Lederartikkel Vårt Land

Oppvask med bismak

Det er framleis lang veg å gå før Svenska Akademien har vunne attende truverdet.

Publisert: 14. sep 2018

Rabalderet i Svenska Akademien har skadd omdømmet til verdas mest prestisjefylte litteraturpris, Nobelprisen i litteratur. I haust blir det ikkje delt ut nokon pris. I staden jobbar Akademien for å gjenreise si tapte ære.

I førre veke opplyste Akademien om at dei har fått oppdaterte og meir moderne tolkingar av statuttane frå 1786. Fleire har etterlyst innsyn i desse tolkingane, som den skadeskotne institusjonen burde ha gjort offentlege med ein gong. Dei urovekkande interne prosessane som har gått føre seg i den lukka forsamlinga, tilseier at dei framover bør vere mykje meir opne om kva som går føre seg der.

LES OGSÅ: - Ødeleggende for Akademien

Difor er det med ein viss bismak vi registrerer at medlemmene i Svenska Akademien i dei nye statuttolkingane blir bedne om å respektere teieplikta og unngå å kritisere institusjonen. Dette er nettopp den type feilslutning som ei rekke ulike organisasjonar – også kyrkjelege – har gjort tidlegare. Ein ønskjer å unngå negativ merksemd om sitt eige, gjerne idealistiske, arbeid, og dyssar ned interne kritiske stemmer. Men du fjernar ikkje eit problem ved å legge lokk på det.

Med urovekkande utsegner ikkje minst frå den no avgåtte leiaren, Sara Danius, og den tidlegare leiaren Horace Engdahl, har bråket i Svenska Akademien blitt ein offentleg skandale. Dei oppdaterte statuttane kan såleis tolkast som ein slags refs til begge sider i ein betent stillingskrig. Sjølvsagt må medlemmene i Akademien sette behova til institusjonen høgst – elles risikerer dei svenske litteraturekspertane å stå att på ei brent og aude slagmark. Men oppmoding til munnkorg er ikkje det smartaste ein kunne ha komme opp med akkurat no.

LES OGSÅ: Kristdemokraterna vil sikre klassikernes plass

Vi hadde trudd at Svenska Akademien hadde ei større forståing for dynamikkar i den moderne medieverda. Men der i garden verkar dei mest opptekne av å diskutere seg fram til kva for ein juridisk ekspert dei skal invitere til å sette seg på ein av dei mange ledige stolane. Diskusjonen om nye medlemmar går for tida for fullt – også desse bak lukka dører.

Det er framleis lang veg å gå før Svenska Akademien har vunne attende truverdet.

Trykket i Vårt Land 15. september 2018.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Bli i kirken, Märtha Louise!
av
Vårt Land
5 dager siden / 4853 visninger
Fra utskudd til kraft?
av
Vårt Land
16 dager siden / 4734 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
5 dager siden / 2514 visninger
Bekreftet allerede
av
Joanna Bjerga
21 dager siden / 2297 visninger
Befri oss fra 1. mai
av
Ole Jakob Warlo
19 dager siden / 1779 visninger
Barns frihet til å velge
av
Berit Hustad Nilsen
7 dager siden / 1712 visninger
Hauge og Marx
av
Vårt Land
19 dager siden / 1500 visninger
Biskoper som blir realpolitikere
av
Espen Ottosen
12 dager siden / 1343 visninger
Taper-gutta
av
Vårt Land
10 dager siden / 1290 visninger
Kristne som lar seg bruke
av
Vårt Land
6 dager siden / 1131 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere