Verdidebatt

Midt i mellom oss

Om ein heile tida reduserer kva tema som er sentrale innan kristen tru og liv, er det ikkje sikkert ein til slutt står att med ein kjerne som skin.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når den konservative blir altfor smalspora i iveren etter å «ha saka si i orden med Gud» og den liberale vert så komfortabel med ideen om «dåpens nåde» at han gløymer kor altomfattande det er å vera ein Jesu disippel, då er det er tid for å ta fram ­filosofen Dallas Willard.

Willard brann for dei gode nyhenda om Guds rike som ein tilgjengeleg realitet, ikkje som ein teori om det gode livet, men som ein arena der ein faktisk får erfara at alt vert nytt.

Skal inkje gjera. 

I såkalla ­konservative miljø har brennpunktet i ­forkynninga gjerne blitt at å vera kristen berre ­handlar om å «få ordna saka si» med Gud. ­Willard refererer litt spøkefullt til denne til­nærminga som «the gospels of sin ­management». Her vert rikdomen i evangelia redusert til verktøy for å handtera det faktum at vi er syndarar. Livet vert redusert til eit problem eller ei sak som må ordnast. Eg kjenner att noko av dette frå tida mi som ung kristen – i miljøa eg gjekk, var såkalla «gjerningskristendom» den alvorlege fallgruva, og etter at song­strofa «det alt er ferdig, eg skal inkje gjera, men bare kvila i det du har sagt» hadde tona ut, var det sant å seia ikkje så lett å vita kor vegen skulle gå vidare.

Å berre kvila fram til ein før eller ­seinare sto ved gravkanten, var ikkje så lett å sjå føre seg når eg var seksten. Eg kunne få kjensla av at trua berre var ein billett til ei betre framtid, eller ei slags livsforsikring, og ikkje noko meir. Som Willard påpeikar, er dette eit altfor snevert syn på det livet Jesus kallar oss inn i som disiplar og vener av han. Som folk som får gå saman med han, læra av han og leva med han i tjukt og tynt. «Livet i kongedømet», som ­Dallas Willard aldri gjekk trøytt av å minna oss om, er så mykje meir, det involverer heile oss og påverkar alle aspekt ved tilveret på heilt fundamentalt vis.

Det sentrale. 

Den som følgjer med på diverse debattar rundt om i kyrkjelandskapet, vil truleg ha merka seg at det for tida stadig står fram folk som ivrar for å reindyrka «det sentrale» ved kristentrua. Argumentasjonen går gjerne langs linjer som at i ei tid der kyrkja verkar splitta, er det avgjerande å samlast om det som samlar, og som verkeleg er viktig.

Kva dette sentrale er, er ikkje alltid like godt å få tak i, og vert sjeldan ­definert. Oftare får vi heller døme på kva det ikkje er. Lista over tema som har falt ­utanfor «det sentrale», har etter kvart blitt ­ganske lang. For, som det har blitt sagt frå ­teologhald i det siste det siste, det handlar til dømes ikkje om jomfrufødsel som ein historisk realitet, kanskje heller ikkje om Jesus sto opp frå dei døde i fysisk forstand. Nokså nyleg debatterte lærde om Jesus faktisk «for opp til ­himmelen», og det vart i den samanhengen også ­påpeikt at ­dette ikkje er så viktig. I Den norske ­kyrkja har sagt at det i alle fall ikkje ­handlar om ­ekteskapet mellom mann og kvinne. Vi ser stadig fleire stilla spørsmål ved om vi som enkeltmenneske treng å venda om. For det handlar ikkje om at vi er ­syndarar. Spørsmålet om livets to utgangar er også av mange sett på som meir perifert.

Meir perifer.

Om ein heile tida reduserer kva tema som er sentrale innan ­kristen tru og liv, er det ikkje sikkert ein til slutt står att med ein kjerne som skin. Det kan like godt vera at heile trua vert meir ­perifer. Trua vert meir teoretisk og angår nesten ikkje livet i det heile. ­Attende står lausrivne flosklar som «kjærleik» og «nåde» – utan at vi heilt veit kva som ligg i dei.

Sjølv om Dallas Willard var filosofi­professor var han velsigna praktisk og nær i forståinga av trua. Trua på ein allmektig Gud, gjer den fremste interessa vår til nettopp å sjå samanhengane mellom alt i livet og alt det som Bibelen lærer oss om det skjulte riket som Jesus seier er «midt i mellom dykk». Vi får ikkje berre tru på dette riket – vi skal få leva i det!

Trykket i Vårt Land 7 september 2018 i spalten Livssyn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt