Leder

Flytting mot mobbing

Om det kjem til tvangsflytting, har truleg oppfølginga i forkant ikkje vore bra nok

Regjeringa føreslår at elevar på vidaregåande skule kan påleggast å bytte skule dersom dei mobbar medelevar. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) seier at tvangsflytting skal kunne brukast som tiltak berre i dei mest alvorlege tilfella. Han meiner likevel det er rett at vidaregåande skular kan gjere dette når ingenting anna får bukt med mobbinga.

I dag finst ikkje tvangsflytting som verkemiddel i den vidaregåande skulen. Ein elev som mobbar, kan derimot bli utvist for inntil fem dagar. I alvorlege tilfelle kan utvisinga gjelde ut skuleåret.

LES OGSÅ: Skulen sviktar mobbeoffer

For ofte har det vore slik at det er mobbeoffera som har måtta finne seg ein ny skule, mens mobbarane har gått «fri». Vi forstår difor intensjonen i forslaget frå Sanner. Dersom alt anna er prøvd utan at situasjonen betrar seg, kan det vere grunnlag for å løyse opp i dei negative strukturane ved å flytte mobbaren til eit nytt skulemiljø. Ein trugsel om tvangsflytting kan verke sterkt disiplinerande.

Samtidig er det viktig å ivareta dei grunnleggande rettane til alle barn. Dette blir mellom anna slått fast i Barnekonvensjonen. Ein elev som mobbar, kan sjølv stri med store problem, og så lenge han eller ho ikkje har fylt 18 år, er eleven framleis eit barn. Det er viktig at ei eventuell tvangsflytting også er til beste for eleven sjølv – til dømes at flyttinga kan føre til ein ny start i eit positivt ­læringsmiljø.

Regjeringa peiker ifølgje NTB på tre vilkår som må vere oppfylte før ein elev som mobbar, kan bli pålagt å bytte skule. Oppførselen til eleven må i alvorleg grad gå ut over tryggleiken eller læringa til andre. Mindre inngripande tiltak er ikkje nok til å gi medelevane eit trygt og godt skulemiljø – og desse skal ha vore vurderte og helst prøvde ut. Til sist skal både eleven sjølv, rektor og læraren til eleven bli høyrde før eit vedtak blir fatta. Dette er nødvendige vilkår.

LES OGSÅ: Evnerike elever underpresterer

Det er eit dramatisk grep å flytte ein elev mot sin vilje. Samtidig er det endå meir dramatisk for alle mobbeoffera som i dag opplever at skulen ikkje maktar å stoppe mobbarane. Om det kjem til tvangsflytting, har truleg oppfølginga i forkant ikkje vore bra nok. Tvangsflytting bør ikkje bli ei enkel løysing på eit vanskeleg problem, men kan nok vere eit ­effektivt ris bak spegelen.

Trykket i Vårt Land 22. september 2018. 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder