Svein Helgesen

15

Hareide – utfordrande og konsistent

Vågar KrF’s landsstyre å gi Hareide tillit og følgje partileiaren sin modige marsjordre? Er Ap og Sp villige til å byggje eit felles verdimessig og politisk grunnlag for å ta Norge i ei ny og meir tydeleg sentrumspolitisk retning? Eller vil det meste når Stortinget tar juleferie vere tilbake til det gamle, bortsett frå at dei to blokkene i politikken er endå fastare sementert enn nokon gong?

Publisert: 7. okt 2018

Knut Arild Hareide har skapt ny dynamikk i norsk politikk. Enkelte kallar det politisk jordskjelv. Uansett korleis KrF’s ekstraordinære landsmøte i november reagerer og konkluderer, har han skrive namnet sitt inn i norsk politisk historie med feite typar.

Utfordring i fleire retningar
Både i boka «Det som betyr noe» og talen til sitt eige landsstyre utfordrar KrF-leiaren både internt og eksternt:

- Med sitt politiske prosjekt med hovudfokus på kampen for eit   varmare samfunn tar han grep om den politiske agendaen og gjer verdiforankring og politisk retning i vid forstand til det viktigaste testspørsmålet for forpliktande politisk samarbeid.
- Han tar eit overraskande kraftfullt oppgjer med ein politikk med forankring i eit tyngdepunkt lengre til høgre enn noko anna regjering i norsk historie.
- Som utgangspunkt for ei ny politisk retning utfordrar han Ap og Sp til samtale om grunnlaget for ei ny regjering forankra i kristen kultur- og verdiarv og med eit tyngdepunkt langt nærare sentrum enn Solbergregjeringa.
- Han utfordrar seg sjølv og sine eigne partifeller til å våge å stå for det partiet har sagt i fleire tiår:  KrF er eit sentrumsparti som kan samarbeide med parti både til høgre og venstre for seg. Utfordringa er krystallklar: No er tida inne for å våge et steg mot venstre!

Konsistent
Slike utfordringar skaper sjølvsagt reaksjonar. Historisk linjeskifte, seier mange. Det er innvendingar som ikkje står seg. For i forhold til kva KrF sa både før og i etterkant av stortingsvavalet i 2017, er Hareide meir konsistent enn dei fleste:

- Han står klippefast på landsmøtepunktet om at KrF er eit kristendemokratisk sentrumsparti som ønskjer ei ny regjering med ein annan politikk enn den som er blitt ført av H og FrP.
- Han bekreftar landsmøtets ønske og vilje til å søkje regjeringsmakt basert på styrkeforhold mellom partia og eit sterkast mogleg sentrum.
- Han gjentar landsmøtets føretrekte ønske om ei sentrum-Høgre regjering, samtidig som han med utgangspunkt i politisk analyse bekreftar konklusjonen om at avstanden til FrP fortsatt er så stor at eit regjeringssamarbeid med partiet er uaktuelt.
- Han refererer til landsmøtets siste punkt som slår fast at dersom Erna Solbergs satsar på FrP framfor sentrum, vil KrF å sjå etter alternative måtar for å oppnå politisk gjennomslag og påverke landets politiske retning.

Motsett bevisbyrde
Å hevde at Hareide bryt med KrF’s historiske linje og løfte til veljarane før valet i 2017 er å snu det meste på hovudet. I den interne prosessen landsstyret no har sett i gong, er det dei to nestleiarane og alle andre som avviser utfordringa og rådet hans, som sit med bevisbyrde og har ei forklaringsutfordring:

- Dei må grunngi politisk kvifor dei vil ha omkamp om regjeringsspørsmålet, og kvifor dei no meiner at den politiske avstanden til FrP i 2018 er blitt så akseptabel at dei er villige til å gå inn i ei regjering som eit samla landsmøte avviste våren 2017.
- Dei må forklare politisk kvifor dei heller vil ta ansvar i ei regjering med eit mellomstort populistisk parti på høgre flanke og med politisk tyngdepunkt langt ute på høgresida enn ei Ap/Sp/KrF-regjering utan fløyparti og med eit tyngdepunkt langt nærare sentrum enn kva ein kan oppnå saman med eit stort H og eit mellomstort FrP.
- Dei må forklare politisk kor mykje dei meiner skal til for å vere villige til å opne for samarbeid med Ap i regjering, eller vere tydelege på at det dei eigentleg helst ønskjer er eit historisk linjeskifte som slår fast at KrF er eit borgarleg parti som berre skal kunne regjere saman med andre parti på høgresida.

Offensivt sentrumsgrep                                                                                    Knut Arild Hareides overraskande tydelege og modige utfordring har endra både det politiske landskapet og skapt ny dynamikk i den politiske debatten, i alle fall for ei stund. Som tilsvar til mantraet om sentrums død minner han om at ca 20 % av folket fortsatt stemmer på sentrumsparti. Han erklærer derimot den etablerte toblokkmodellen som «mosegrodd» - fordi den gir dårlege svar på framtidas store samfunnsutfordringar, flyttar det politiske tyngdepunktet ut frå sentrum mot flankane og gir fløyparti urimeleg stor påverknad på den politiske retninga.

Hareides prosjekt er å ta nye  grep for å ta politikken fleire steg tilbake mot sentrum. Når Erna Solberg gjennom fem år ikkje har vist vilje til å ta ansvar for eit slikt taktomslag, vender han seg til venstre for å få med seg Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum.

Brubygging på tvers - eller fastare blokksementering?
Reaksjonane overraskar mange. Aftenpostens Harald Stanghelle er imponert over Hareides klare tale og store mot: «Her er ikke mye taktikkeri, det er som om han gjør dette utifra et samvittighets anliggende.» Forfattaren og artisten Trygve Skaug er ein av langt over tusen som har reagert med å melde seg inn i KrF: «Fordi jeg tror på og drømmer om at Hareide og gjengen med sitt nye tydelige veivalg vil gjøre det varmere i Norge igjen."

Vågar KrF’s landsstyre å gi Hareide tillit og følgje den modige marsjordren? I så fall – er Ap og Sp villige til å byggje eit felles verdimessig og politisk grunnlag for å ta Norge i ei ny og meir tydeleg sentrumspolitisk retning? Eller vil det meste når Stortinget tar juleferie vere tilbake til det gamle, bortsett frå at dei to blokkene i politikken er endå fastare sementert enn nokon gong?

Knut Arild Hareide vil uansett i norsk politisk historie bli ståande som den første (og einaste?) partileiaren i KrF som ikkje berre utfordra blokkpolitikken verbalt, men som i praksis vågde å prøve å byggje bruer på tvers av blokkene – i eit modig forsøk på å ta Norge i ei meir sentrumsorientert og framtidsretta politisk retning enn det som er mogleg å oppnå gjennom konstellasjonar som flyttar politikken lengre ut på flankane.

 

5 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Odd Anders With

54 innlegg  314 kommentarer

Offensivt sentrum

Publisert 11 måneder siden

Godt å oppleve en politisk sulten KrF-leders initiativ med grundig resonnement - og kurs mot samling rundt sentrum. Vi trenger ikke å gi fløypartier regjeringstaburetter, men vi trenger mer KrF og sentrumspolitikk og mindre utestengelsesretorikk.

Håper hele partiet etterhvert gir Hareide den støtte han fortjener. Så bør en også følge partiets egen anbefaling og strategi: først sette navn på prioriterte saker, deretter la sakene lyse opp kursen. Hareide opprer med leders mot og bør kjenne den støtte en leder må ha. For partiets og sakenes skyld: Ikke reduser hans forhandlingstyngde!

Et sentrumsparti som ikke er villig til å samarbeide mer enn en vei, er ikke troverdig som sentrumsparti. Og la oss slippe å lese de korte retorikkslagordene hvor en på 60-talls vis skremmer med sosialistspøkelser. 

Det handler om politiske saker som Hareide tar opp med konsistens i både boka og talen, det som preger partiets linje hva angår likeverd, nestekjærlighet/solidaritet og forvaltetansvar. Vi må ha større ambisjoner enn å slåss for egen lommebok og bygge murer rundt oss i stedet for broer. Større ambisjoner enn å reparere på blåblå politikk og se kontroversielle statsråder komme og gå.

Det er en fornøyelse å lese og høre en offensiv partileder på vegne av konkrete politiske oppgaver og ambisjoner. Dette inspirerer mange, blant annet målt i rekordhøye innmeldingstall og stort engasjement i sosiale medier. Det kan være noe stort på gang.

2 liker  

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere