Olav Fykse Tveit

5

Kjærleiken driv frykta ut

Helsing ved opninga av Verdskonferansen i Roma om ­framandfrykt, rasisme og populistisk nasjonalisme. ­Konferansen vert arrangert av Kyrkjenes Verdsråd og Den katolske kyrkja.

Publisert: 28. sep 2018

Vi er samla her i dag i eit svært viktig ærend, eit kall som kjem til oss frå Gud gjennom mange migrantar og ­flyktningar i dag. Mange av dei opplever å verte ekskluderte frå den framtida med tryggleik som alle ­menneske treng og håper på.

Vi skal drøfte frykta for den ­andre, dei ulike uttrykka for ­denne frykta, men også den ­politiske bruken eller ­mis­bruken av frykt. Vi må også drøfte kva den kyniske ­profitteringa på frykta hjå flyktningar og ­migrantar fører til og korleis det kan motarbeidast.

Kyrkjer er kalla. 

Det er ­menneskeleg å kjenne på frykt og angst. Det er ein naturleg ­respons å verne om oss sjølve og dei vi elskar.  Men frykt kan brukast til å splitte, polarisere og skape meir frykt. Vi er her ­fordi kyrkjer er kalla til å ­saman ­konfrontere dei ­øydeleggjande kreftene til framandfrykt, ­rasisme og populistisk, eksklusiv nasjonalisme. Dette er tre lag i den same veggen som splittar oss som menneske, og uttrykkjer dei lukka ­identitetane som neglisjerer rettane og menneskeverdet til den andre: «oss» mot «dei», «vår tryggleik» mot deira sårbarheit, «vår velstand» mot deira rett til liv og levebrød. Alle desse kjenslene er djupt forankra i frykt.

Eg hugsar framleis fyrste gong eg høyrde om flyktningsituasjonen i verda i dag. Det var då eg las historier om flyktning­borna frå Ungarn på 1950-­tallet, som ­flykta for å finne ein ny heim.  Orda «frykt» og «flukt» hadde ein veldig sterk verknad på meg – og har det framleis, vonar eg.

Flyktningar er overalt i verda – og dei er blant dei mest sårbare i dag. Dei er på flukt frå konflikt og vald, på jakt etter ein ny heim, ein trygg stad. Mange mister òg livet på vegen, til dømes i Middelhavet, ikkje langt herifrå.  Alle som kan, må gjere noko for å stanse desse grove uttrykka for umenneskelegheit. Det må vi òg gjere for å verne oss sjølve frå å verte umenneskelege.

På mange vis inneber ­dette å arbeide utover grensene. Vi har sett mange gode, ­konkrete døme på dette arbeidet, som Medi­terranean Hope i Italia, Frank­rike og Belgia – og frå ­andre ­stader i verda. Vi er her for å lære frå kvarandre korleis vi kan ­bidra til endring. Eg trur at vi som menneske kan gjere ting mykje betre enn det vi ser i dag.

Kyrkja sin bodskap. 

«Den fullkomne kjærleiken driv ­frykta ut», seier Bibelen (1 Joh 4,18). ­Dette er ein sterk og modig påstand, men han er sann. Dette er også ei grunnleggjande menneskeleg oppleving. Og det skal vere kyrkja sin bodskap – også i vår tid.

Så lat kyrkja vere kyrkje. Lat oss stå for nestekjærleik og rettvise. Lat Kristi kjærleik drive oss, tvinge oss framover mot forsoning (2 Kor 5,14). Lat oss vere ­ambassadørar for Kristi kjærleik i arbeidet for lækjedom og forsoning i denne verda. Vi lever i ei tid der mykje av våre menneskelege relasjonar vert rive sund, ikkje berre av frykt, men også av egoistisk havesjuke og hat.

Kristi kjærleik er mykje meir enn kjensler. Han forsonar og fornyar relasjonar mellom Gud og verda, og mellom alle oss som opplever følgjene av synd som undergrev livet i ­fellesskap. Ein Kristi disippel ser seg ­ansvarleg ikkje berre overfor dei næraste og familien, men også overfor andre menneske og alle Guds skapningar. ­Kristus ­provoserte disiplane sine ved å utvide ­ansvarsområda og ­ansvarskjensla deira utover alle ­grenser – og inkluderte ­mellom anna ­fiendar i spørs­målet om kven ein skal elske.

Kristi kjærleik driv oss til å stadfeste livet og styrkje livs­vilkåra for alle menneske. Det inneber å motarbeide alt som skaper dei valds- og krigs­katastrofane som tvingar folk til å flykte. Kristi kjærleik driv oss til å stå opp mot rasisme, og til å opponere mot utestenging basert på den frykta som er drivkrafta bak framandhat og eksklusiv, populistisk nasjonalisme.

Vår felles tru. 

Dette arrangementet skal syne at vi ­saman tek på oss dette ansvaret vi har overfor andre som Kristi ­disiplar. Det gler meg at vi kan gjere dette ­saman, som eit felles arrangement mellom Kyrkjenes Verdsråd og Den katolske kyrkja. Vår relasjon i å «vandre, be og ­arbeide saman» vart stadfesta gjennom pave Frans sitt besøk i Genève i juni. Gjennom tiår med økumenisk dialog har vi bygd opp ein konsens om fundamentale ­aspekt om vår felles tru. Vi har engasjert oss saman i interreligiøs dialog, og vi har samarbeidd om danninga av unge økumeniske leiarar. Meir nyleg har vi byrja eit tett samarbeid om klima­rettvise og omsut for skaparverket. Saman har vi teke stilling til global urett. No tek vi òg eit avgjerande steg mot å ­utvikle eit samarbeid overfor migrantar og flyktningar. Vi ser at vi saman kan bidra til å lækje og forsone samfunn som er djupt splitta i sin reaksjon overfor utlendingar og framande, overfor dei fattige og marginaliserte blant dei.

Dette drivet mot større einskap er eit uttrykk for vår felles trusreise. Dette er ei pilegrimsreise for rettvise og fred, der vi ser ­etter teikn på Guds nærvær i denne verda. Denne pilegrimsreisa er ei rørsle som vert driven av Kristi kjærleik for ­menneska og for jorda. Denne kjærleiken har fornya kristne og gjeve oss styrke til å gå saman i tru. Vi kan overvinne dei historiske splittingane oss imellom, vi kan ­støtte opp om menneskerettane og vi kan nå vidare ut i kjærleiks namn. Kjærleiken kan skape einskap i mangfaldet, lækjedom og frelse, gjestfridom og solidaritet med alle trengjande.

Éin menneskeleg familie. Det hastar meir i dag enn nokon gong å bidra til:

- Å hjelpe millionar av ­migrantar og flyktningar til tryggleik i nye heimar.

- Å lækje samfunn som er djupt splitta av framandfrykt, rasisme og hat.

- Å sikre at kvinner og born, overalt og til alle tider, er verna mot misbruk og vert handsama med verdigheit.

- Å verte autentiske fellesskap som kyrkjer, der vi vernar om menneskerettane og held kvarande ansvarlege i trua vår, ­spesielt overfor dei mest sårbare og marginaliserte.

- Å overvinne dei øydeleggjande følgjene av ­syndige ­økonomiske strukturar og ­havesjuke – og vise omsut for vår felles heim.

Utgangspunktet for refleksjonane våre om migrasjon og flyktningar sin situasjon kan ikkje vere at den andre «er ein ­framand», men kjensla av at høyrer saman i éin menneskeleg ­familie, skapte av Gud. ­Migrantar og flyktningar, med sine lagnader, utfordrar oss til å vise ei proaktiv haldning overfor forvandlinga av samfunna våre, slik at dei vert trygge stader for alle slags menneske, stader der vi dyrkar von, ikkje frykt.

Vi vil ikkje la dei splittande kreftene i framandfrykt, ­rasisme og nasjonalistisk populisme råde. Vi må kjempe for dei ­andre sine rettar også, og vise kor ­viktig den kristne solidariteten er. Vi er frigjorte til å tene den eine verda som er skapt av den eine Gud. Vi treng ein ny generasjon med meir kreativitet, open haldning og glede som kan by på ny energi og nye idear.

Finn ein veg. 

Korleis skal dette skje? Slik det alltid skjer: ­Kjærleiken finn ein veg.

Kjærleiken kan binde oss, som kyrkjer og som kristne, til kvarandre, og til vår ­neste over gata og rundt omkring i verda. Kjærleiken vil ­frigjere oss frå ­forvrengde verdiar og djupe fordomar. Kjærleiken vil ­gjennomskue rasismen og ­stammekulturen sine løgner. Kjærleiken vil gjere oss opne for å lære av kritikk og sjølv­kritikk. Kjærleiken vil drive draumane våre om fridom og fred framover. Kjærleiken vil sleppe laus nye ­visjonar, kreativ ­tenking og ­friske tilnærmingar til dei ­tøffaste utfordringane våre. Kjærleiken vil gjere oss modige og uthaldande.

Slik kan vi byggje den økumeniske kjærleiksrørsla, forankra i den eine Heilaganden, alltid ­ivrige og årvakne på ferda framover.

La oss gjennom arbeidet vårt desse dagane gje eit teikn på at vi står saman i vona og ­arbeidet for ei ny framtid, som éi ­menneskeætt, skapte og elska av den eine Gud.

Roma, 18. september 2018. Trykket i Vårt Land 28. september 2018.

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Kåre Kvangarsnes

16 innlegg  932 kommentarer

Overspent religiøsitet som vi skal betale for.

Publisert over 1 år siden

Personleg vert eg berre trist av å lese talen din. Din premiss er at Europa er eit kontinent der rasisme, framandfrykt, usunn nasjonalisme, "populisme" og anna djevelskap herjer oss europearar i møte med migrasjon og flyktningar.

Eg rår deg til å lese m.a.  Janne Haaland Matlarys 14 punkt om migrasjonens etiske sider der ho skilller mellom reelle flykninger og velferdsmigranter. Så vidt eg  veit er Matlary katolikk. Eit utdrag finn du her:

https://www.document.no/2018/09/28/illegal-migrasjon-er-ingen-menneskerettighet/

Måten du legg fram Bibelen og Jesu etikk får stå for di eiga rekning, men for meg vert det berre ei søtlada suppe utan bakkekontakt med sanningar om mennesket og situasjonen i verda. Jesus og Bibelen er realist på mennesket si vegne, ikkje utopist. Derfor pålegg verken Jesus eller nokon andre i Bibelen   menneska å fjerne landegrenser og skiljelinjer mellom oss, men fortel oss at myndigheitenes fremste oppgave er å gjere det mulig å leve mest mulig  fredleg i saman. Vi er ikkje og vert ikkje ein global og fredleg barnehage slik EU_eliten og Kirkenenes verdensråd med Pavekirka i spissen sine utopiske og overspente "religiøse"  draumar ønskjer å verkeleggjere. Dette har ingenting med Bibelens bodskap å gjere. De burde heller ta for dykk å spreie evangeliet-hvis de er kjent med det- i staden for å fordøme menneska i Europa for rasisme,nasjonalisme og framandfrykt og fortelje oss korleis vi best skal drenere den 3.verda for sine menneskelege ressursar ved  å  bringe dei  hit i  milliontal slik de og FN ønskjer.      FN har no lagt fram ein plan om lovleg migrasjon av 250 millionar menneske hovudsakleg frå Afrika. Og det er til Europa dei fleste skal kome.

Og alt dette brukar de Bibelen og Jesu barmhjertigheit som brekkstang for å få gjennomført, utan den minste tanke på konsekvensar. Den rasisme, framandfrykt, nasjonalisme og "populisme" de ikkje vil ha noko av, er det de   sjølve som må ta ansvaret for med dykkar umoralske neglisjering av konsekvensane av religiøse utopiar som vi skal betale og ta kostnadane for.      



9 liker  
Kommentar #2

Tore Olsen

22 innlegg  5415 kommentarer

Den siste krampetrekning

Publisert over 1 år siden
Kåre Kvangarsnes. Gå til den siterte teksten.
Og alt dette brukar de Bibelen og Jesu barmhjertigheit som brekkstang for å få gjennomført, utan den minste tanke på konsekvensar. Den rasisme, framandfrykt, nasjonalisme og "populisme" de ikkje vil ha noko av, er det de   sjølve som må ta ansvaret for med dykkar umoralske neglisjering av konsekvensane av religiøse utopiar som vi skal betale og ta kostnadane for.  

Dette gjøres for å bryte ned det bestående, det solide i fedrelandskjærlighet, de nasjonale tradisjoner og den stedegne kultur. Den skal erstattes med rotløshet, nedbrutt identitet og  moderne teknikk, for å lose mennesket inn i den siste tiden hvor kong mammon får all makt - påstemplet robotmerket både her og der - vil du ikke skal du!

Det er ikke troen på Kristus som fremmes, eller Hans bud, det er politikk - alt sammen! Sosialisme i forkledning - alle skal være like, alle skal med.

Det er så gjennomskinnelig, så tydelig hvem som står bak. Dette er jordens siste krampetrekning.

7 liker  
Kommentar #3

Daniel Krussand

28 innlegg  2002 kommentarer

Publisert over 1 år siden
Olav Fykse Tveit. Gå til den siterte teksten.

Vi vil ikkje la dei splittande kreftene i framandfrykt, ­rasisme og nasjonalistisk populisme råde. Vi må kjempe for dei ­andre sine rettar også, og vise kor ­viktig den kristne solidariteten er. Vi er frigjorte til å tene den eine verda som er skapt av den eine Gud. Vi treng ein ny generasjon med meir kreativitet, open haldning og glede som kan by på ny energi og nye idear.

Finn ein veg. 

Korleis skal dette skje? Slik det alltid skjer: ­Kjærleiken finn ein veg.

Dette høres vakkert ut, men det er et svik både mot dem som er jaget fra sine hjemland i Afrika og Midtøsten og mot oss i Europa.

Jeg er enig med Kåre og med Tore i kom. 1 og 2.

Disse flyktningene som skal få nye «hjem» blant oss - hvorfor skal de svikte sine hjemland?  Der sitter de resurssvake tilbake mens deres udugelige ledere lever i luksus.  


6 liker  
Kommentar #4

Daniel Krussand

28 innlegg  2002 kommentarer

Kjærlighet ville være å gi dem tilbake sine land.

Publisert over 1 år siden
Kåre Kvangarsnes. Gå til den siterte teksten.

Eg rår deg til å lese m.a.  Janne Haaland Matlarys 14 punkt om migrasjonens etiske sider der ho skilller mellom reelle flykninger og velferdsmigranter. Så vidt eg  veit er Matlary katolikk. Eit utdrag finn du her:

https://www.document.no/2018/09/28/illegal-migrasjon-er-ingen-menneskerettighet/

Måten du legg fram Bibelen og Jesu etikk får stå for di eiga rekning, men for meg vert det berre ei søtlada suppe utan bakkekontakt med sanningar om mennesket og situasjonen i verda. Jesus og Bibelen er realist på mennesket si vegne, ikkje utopist.

Dette er så sant.  At Kirkenes Verdesråd er så forblindet er underlig.

Veldig god artikkel av Haaland.  Sitat:

Janne Haaland Matlary. Foto: Universitetet i Oslo.

«Det virker som viktigheten av ens demokratiske borgerplikt er helt glemt, og at ingen tenker på at de fleste av verdens stater trenger sine unge og talentfulle borgere som er de eneste som kan skape bærekraftige demokratier hjemme», skriver Janne Haaland Matlary i Dagens Næringsliv.

Utsagnet oppsummerer deler av en debatt som har pågått i DNs spalter noe tid, og som tok utgangspunkt i Matlarys 14 punkter om migrasjonens uetiske sider DN 19.09.18 (bak mur). Hovedtrekkene i disse punktene er:

Migrasjonseksperten Paul Collier mener det er uetisk når borgere forlater sitt eget land i stedet for å bli og bygge det selv – politisk, økonomisk og moralsk – såfremt de kan. Det er kun egne borgere som kan ta hovedansvaret med å skape gode stater – det er ikke Europas oppgave å «redde verden» eller være klodens «NAV». Vesten gjør allerede mer enn alle andre land med hensyn til bistand. Som Collier også har påpekt er det uetisk at de som klarer å ta seg til Europa er de som har penger til det. De fattigste og svakeste har ingen mulighet, de blir igjen, og forverrer landets situasjon ytterligere.  Sitat slutt.
4 liker  
Kommentar #5

Åge Kvangarsnes

12 innlegg  1957 kommentarer

"Kjærligheten driver frykten ut". Her har nok ikke Olav Fykse Tveit forstått hva han skriver om.

Publisert over 1 år siden
Olav Fykse Tveit. Gå til den siterte teksten.

Kyrkjer er kalla. 

Det er ­menneskeleg å kjenne på frykt og angst. Det er ein naturleg ­respons å verne om oss sjølve og dei vi elskar.  Men frykt kan brukast til å splitte, polarisere og skape meir frykt. Vi er her ­fordi kyrkjer er kalla til å ­saman ­konfrontere dei ­øydeleggjande kreftene til framandfrykt, ­rasisme og populistisk, eksklusiv nasjonalisme.

Å ta et bibelord ut av sin kontekst kan dessverre gå galt, etter mitt syn er dette innlegget eksempel på det.

Konteksten:

"15 Den som bekjenner at Jesus er Guds Sønn, i ham blir Gud, og han er i Gud.

16 Og vi har kjent og trodd den kjærligheten som Gud har gitt oss (som da må være Guds Sønn, Kristus Jesus, som han ga oss på korset). Gud er kjærlighet. Den som blir i kjærligheten (Gud og Kristus), blir i Gud, og Gud i ham.

17 I dette er kjærligheten blitt fullkommen, AT VI HAR FRIMODIGHET PÅ DOMMENS DAG. For slik som han er, slik er også vi i denne verden.

18 FRYKT er IKKE i kjærligheten, men den FULLKOMNE kjærligheten driver frykten ut.

For FRYKTEN har med STRAFF å gjøre, og den som frykter (straffen på dommens dag), er IKKE fullkommen i kjærligheten." 1. Joh. 4.

 

Frykten som her beskrives har altså INGEN TING med medmenneskelig frykt å gjøre! Men frykten på dommens dag. Da er ikke kjærligheten fullkommen!

 

Å bruke dette bibelordet til inntekt for et teologisk og politisk syn overfor troende mennesker, ved å spille på vår samvittighet til våre medmennesker, som jeg har inntrykk av innlegget her gjør, blir etter mitt syn helt feil! 


3 liker  
Kommentar #6

Tore Olsen

22 innlegg  5415 kommentarer

Vesentlig

Publisert over 1 år siden
Åge Kvangarsnes. Gå til den siterte teksten.

Konteksten:

"15 Den som bekjenner at Jesus er Guds Sønn, i ham blir Gud, og han er i Gud.

16 Og vi har kjent og trodd den kjærligheten som Gud har gitt oss (som da må være Guds Sønn, Kristus Jesus, som han ga oss på korset). Gud er kjærlighet. Den som blir i kjærligheten (Gud og Kristus), blir i Gud, og Gud i ham.

17 I dette er kjærligheten blitt fullkommen, AT VI HAR FRIMODIGHET PÅ DOMMENS DAG. For slik som han er, slik er også vi i denne verden.

18 FRYKT er IKKE i kjærligheten, men den FULLKOMNE kjærligheten driver frykten ut.

For FRYKTEN har med STRAFF å gjøre, og den som frykter (straffen på dommens dag), er IKKE fullkommen i kjærligheten." 1. Joh. 4.

 

Frykten som her beskrives har altså INGEN TING med medmenneskelig frykt å gjøre! Men frykten på dommens dag. Da er ikke kjærligheten fullkommen!

 

Å bruke dette bibelordet til inntekt for et teologisk og politisk syn overfor troende mennesker, ved å spille på vår samvittighet til våre medmennesker, som jeg har inntrykk av innlegget her gjør, blir etter mitt syn helt feil! 

Grundig støtte fra min side!

2 liker  
Kommentar #7

Per Steinar Runde

220 innlegg  2476 kommentarer

Intelligens hindrar ikkje dumskap

Publisert over 1 år siden
Olav Fykse Tveit. Gå til den siterte teksten.
Eg hugsar framleis fyrste gong eg høyrde om flyktningsituasjonen i verda i dag. Det var då eg las historier om flyktning­borna frå Ungarn på 1950-­tallet, som ­flykta for å finne ein ny heim.

Heller ikkje flyktningane frå Ungarn i 1956 var barn, men ungdommar og unge vaksne. Til saman tok Noreg i mot 1200 som ei eingongshending. No har det kome 15 til 40 gonger så mange kvart år sidan 1990-talet, og langt dei færraste er reelle flyktningar.

Det er ei lygn at europearar lir av generell 'framandfrykt'. Men eit fleirtal av dei er med god grunn skeptiske til endå meir innvandring frå muslimske land. 

"Så lat kyrkja vere kyrkje", skriv Fykse Tveit. Ja, gjerne det. Men lat ho for all del ikkje drive politikk. For det har ikkje prestar og pavar greie på. Om ikkje anna, så vitnar dette innlegget iallfall om det. 

Elles sluttar eg meg til ovanståande kommentatorar, som har sagt det som trengs å seiast.

4 liker  
Kommentar #8

Trond Bollerud

7 innlegg  164 kommentarer

Publisert over 1 år siden

Men leger har god greie på å drive politikk, forstår jeg.

1 liker  
Kommentar #9

Njål Kristiansen

158 innlegg  20651 kommentarer

Publisert over 1 år siden
Kåre Kvangarsnes. Gå til den siterte teksten.
Vi er ikkje og vert ikkje ein global og fredleg barnehage slik EU_eliten og Kirkenenes verdensråd med Pavekirka i spissen sine utopiske og overspente "religiøse"  draumar ønskjer å verkeleggjere. Dette har ingenting med Bibelens bodskap å gjere.

Hvor satte Jesus grensene for verden da han sa at alle skulle gå ut og gjøre alle folkeslag til hans disipler? Har du en fotnote på hvem som ikke skal inkluderes?

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere