Kommentar

Vi er eit ord med himmel i

Det er stor forskjell på eit raust vi og eit fryktande vi. Måten vi tenker «vi» på, vil definere verda framover. I Sverige allereie på søndag.

'Det som byrjar med manglande respekt for eitt enkelt menneskeliv, ender altfor ofte opp som ein katastrofe for heile nasjonar.' Sitatet tilhøyrer Kofi Annan, FNs tidlegare generalsekretær, som døydde i heimen sin i Sveits for tre veker sidan og skal gravleggast i Ghanas­ ­hovudstad, Accra, på torsdag. Annan vaks opp i Ghana, studerte mellom anna i USA og var sidan 1984 gift med ei svensk kvinne – juristen og kunstnaren Nane Maria Lagergren. Då hadde han allereie jobba to tiår først i Verdas helseorganisasjon og deretter i FN. Generalsekretær i FN blei han i 1996, og var det i ti år.
Kofi Annan var ein sann verdsborgar, og ein forkjempar for det globale fellesskapet. I 2001 mottok han Nobels fredspris på vegner av FNs arbeid for fred i meir enn 50 år. I botnen for arbeidet han la ned gjennom mange år, var nettopp respekten for enkeltmennesket – ein respekt som er ein viktig føresetnad i arbeidet for menneskerettar og fred.


Valet i Sverige. I morgon er det val i Sverige, eit land som betydde­ mykje for Kofi Annan, og som han ofte besøkte. Mitt håp for morgondagen er at arven­ ­etter Annan får nedfelle seg i konkrete valresultat. Om respekten for enkeltmennesket blir valvinnaren, er det til gagn for heile Sverige. Dersom framandfrykt og beinhard retorikk vinn fram, går vi vanskelege ­tider i møte.
Det gjer vi kanskje uansett.
Valet i Sverige er ikkje noko som går føre seg ein stad der vi med lett hjarte kan snu ryggen til, dra nisselua over hovudet og tenke at dette ikkje angår oss. Vi er alle ein del av det globale­ fellesskapet, og i vår tid blir det viktigare enn nokon gong å utvide det store vi-et, der alle ­enkeltmenneske i verda til sjuande og sist inngår.
Det tyder ikkje at alle skal få plass innanfor Noregs grenser. Vi har ein velferdsstat å halde ved like, som kan få alvorlege knekkar ved kommande utfordringar dei nærmaste tiår. Men måten vi tenker «vi» på, vil definere verda framover.


Raust eller fryktande. Det er stor forskjell på eit raust vi og eit fryktande vi. Med eit fryktande vi er det logisk om vi forskansar oss i vår eigen pengebinge og rettar kanonen mot skurkar frå B-nasjonar i sør. Då er det til og med logisk å sette opp piggtrådgjerde ved Svinesund, så vi unngår svenske tilstandar i norske byar og bygder.
Med eit raust vi er det logisk å jobbe for å finne ut korleis vi kan spele kvarandre gode. I det rause vi-et finst enkeltmennesket. I det fryktande vi-et forsvinn enkeltmennesket av syne.
Sverigedemokraterna synes dessverre å vere bygd på eit fryktande vi. Det er lov å vere usamde om innvandringspolitikk – det må òg vere lov å stå for ein restriktiv politikk. Men respekten for enkeltmennesket må ligge i botnen. Og det verkar som om denne i mange tilfelle er på vikande front.
Ein generell skepsis til muslimar er eit døme på dette – då ser ein ikkje enkeltmenneska med si religiøse tru, men eit kollektiv av potensiell fare. Det same gjeld skepsisen som veljarane til Sverigedemokratarna har overfor feministar og journalistar, ­eller overfor miljøforkjemparar og vegetarianarar.
I botnen for alt dette ligg det fryktande vi-et, og uroa over alt ein sjølv ikkje kjenner seg komfortabel med. Dette vi-et er aukande i Europa, til ein slik grad at det europeiske fellesskapet fort kan nærme seg eit brestepunkt.


Populistisk framgang. Den ikkje-europeiske innvandringa til Europa har på grunn av det fryktande vi-et skapt grobotn for den framgangen vi fleire stader ser for den ytste politiske høgresida. Marine Le Pen i Front National gjekk vidare til andre valomgang i det franske presidentvalet i fjor, og for fire år sidan blei partiet størst i lokalvalet. På ståande fot kan eg nemne at høgre­ekstreme parti har gjort store innhogg i veljarmassen i land som Ungarn, Hellas og Neder­land. Og i Tyskland blei det høgrepopulistiske partiet AfD («Alternativ for Tyskland» det tredje største partiet ved valet i fjor.
I morgon er det Sveriges tur til å velje. Kva slags samfunn og kva slags politikk ønskjer svenskane seg? Somme ferske meinings­målingar indikerer at Sverigedemokratarna kan få ei oppslutning på rundt 20 prosent.
Det store spørsmålet er kva slags «vi» som får oppslutning i tida framover, det rause eller det fryktande. Det finst ein song som har denne verselinja: «Vi er eit ord med himmel i». Eg tenker ofte på denne songen. Det er ikkje alltid like lett å sjå himmelen blant menneska. Men der vi alle har respekt for enkeltmennesket, kan vi saman jobbe vidare for ei betre verd.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar