Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Satire, ikkje religion

Ingen vil skuldast for å vere humørlause, heller ikkje ­religiøse. Men Den europeiske menneskerettsdomstolen bør sette foten ned for at tilbeding av eit spagettimonster er sann religiøs utøving.

Publisert: 9. okt 2018

‘For ein ukjend Gud’, stod det på altaret som apostelen Paulus merka seg då han gjekk rundt og studerte heilagdomane i oldtidas Athen. Det er lite truleg at denne ukjende Gud var eit flygande spagettimonster.
Slik Paulus gjorde det, lever vi også i dag i religionsmangfaldet si tid. Men nokre av oss har ikkje nok med dei religionane som allereie finst. Stadig kjem det nye aspirerande «religionar» til. Felles for mange av desse er eit sterkt innslag av satire.

 

Dørslag på hovudet. Nederlandsk rett har nyleg underkjent den såkalla pastafarianismen som ekte religion. Tilhengar­ane av denne retninga, som også blir kalla for Kyrkja av det flygande spagettimonsteret, trur at verda blei skapt av ein guddom av spag­etti. Som religiøst kjenne­teikn ber dei eit dørslag på hovudet. Ein av tilhengarane, nederlandske Mienke de Wilde, fekk i retten avslag på kravet om å bere dørslaget på hovudet på passbilete og førarkort.

 

Humor. Avisa VG har vore i Nederland og intervjua de Wilde­, som no har teke saka ­vidare til den europeiske menneskerettsdomstolen. «Bare fordi det er morsomt, betyr ikke at det ikke er et viktig budskap bak. Hadde flere mennesker tatt seg selv mindre høytidelig, ­hadde verden vært et fredeligere sted», seier de Wilde. Til dette er det mange truande som kan seie ja og amen.

 

Skit og kanel. Like fullt er det i denne samanhengen nødvendig å skilje klinten frå kveiten og skiten frå kanelen. Kyrkja av det flygande spagettimonsteret blei oppretta av den amerikanske fysikaren Bobby Henderson så seint som i 2005, som ein respons på at skulane i delstaten Kansas skulle undervise like mykje i ­intelligent design som i evolusjonsteori. Det går an å skjønne frustrasjonen hans, og Henderson skal ha for ein kreativ respons, men reli­gionsstiftar fortener han ikkje å bli omtalt som.
Både Kulturdepartementet og Fylkesmannen i Rogaland har tidlegare avslått søknadar på å få Kyrkja av det flygande spagettimonsteret godkjent som trussamfunn i Noreg. I avslaga har Kulturdepartementet argumentert med at det ikkje er nok å vere ei antireligiøs rørsle, drive med humor og satire og ha reglar for livsutfalding, for å bli registrert etter trussamfunnslova. Her har departementet gjort ein stødig jobb. Trusfridom er retten til å utøve si personlege tru, ikkje retten til å få statleg støtte til nyoppretta satirereligionar.

 

Lite krenking. Ein kan likevel sjå for seg eit aukande press på dette området i framtida. I «Lov om trudomssamfunn og ymist anna» heiter det i den første ­paragrafen at «alle har rett til å driva religiøs verksemd åleine eller saman med andre, og til å skipa trudomssamfunn når rett og sømd ikkje vert krenkt». For kven blir vel krenkt av eit flygande spagettimonster? ­«Religionen» er umog­leg å ta på ­alvor, og eig heller ikkje krenkingas kraft.
Ein oversikt Fri Tanke, nett­avisa til Human-Etisk Forbund, laga i fjor, listar opp fleire forsøk som er blitt gjorde på å bli registrert som trussamfunn i Noreg. Lista er mest av alt eigna­ til å spreie latter i kvardagen. Dudeismen, eller «Church of The Latter Day Dude», tek utgangspunkt i kultfilmen The Big ­Lebowski og oppmuntrar til å vere avslappa i møte med det vanskelege i livet, og heller bade, bowle og henge med venner. «De tiltrekkendes forsamling» ser på magnetismen som si religiøse tru. «Den hattolske kirke» skil seg frå Den katolske kyrkja hovudsakleg ved å sjå på hatten som eit heilagt ­objekt. «Juledommen» hevdar at julenissen har skapt verda, og at reinsdyr er heilage.


Skråblikk. No skal altså pasta­farianismen, Kyrkja av det flygande spagettimonsteret, opp for Den europeiske­ menneskerettsdomstolen i Stras­bourg. Konklusjonen bør vere gitt. Pastafarianismen er underhaldande nok, og gir eit morosamt skråblikk på religiøs praksis. Eg ler gjerne med pastafarianarane, men religion driv dei ikkje med. Dette er satire. Dermed pasta.

4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Morten Christiansen

18 innlegg  10560 kommentarer

Publisert 8 måneder siden

Siden det er kjent at CSM ble laget, så kan man si at det er en forskjell fra andre religioner, som man hevder og mange virkelig tror er sanne.


Poenget dog, er at det er like lite bevis for den ene som den andre, og hvordan skal en stat avgjøre hvem som er seriøse og hvem som ikke er det? Hvem er en kult og hvem er en religion? Hvordan sikre likebehandling? Hvor setter vi grensen?


En sekulær stat burde ikke involvere seg i religon.  Konklusjon.

1 liker  

Mest leste siste måned

Bryllup med bismak
av
Trond Langen
28 dager siden / 2310 visninger
Den verkeleg raude fare
av
Emil André Erstad
20 dager siden / 1895 visninger
Kjønnsideologi på avveie
av
Marit Johanne Bruset
13 dager siden / 1891 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
rundt 1 måned siden / 1809 visninger
Spooky sjamanisme?
av
Vårt Land
25 dager siden / 1763 visninger
Kunnskapsløst om «koranskoler»
av
Usman Rana
13 dager siden / 1531 visninger
Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
rundt 1 måned siden / 1300 visninger
En fallende stjerne?
av
Vårt Land
13 dager siden / 1226 visninger
Kallmyrs tabbe
av
Vårt Land
16 dager siden / 1158 visninger
Forledet av Frp
av
Vårt Land
20 dager siden / 1096 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere