Lederartikkel Vårt Land

Ingen grunn til optimisme

Vi trenger håpet, men vi trenger ikke den grunnløse optimismen.

Publisert: 12. okt 2018 / 1308 visninger.

Samme dag som statsbudsjettet ble lagt fram på mandag, la FNs klimapanel fram nok en nedslående rapport om klodens framtid.

Vårt land har allerede skrevet mye om rapporten, og vi er ikke alene. Den største K-en i vår tid er ikke K-en i KRLE-faget, men K-en i Klima. Det er håndteringen av dette problemet vi vil bli målt på i ettertiden. Ikke innvandringsspørsmål, ikke diskusjoner om norske verdier, ikke antall bygde kulturhus.

LES OGSÅ: Misfornøyd med klimasatsingen 

Men der noen ser problemer, ser andre mulig
heter, heter det. I siste nummer av Obos-bladet, skriver samfunnsøkonom Jan Ludvig Andreassen optimistisk under tittelen «En ny vår for Sørlandet». Bakteppet er den rekordvarme sommeren i Norge og resten av Europa: «I et slikt, ‘Norge det nye syden og syden det nye Sahara’-scenario tegner det seg mange spennende muligheter for norsk næringsliv», skriver han.

Også vintersportmiljøet er i full gang med å tenke ut hvordan man kan snu noe negativt til noe positivt og kanskje profitere litt på at også vintrene har fått «en ny vår». Her brukes nyord som «natursnø» om det vi før ganske enkelt kalte snø. Og det snakkes om «oversomring», som er store anlegg for å ta vare på den dyrebare snøen som falt i fjor – altså det motsatte av overvintring. Også her er det nok «mange spennende muligheter for norsk næringsliv».

Selv kunne vi gjerne klart oss uten denne spenningen.

Alle er enige om at handlingslammelse ikke fører noe godt med seg. Sier vi at ingenting nytter, har vi gitt opp. Derfor trenger vi håpet. Men det vi ikke trenger, er den grunnløse optimismen, og glidningen i tankesett over fra «dette må vi stanse», til «vi får gjøre det beste ut av dette». For begynner vi å tenke at vi skal gjøre det beste ut av situasjonen, da sløver vi også ned ambisjonene.

LES OGSÅ: Frykter seks meter havstigning 

Teknologien vil spille en avgjørende rolle, men den kan ikke redde oss alene. Det er grunnleggende endringer i levesettet som må til, når det gjelder hva vi spiser og hvordan vi beveger oss. Den dårlige nyheten er at vi virker svært dårlig i stand til å gjøre det som kreves av hver og en av oss. Den gode nyheten er at disse endringene ikke egentlig vil gå ut over livskvaliteten vår.

1 liker  
Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Hallvard Jørgensen

64 innlegg  1463 kommentarer

Røtene til klimakrisa går djupt

Publisert rundt 1 måned siden

Takk for ein konstruktiv leiarartikkel. Eg har nokre innspel, eg set dei opp punktvis, då det blir litt for ressurskrevjande å redigere for mykje. 


- Klimakrisa ber etter mitt syn vitnesbyrd om at noko djupt og omfattande er gale med vestleg sivilisasjon for tida. Det dreier seg ikkje berre om fly, til dømes, og sortering av plast. Det er viktige ting, naturlegvis. Men klimakrisa dreier seg også om heilt fundamentale verdiar knytta til kva det vil seie å vere menneske, kva eit menneskeliv skal dreie seg om, kva moral er, kva meininga med tilveret er. 

Ting heng saman, meiner eg. Når menneske i dag frenetisk (Hartmut Rosas uttrykk) opplever at dei må fylle livet med opplevingar, erfaringar og ting, så er det mykje på grunn av andeleg og eksistensielt tomrom. Det har på sett og vis med mangel på religion og spiritualitet å gjere.  (Eg tenker då religion og spiritualitet i veldig vid forstand, som struktur og ramme for heile det opplevde tilveret). Dette er eit viktig poeng som gjerast av m. a. Hartmut Rosa. "1000 ting å gjere før du døyr", seiast det stundom. Det handlar jo om tyrst etter å oppleve meining med livet, at ein lever livet slik ein burde.

Vidare: Marknaden utnyttar alle slags manglande oppfylte behov, ikkje minst knytt til sosial anerkjenning, status, og fellesskap. Mange av marknadstilboda er sterkt miljøbelastande. Dette har å gjere med individualistisk og liberalistisk ideologi, ikkje sant. Vi har ikkje så mange "naturlege band" mellom oss lenger, særleg i urbane strøk. Men å vere menneske er å tørste etter anerkjenning og nære band. John Milbank seier endog at dette er det aller viktigaste behovet for eit menneske! 

Marknaden og materialisme steppar inn, til dømes i form av sosiale medier. Men ein kjem ikkje utanom tradisjonane frå religion, spiritualitet og filosofi (men også evolusjonsbiologi, psykologi etc.) for å gjen-etablere desse spirituelle og materielle og sosiale banda mellom oss. I det minste trengst det ein kritisk gjennomgang av den ideologien som i dag informerer oss på dette området (arven frå Hobbes , Rawls etc.) Så er det også ei praktisk-kulturell oppgåve å fasilitere banda. 


Marknad, individualisme, liberalisme, har sine positive og nødvendige sider, naturlegvis. Men så er det også (potensielt, og ofte i praksis) eit beist i vår midte, som med glede forast av våre politikarar. Eg høyrde på Dagsnytt 18 her om dagen. Politisk debatt om FNs klimarapport, som var alarmerande. Politikarane var positive og konstruktive med tanke på tiltak. Men ein av ekspertane sa det som det var: Dei tiltaka som no gjeld, vil ikkje monne. Ein annan dag høyrde eg ein annan politisk debatt. Det vart sagt at Noreg skal ha 60% vekst i kjøpekraft dei neste åra. Dette er jo berre mykje meir av den liberalismen og kapitalismen som har skapt klimakrisa. 

Dag O Hessen, som hadde mange viktige innspel om natur og miljø, sa at "vi forstår problemet rasjonelt, men ikke emosjonelt." Men dette må nok utvidast. Eg trur ikkje at det rasjonelle problemet heilt er anerkjent, fordi det inneber å kome andlet til andlet med reelle dilemma for Noreg, der verdiar står mot verdiar. Og det vil innebere, trur eg, radikalt andre ideologiske verdsetjingar. Eg er då samd i leiarartikkelen når den seier at dette vil vere endringar til det betre. For veit verkeleg den moderne marknaden kva som er godt for oss menneske? 

I den grad den gjer det, så er det uansett ikkje  dette som styrer marknaden. Det er derimot profitt, for ein stor del lausrive frå moral og kva som er godt for menneske, fellesskap og planet. Det kan verke radikalt å seie det slik, men eg har vorte overtydd om at det for ein stor del faktisk er sant, dvs. særleg når det gjeld dei store selskapa. Desse selskapa vil jo gjerne framstille seg sjølv som positive, gode etc., og dei brukar mykje makt for å leggje dette fram. Og mykje dei gjer er jo godt. Men mykje kan også vere veldig skadeleg. Det er berre å lese bøker innan fysiologi, evolusjonspsykologi, sosialpsykologi o. l. frå verdas største ekspertar, og så jamføre med kva marknaden tilbyd av ulike varer og tenester. Det er eit brogete bilete, for å seie det slik. 

Tidlegare i sumar las eg Naomi Klein og Pankaj Mishra. Klein skriv om klimakrisa og kapitalismen. Mishra skriv om årsakene til framandgjering og spenningar i vesten i dag. Båe peika mot pave Frans sin encyclika "Laudato si" som den mest fruktbare vegen vidare, i å stake ut ein kurs for framtida. Verken Klein eller Mishra er for øvrig kristne. Dette var interessant for meg å lese. Men dei gamle kyrkjene forvaltar pre-moderne ressursar som vi treng i dag, knytt til kva som er eit godt og sunt liv, korleis vi byggjer fellesskap, korleis vi kan tenke om vår plass i den store samanhengen, samt moralske retningsliner for bruk og utnytting av skaparverket.  Verdiane som paven legg fram, er langt på veg allmennmenneskelege og mytologiske, kan ein seie. Mykje av det kan og bør delast av menneske med god vilje, slik også ein generelt vesten kan finne mykje godt i buddhisme, human-etikk osb. 

Igjen takk for at de tek opp tematikken, både godt og konstruktivt, Vårt Land. 


Svar
Kommentar #2

Per Steinar Runde

208 innlegg  2450 kommentarer

Den tidsrette frelsesbodskapen

Publisert rundt 1 måned siden
Vårt Land. Gå til den siterte teksten.
Den største K-en i vår tid er ikke K-en i KRLE-faget, men K-en i Klima.

Eg trur sjølvsagt på menneskeskapte miljøproblem, men mindre på dei 'falske' klima- og domsprofetane. Mange av dei som forkynner jordas undergang og vår tids frelsesbodskap, høyrer nemleg sjølv til ei velsituert klasse med eit forbruk og ei reiseverksemd langt over middels. 

Gudsfrykt med nøysemd, var parolen i kristen samanheng tidlegare. Den var betre og kombinerer begge omsyn. Det er tragisk når Vårt Land i staden set omtanke for miljø og klima som motstykke til og meir viktig enn kristen oppdraging. 

"Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?" Luk. 18,8.

"Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå." Matt. 24,35

5 liker  
Svar
Kommentar #3

Hallvard Jørgensen

64 innlegg  1463 kommentarer

My two cents

Publisert rundt 1 måned siden

Ja, det er jo litt gøy å diskutere. Og dette er jo eit viktig tema. Reknar ikkje med at alle deler mine tankar om det fylgjande (godt vi har ei økumenisk kyrkje og at eg verken er biskop eller pave). 

Men...eg tenker vel at Jesus såg for seg ein snarleg apokalyptisk undergang...som altså ikkje kom på det viset eller på den tida som Jesus trudde. Betyr det at kristendomen som sådan er falsifisert? Hm. Mange har tenkt det, naturlegvis. Eg er ikkje så sikker på det, og trur det finst andre perspektiv som kan vere fruktbare og konstruktive. Jesus var trass alt ein profet, vart det sagt. Korleis "ser" profetar, korleis "skjelnar dei" Guds vilje? Dei les teikna i tida, er i kontakt med tradisjonane, har syner og mediterer osb. (Mykje av dette er heilt eksplisitt i evangelia, og representerer ein langt meir mangefasettert openberringsforståing enn det protestantiske "God said it, I believe it, that settles it." Men klart, også denne forståinga finn vi i ulike former i evangelia og NT.)

Problemstillinga diskuterast diverre lite blant norske teologar. Det er leitt, for, som Geelmuyden Kiese understreka, så er det sentrale spørsmålet for Dnk om ein verkeleg trur på eigen bodskap. Og då må ein vel til kjernen av trua - kven var Jesus, og kva betyr Jesus for oss?

I så måte har eg tenkt på at klimakrisa har slåande parallellar til den nytestamentlege apokalyptiske bodskapen.  Det fløymer over av slike parallellar, for å seie det slik. Geir Ramnefjell i Dagbladet tala om at den komande krisa "for alle praktiske formål er dommedag" om temperaturen stig for mykje. Nett slik Jesus såg for seg i si tid. 

Og kva gjorde Jesus i ei slik tid? Vel, mykje av dei tinga som også vi bør gjere for å førebu oss for eit potensielt komande domedag. Veldig mykje av evangelia sin visdom er dermed svært relevant inn i vår tids krise, vil no eg meine, om enn ikkje på direkte vis, som om evangelia sånn "eigentleg" talar direkte om år 2018 etc. Og klart, mange tiltak etc. må jo også vere av vitskapleg, politisk, sosial, administrativ etc. etc. art. 

"Gudsfrykt med nøysemd" er ja, ein veldig god og tankevekkande og relevant parole, som Per Steinar poengterer. "Har vi mat og klede skal vi vere nøgde med det," sa Paulus ein gong. Eller: "Kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt." Etc. Ganske sterke spenningar der, til kapitalistisk liberalistisk ideologi :-S :-S 

Svar
Kommentar #4

Johan Rosberg

19 innlegg  434 kommentarer

Publisert rundt 1 måned siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.
Gudsfrykt med nøysemd, var parolen i kristen samanheng tidlegare. Den var betre og kombinerer begge omsyn. Det er tragisk når Vårt Land i staden set omtanke for miljø og klima som motstykke til og meir viktig enn kristen oppdraging. 

Jeg er villig til å vedde en hundrings på at klimarealitetssjokket mange får seg i disse tider, ligner mer på en "bli født på ny-opplevelse" enn en sedat og virkelighetsfjern kristenoppdragelse - som noe man etter "beste" mening tror er en bred og fin vei - selv om man pliktskyldigst prediker at den er smal. Underlig...

1 liker  
Svar
Kommentar #5

Per Steinar Runde

208 innlegg  2450 kommentarer

Spissformulert

Publisert rundt 1 måned siden
Per Steinar Runde. Gå til den siterte teksten.
Eg trur sjølvsagt på menneskeskapte miljøproblem, men mindre på dei 'falske' klima- og domsprofetane. Mange av dei som forkynner jordas undergang og vår tids frelsesbodskap, høyrer nemleg sjølv til ei velsituert klasse med eit forbruk og ei reiseverksemd langt over middels. 

I dag las eg denne brannfakkelen på NRK Ytring: https://www.nrk.no/ytring/verden-gar-til-helvete-1.14244374 , skriven av Johan Mjønes. Han spissformulerer poenget mitt.

Svar
Kommentar #6

Daniel Krussand

10 innlegg  1964 kommentarer

Løsningen er funnet!

Publisert 28 dager siden

Rektor Lønnings bok, «Jordboka» har løsningen på alle klimaproblem.

Om vi dyrker store deler av våre åkre og kjøkkenhager slik han anbefaler vil så store mengder karbon bindes til dette dyrkbare jordsmonn at temperaturen vil synke og gjenopprettes til normalen.  Les selv på nettsidene til jordbruksskolen der han jobber.  Boka er en bestselger og bøndene er i gang.  

Det er noe utrolig over det hysteriet vi får servert om klima.  Samtidig reiser disse klimaforskerne verden rundt med fly jevn og trutt.  De meler selvsagt sin egen kake.  Hadde de trodd på sitt budskap, hadde de ikke tatt flløyet, og de hadde levd nøysomt i sier nærmiljø.

Men avisen Vårt Land, hva får dere til å fyre opp under frykten?


Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 4 timer siden / 1869 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Hva er kristendom idag - og imorgen?
rundt 4 timer siden / 294 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Populismens forenklinger
rundt 4 timer siden / 4264 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
rundt 4 timer siden / 1869 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 4 timer siden / 5900 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 5 timer siden / 1178 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 5 timer siden / 5900 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 5 timer siden / 1178 visninger
Rolf Larsen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 5 timer siden / 1600 visninger
Les flere