Leder

Kraftsenteret NLA

Det er viktig å påpeike det store avtrykket NLA har sett og framleis set på samfunnet.

NLA Høgskolen feira i helga 50-årsjubileum. Den kristne, private høgskulen har all grunn til glede. NLA har lukkast med å konsolidere seg som ein fagleg sterk utdanningsinstitusjon med kristent verdigrunnlag.

Gjennom eit halvt hundreår er det blitt utdanna lærarar med kristne verdiar på det som tidlegare heitte Norsk Lærerakademi i Bergen. Undervisinga i kristendomskunnskap tok til i 1968 og er utgangspunktet for jubileet. Pedagogikkundervisinga kom til i 1976.

LES OGSÅ: Startet som protest mot kristendomsfaget

Framleis er NLA Høgskolen den einaste private høgskulen som tilbyr grunnskulelærarutdanning. Samtidig har høgskulen breidda ut kompetansen, ikkje minst gjennom fusjonar. Dei siste fem åra har Mediehøgskulen Gimlekollen og Høgskolen i Staffeldtsgate, som dei heitte tidlegare, vore ein del av NLA-familien. NLA Høgskolen utdannar med andre ord både lærarar, journalistar, økonomar og musikarar – med meir.

Rundt 2.500 elevar studerer i dag på NLA, fordelt på campusane i Bergen, Kristiansand og Oslo. Dei lågkyrkjelege organisasjonane på eigarsida fortener ros for å ha latt NLA utvikle seg til å bli ein fullblods høgskule med høg fagleg integritet og offentleg godkjenning. Truleg har det vore ein og annan kamel å svelgje undervegs, men resultatet er at NLA i dag er ein attraktiv studiestad som konkurrerer skarpt med andre offentlege utdanningsinstitusjonar.

Det seinaste året har det også vore lærarutdanning i Oslo, ein positiv tilvekst i utdanningstilbodet. Når dei 50 åra i helga skulle feirast, var det likevel på sin plass at det skjedde i Bergen, i Grieghallen. Den vestlandske motkulturen har djupe røter i NLA-systemet.

LES OGSÅ: Kristen skole redder lærerdrømmen

Effekten av dei stadig nye kulla med NLA-utdanna menneske rusta med høg fagleg kompetanse og kristne verdiar, er vanskeleg å måle konkret. Det er likevel viktig å påpeike det store avtrykket NLA har sett og framleis set på samfunnet. Utdanningsinstitusjonen har i høgste grad vore med på å forme Noreg, og ligg godt an til å kunne halde fram med det.

NLA Høgskolen står i dag fram som eit kraftsenter. Til lukke med nye og viktige 50 år!

Trykket i Vårt Land 16. september 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder