Verdidebatt

Stå opp for dødsdømte Asia Bibi

I åtte år har den kristne fembarnsmora Asia Bibi vore dødsdømt for blasfemi i Pakistan. Måndag tek endeleg høgsterett ankesaka - og vi må håpa ho blir frikjent og sett fri.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Høgsteretten i Pakistan har utnemnt eit dommarpanel på tre som skal ta stilling til appellen frå Asia Bibi. Høyringa i høgsterett skal skje måndag, melder United News of India.

Dommarpanelet blir leia av sjefen for høgsterett, Mian Saqib Nisar. Vi får håpa at høyrionga ikkje blir utsett igjen, i siste liten. Og vi må håpa at retten er stødig og frikjenner ei uskuldig kvinne og ikkje gjev etter for ekstreme krefter som vil ha henne hengd.

Dødsdommen mot Asia Bibi har skapt protestar verda over, og dei som har stått opp for Asia Bibi inne i Pakistan har levd i fare. I 2011 vart eks-guvernør Salman Taseer i Punjab skoten ned i fullt dagslys i Islamabad. Han hadde forsvart Asia Bibi. Drapsmannen Mumtaz Qadri vart dødsdømt for mord og avretta i 2016.

Den pakistanske minoritetsministeren Shahbaz Bhatti blei drepen i mars 2011 for sin motstand mot den pakistanske blasfemilovgjevinga. Han kjempa for å få oppheva dødsdommen mot Asia Bibi.

Asia Bibi vart skulda for blasfemi etter ein diskusjon med muslimske kvinner om eit glas vatn. Ho vart dømd til døden i 2010.

Det heile starta søndag 14. juni 2009. Då stod Asia Bibi tidleg opp for å plukka bær. På  ein solvarm dag gjekk ho til ei brønn for å kjøla seg ned med eit glas vatn. Ho tilbaud ei kvinne å drikka av glaset med vatn. Då ropte ei anna kvinne: «Ikkje drikk vatnet, det er haram.»

Asia Bibi var den einaste kristne blant dei, og nokre av kvinnene meinte at vatnet var blitt ureint av at ho drakk. Asia Bibi vart skulda for å skitna til drikkevasskjelda. For ein gongs skuld tok Asia Bibi, som var van til skjellsord, til motmæle mot slike skuldingar.

Ho vart skulda for å fornærma islam og profeten Muhammed. Asia Bibi blei sint og avviste dette. Ho fekk høyra at ho måtte konvertera til islam, men det nekta Asia Bibi. Det vart krangel og Asia Bibi blei hetsa og jaga vekk.

Fem dagar seinare våga Asia Bibi seg ut på jordet igjen saman med ei veninne. Dei hadde med eigne flasker med vatn. Etter nokre timar dukka mobben opp. Ho overlevde angrepet som følgde, men vart kasta i fengsel 19. Juni 2009. 8. november 2010 blei Asia Bibi dømt til døden.

I ein tekst smugla ut frå fengselet skreiv ho:

«Jeg, Asia Bibi, er blitt dømt til døden fordi jeg var tørst. Jeg holdes fanget fordi jeg brukte samme kopp som de muslimske kvinnene, fordi vann servert av en kristen kvinne ble regnet som urent av mine dumme medarbeidere. Kjære Gud, jeg forstår ikke!»

Imran Khan som vann valet i Pakistan i sommar, har forsvart blasfemilova, men uttalte I 2010 at dødsdommen mot Asia Bibi var feil.

Vi i Stefanusalliansen har sendt appell for henne. I fjor haust sende Stefanusalliansens appellvener kilovis med oppmuntringsbrev til Asia Bibi. Vår partner i Pakistan, Human Friends Organization, er støttespelar for Asia Bibi og familien.

Vi er glad for at EU i januar la tungt inn over Pakistan at dødsdommen må oppehevast. Det har likevel vore ei frykt for at ekstremistiske krefter skal trua domstolen til ikkje å frikjenna henne. Eit ekstremistisk parti pressa i november i fjor justisministeren i Pakistan til å gå av, fordi dei hevda han ikkje var klar nok i blasfemisaka.

Når endeleg saka kjem for retten, er det å håpa at Asia Bibi blir frikjent. Sjølv om ho blir frikjent, vil ho og familien leva i fare. Ekstremistar i Pakistan har trua mange på livet etter frikjenning. Difor må den pakistanske regjeringa sikra familien etter ein frikjennande dom.

Dei stemmene som akkurat no vil ha eit norsk forbod mot karikaturar av profeten Muhammed, bør sjølve snarast retta kravet om Pakistan om å fjerna blasfemilova og krevja dødsdommen mot Asia Bibi oppheva.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt