Øystein Skauge

Prost
8

Dialog eller misjon? Bak dialogen opnar misjonen seg.

Teolog Ivar Bu Larssen meiner at kyrkja ikkje etterlever Jesu misjonsbefaling i møte med muslimar. Han har eit poeng. Eg er av dei som har engasjert meg i dialogarbeid. Eg har tru på det. Difor er eg styreleiar i Kirkelig Dialogsenter Bergen. Men eg har også tru på misjon.

Publisert: 18. sep 2018

Eg meiner at kyrkja må ta Jesu bod om å gå – døype og lære på alvor. Dialog skal etter mi oppfatning ha eit mål der framme ein stad om at mi tru også skal bli trua til dei eg er i dialog med.

Men nettopp i møte med det Ivar Bu Larssen set fingeren på, dialogmøtet mellom kristne og muslimar, tenkjer eg at dialogen er eit verktøy der ein er veldig tydeleg på at vegen til konvertering eller omvending er ein lang og kronglete veg. Difor må og skal dialogen skje i djup respekt for at andre menneske har ei overtyding. Ei overtyding eg ikkje kan dele, men som eg kan lytte til, observere og kjenne igjen når eg sjølv er overtydd om at Jesus faktisk er vegen, sanninga og livet. Den einaste vegen. Den einaste sanninga. Og sjølve livet. Det evige.

Larssen viser til boka av Sunniva Gylver og Bushra Ishaq. Eg har ikkje lese boka, og det er sjølvsagt meiningslaust å kommentere den då. Men om det er rett at Gylver berre finn positive sider ved Islam, slik Larssen hevdar, så må han ha rett i at vi ikkje skal oversjå det han kallar for «dokumenterte  problem med æreskultur, homfobi og antisemittisme i muslimske miljøer i Norge». Sjølvsagt ser vi alle desse problema. Det finst fleire problem også, som ikkje er nemnde. Men nettopp i møte med desse problema, er dialogen viktig. Respektfull tilnærming er utelukkande eit gode, sjølv om vår respekt ikkje alltid vert returnert eller forstått slik vi som kristne gjerne skulle ynskje. Utan dialog handlar det fort om konfrontasjon. Det kan lett verte farleg.

Men så er det faktisk også slik at eit fleirtal av muslimar som bur i landet vårt ikkje er eit problem for nokon av oss. Dei tilpassar seg til norsk kultur over tid, samstundes som dei held på trua si og tilber Allah i moskeen. Dei utdannar seg og tilfører samfunnet vårt ein rikdom av arbeidskraft, naboskap og eit fleirkulturelt levesett som nordmenn kan lære mykje av. Ikkje minst i møte med den vennlege og fredfulle varianten av islam er dialog viktig.
Og her må vi som kristne og som kyrkje også våge å ha to tankar i hovudet på same tid.

Dialog først. Varsam tilnærming. Respektfull lytting. Tileigning av kunnskap om det som er framand.
Misjon dinest. Trygge på vår ståstad og uredd for konflikt, kan vi etter kvart by inn til både kyrkjeleg fellesskap med udøypte muslimar, og til reelle religionssamtalar der vi kan vitne om vår tru, og kanskje til og med seie rett ut at mi tru er dette: At Jesus faktisk er vegen, sanninga og livet. Den einaste vegen. Den einaste sanninga. Og sjølve livet. Det evige.
Men det må gjerast samstundes som vi har opne øyrer for ei anna tru, for ein anna veg. Vi kan ikkje fylgje gjennom Ramadan og bønetider. Vi kan ikkje likestille Bibelen og Koranen. Men vi kan lytte. Lære. Forstå.

Muslimane trur på ein gud, Allah.
Kristne trur på ein treeinig Gud. Fader, Son og Heilag ande.
Ikkje minst det at trua vår inneber tillit til den tredje personen i guddommen, Den heilage ande, gjer at vi kan gå inn i frimodig dialog med dei som trur på andre måtar enn vi gjer i den kristne kyrkja. Anden er den fremste garantist for at det er meiningsfullt å drive dialog med eit mål om at Jesu misjonsbefaling kan oppfyllast i møte med andre religionar.

Ivar Bu Larssen hevdar at vår kyrkje ikkje etterlever Jesu misjonsbefaling.
Eg skulle ynskje at fleire av dei mest sentrale leiarane innan dialogarbeidet i kyrkja vår kunne tilbakevise hans påstand ved å vere endå tydelegare på at bak dialogen opnar misjonen seg.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere