Verdidebatt

I skvis etter IS-barbariet i Irak

IS prøvde å tømma Irak for religiøse minoritetar. Når krefter i og utanfor Irak gjer opp buet etter barbariet, blir kristne og jezidiar nesten gløymde.Stefanusprisen

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fleire tusen jezidiar – som høyrer til ein av verdas eldste religionar – vart drepne eller kidnappa av IS i 2014, fleire hundre tusen flykta. Mange jezidi-kvinner og -barn er framleis i IS-slaveri. Landsbyar ligg i ruinar

Symbolsk gravferd. 

Frustrasjonen er djup. Ei gruppe unge jezidi-aktivistar arrangerte 3. august, dagen for det jezidiane kallar folkemord, ei symbolsk gravferd. Dei gravla FN. Det ­internasjonale samfunnet og Iraks ­regjering får likeleg fordelt sinne over at ingen er stilte til ansvar.

Saad Salloum er ein av dei fremste ekspertane på minoritetane i Irak. ­Salloum som får Stefanusprisen 2018 saman med dominikanarprest Ameer Jaje, seier at minoritetane blir syndebukkar i konfliktar mellom mektige krefter og offer når store, religiøse grupper prøver å løysa konfliktar seg i mellom.

Jobben for å berga minoritetane er krevjande. 100.000 jezidiar har drege frå Irak. Berre ein kvart million kristne er igjen.

USA varsla i sommar at landet vil ­finansiera hjelpeprosjekt for kristne og jezidiar gjennom lokale aktørar i Irak, ikkje gjennom FN. Saad Salloum stør planane. Men han seier at kortsiktige byggjeprosjekt ikkje held.

Vetorett. 

Mistilliten som både kristne­ og jezidiar har til det muslimske samfunnet, er djup. Forsoning og ny tillit er uråd utan oppgjer. Bagdad har ingen strategi for oppgjer eller for å stoppa den hatefulle talen som fyrte opp barbariet.

Forhandlingane om ny regjering ­etter valet i mai pågår. Men eitt veit vi: Minoritetane er nedst på sakslista. Dei kristne har fem sete i parlamentet, jezidiane har eitt. Nokre minoritetar har ingen.

Saad Salloum meiner kvotane er symbolikk utan makt. Han føreslår at minoritetsrepresentantane får vetorett i saker som gjeld trusfridom og minoritetsrettar.

Det trengst nye lover som forbyr diskriminering. Det trengst nytt skulepensum slik at elevane lærer å leva saman og får kunnskap om andre religionar enn sin eigen.

Iransk maktspel. 

Den politiske og militære kampen som skvisar minoritetane, går på mange plan: Viktige område der kristne og jezidiar budde før IS-barbariet, er «omstridde». Både sentralregjeringa i Bagdad og sjølvstyre­regjeringa i den kurdiske regionen i nord vil ha kontroll. Men minoritetane vil ikkje vera kaste­ballar når kreftene barkar i hop.

Tyrkia som har sine eigne kurdarar, blandar seg også inn, for å halda kurdarane i Irak unna grensa.

Sjia-muslimar skal leia regjeringa i Irak. Men dei er delte i to. Muqtaba al-Sadr som overraskande vann valet, mislikar iransk innflytelse – som grein to av sjia-islamsk politikk tek imot.

Iran har auka fotfestet i Irak. I nokre kristne landsbyar har Iran finansiert innflytting av sjia-muslimar. Storpolitikk skvisar altså minoritetar.

Vår jobb er å ropa ut at dei må ut av skvisen – og støtta dei som tek den tunge å hindra at Irak blir tømt for ­religiøse minoritetar.

Trykket i Vårt Land 11. september 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt