Reid Ivar Dahl

2

Skadelig alkoholbruk

Publisert: 15. sep 2018

Ei ny stor global studie av alkoholbruk frå Institute for Health Metrics and Evaluation i Seattle i USA, vart publisert i august. Den slår fast at nær tre millionar mennesker døydde i 2016 som følgje av alkoholbruk. Alkoholbruk kjem dermed på sjuandeplass over største risikofaktorar for tidlig død og sjukdom i 2016.

Vert overskygga. Studien visar òg at all bruk er skadeleg, og at eventuelle positive effektar som tidligare er hevda kan redusera risikoen for hjartesjukdomar, vert overskygga av dei negative risikoane ved alkoholbruk. Noreg kjem i studien på andre plass i verda over kor stor del av befolkninga som drikk alkohol, berre slått av Danmark.

Sjølv om studien sine funn kan seiast å vera dramatiske, er det ingen politiske parti som tar til orde for å forby alkohol, heller ikkje KrF. Samtidig må me som samfunn leggja til rette for sunt alkoholvett og ein solidarisk alkoholpolitikk. Det handlar om å redusere alkoholmisbruk, som har ein dokumentert samanheng med kriminalitet, helseskadar, familieoppløysing og vald.

For å klara det må me oppretthalde ein relativt høg pris på alkohol og avgrensa tilgjengelegheita ved eksempelvis å redusera tida for skjenking i alkohollova frå 03.00 til 02.00. I desse sakene ynskjer KrF å gi omsynet til helse klar forrang framfor næringspolitiske omsyn.

Nasjonal strategi. KrF stør òg målet frå Folkehelsemeldinga om å redusera skadeleg alkoholbruk med ti prosent. Det er difor behov for ein nasjonal alkoholstrategi, som skildrar korleis ein oppnår dei alkoholpolitiske måla. Ein nasjonal alkoholstrategi representerer eit høve til å sjå alkoholpolitikken på tvers av sektorar. Den førebyggande delen av ruspolitikken er i dag i stor grad prega av svak kunnskapsorientering og ein skjenkepolitikk som tillegger næringspolitiske omsyn særs stor vekt.

Alkohol kjem ikkje til å bli forbode i Norge, men den dokumenterte negative effekten av alkoholbruk må få konsekvensar.

Trykket i Vårt Land 15. september 2018.

4 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Muhammad Yasser Shafeian

8 innlegg  18 kommentarer

I islam er alkohol forbudt!

Publisert 8 måneder siden

I islam er alkohol forbudt!
Fordi det lukker menneskets sinn!

http://www.verdidebatt.no/innlegg/11736694-i-islam-vin-og-logner-som-er-mer-stygg

3 liker  

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere