eg tillet meg derfor å legge det ut her no.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Heilt sidan eg vart gamal nok til å lære litt om sosialisme, om kva slags horrible samfunnsforhold den var tenkt å vere eit botemiddel på, så har det forundra meg sterkt kor uglesett sosialismebegrepet har vore her på Sunnmøre, der eg altså kjem ifrå .

 Alle i min generasjon og på mine trakter, fekk på folkeskulen på 1950-talet grundig opplæring i Jesus si lære. Når eg så etter kvart kom vidare på andre skular, og der også fekk kjennskap til prinsippa i sosialismen, då vart det for meg opplagt at slik vi fekk framstilt Jesusskikkelsen, så ville han opplagt ha støtta eit sosialistisk prosjekt dersom han hadde levd i vår tid.

 Eg har vore i "eit par kranglar" om dette tidlegare, og det har kome fram at folk ofte blir "hengande" i  dels diametralt motsette idéar om kva sosialisme står for. Foreldregenerasjonen min kopla nok eksempelvis sosialisme sterkt til Stalin sin politikk i Sovjetsamveldet. Ikkje til å undrast over at dei då fekk sosialismeordet i vrangstrupen. Slik eg har lært å forstå sosialisme, står den ideologien derimot for eit opplegg som prøver å sikre ei anstendig fordeling av "godene", på bekostning av rikfolk sin fridom til å utbytte fattigfolk. Ei haldning eg hadde trudd ville vere naturleg blandt "gode sunnmøringar"...

 Ein grunn til at sunnmøringane likevel ikkje har sett på sosialisme som "ei aktuell problemstilling", kan vere den samfunns- og næringslivshistoria vi har hatt i dette distriktet. Ein ting er at vi stort sett var sparde for væreigar-veldet som Nord-Norge lenge var dominert av. Sunnmøringen i gamledagar var ofte fiskarbonde med ei basisinntekt frå jordbruk, og dermed ikkje heilt i lomma på ein væreigar, slik mange fiskarar var lenger nord, der dei nok kjende på eit større behov for vern mot utbytting.

På landsida skjedde industrialiseringa i vårt distrikt i stor grad i form av små bedrifter. Dei var som regel eigde av driftige gründerar, som naboane kunne sjå ofte arbeidde  meir enn dei tilsette for å endane til å møtest, og som elles levde som “vanlege folk“. Alt pratet om kapitalistar som utbytta arbeidsfolk, hadde då forståeleg nok skrøpeleg grobotn.

 I den tida sosialismen kom på banen, kan det altså tyde på at klasseskilja på Sunnmøre var mindre provoserande enn dei kunne vere andre stader i landet.  

Det kan sjå ut som om Ivar Aasen likevel hadde merka seg dette klasseskilje då han skreiv “Mellom bakkar og berg”. I to - lenge bortgøymde - vers, framstår han i allefall på det næraste som sosialist i sin varme hyllest til god utjamning mellom folk. Dei to versa er slik:
           
            Sud om havet hanstundom laut skrida,
            Der var rikdom påbenkjer og bord,
            men ikring såg hantrældomen kvida,
            og så vende han attermot nord.
 
            Lat no andre omstorleiken kivast,
            lat deim bragla medrikdom og høgd.
            Mellom kaksar eg litekan trivast,
            mellom jamningar helster eg nøgd.
 
Når Ivar Aasen kom heimatt til Sunnmøre, då kjende han seg “mellom jamningar”. Og folk som kjenner seg mellom likemenn, dei bur i samfunn som har teke vare på verdiar som sosialismen har som oppgave å forsvare, nemleg ei anstendig fordeling. Og det ser i alle fall ikkje ut til at høgresida i politikken kan stolast på når det gjeld å forsvare ei slik fordeling... 

 Det er litt urovekkande at vår generelle, private velstand no til dags, gjer at folk flest ser ut til å oppleve politikk som kjedeleg og irrelevant for deira eigen situasjon.  Det gjorde sikkert folk på Island også inntil nyleg, før økonomien i det landet kollapsa... Ein del sosialisme-inspirerte tiltak har rett nok "redda stumpane"på eit vis der, men vi burde prøve å lære av andre si ulukke: For eksempel at ein frislepp av finanssektoren inneber ein voldsom risiko. Det at finanssektoren i mange land no  får "høgrepolitiske redningspakkar" og lov til å "ture fram" i same sporet som før, er ikkje mindre enn ufatteleg. Slik politikk har i alle fall ingen ting med sosialisme å gjere, og at den får halde fram, viser kor farleg lite sjølvkritikk liberalismetilhengarane har evne til...

 Dei som meiner at dette innlegget er "heilt på trynet", burde ta seg tid til å lese ei bok som er å få på norsk under tittelen Ulikhetens pris. Den er av to amerikanerar, Richard Wilkinson og Kate Pickett, og inneheld slåande dokumentasjon på korleis gode samfunn er å finne der inntektsforskjellane er små, og tilsvarande korleis "masse elendigheit" er å finne i samfunn der kakse-skiktet tener enormt mykje meir enn vanlege folk... Eg har eit inntrykk av at folk på høgresida i denne debatten, den rundt fordeling kontra "næringslivs-frislepp", ikkje vågar å lese slike bøker. Derfor skulle eg gjerne sett eit innlegg frå ein som er frikonkurranse-tilhengar, som likevel har lest denne boka, og som evt kan forklare kva som er gale i den framstillinga forfattarane gjer i denne boka...

(Dette innlegget skreiv eg altså i 2012, og har no blitt eit aprops til KrF sitt aktuelle valg av samarbeidspartnerar i politikken.)
 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt