Leder

Stolt av evangeliet

Dersom folk utanfrå oppfattar at kyrkja ikkje trur på historia si, har kyrkja eit alvorleg kommunikasjonsproblem.

Den norske PR- og kommunikasjons­byrået ­Geelmuyden Kiese er hyra inn av Den norske ­kyrkja for å jobbe fram mot Kyrkjevalet 2019. «Dommen» frå PR-ekspertane kan få nokon kvar til å sette ­kyrkjekaffien i halsen: Byrået meiner at kyrkja ikkje trur på si eiga historie.

LES OGSÅ: Vi må være stolte av produktet

Den norske kyrkja, likt alle kristne kyrkjer, sit på den største historia av alle: Gud steig ned til jorda som eit lite barn, han steig opp for å døy på ein kross, og stod deretter opp igjen frå dei døde. Denne historia ligg i botnen for all verksemda som kyrkja elles driv med. Dersom kyrkja ikkje trur på si eiga historie, kven skal då tru på henne?

No skal det seiast at eit PR-byrå er eit PR-byrå, så diagnosen har ein kraftfull verknad i seg sjølv. Men han er ein vekkar for alle som jobbar i Den norske kyrkja og i andre kristne samanhengar: Dersom folk utanfrå oppfattar at kyrkja ikkje trur på historia si, har kyrkja eit alvorleg kommunikasjonsproblem.

For sjølvsagt trur kyrkja. Å slå fast det motsette er aldri så lite frekt. Men i mange samanhengar kan det synast som om trua er like skrantande som då apostelen Peter skulle gå på vatnet. Viljen er god, men resultatet er det verre med.

Mange veit ikkje korleis dei skal ­formidle den ­glade bodskapen så folk vil høyre. Talet på dei som går til ­gudsteneste går stadig nedover, ein nedgang på rundt ein halv ­million gudstenestedeltakararLES berre dei siste fire åra. ­Færre nyttar seg av kyrkjelege overgangsrite som dåp og konfirmasjon.

Utfordringane er ulike. Kyrkja er ikkje i stor nok grad til stades i kanalar der ungdommen er. Kyrkja er ikkje nok til stades i samfunnsdebatten. Og den motsette utfordringa: Dersom kyrkja engasjerer seg i samfunnet, blir ho skulda for å ha politisk farge.

LES OGSÅ: Stille møte med nær fortid

Kjernespørsmålet er likevel det som ligg i sentrum for all god marknadsføring: Har du tru på produktet ditt? Er du stolt av det? Eg skammar meg ikkje over evangeliet, skreiv Paulus. Det er framleis det beste rådet for kristne av alle slag.

Vi kan vere stolte av evangeliet, sjølv i periodar med tvil. Den aller største historia står til truande.

Trykket i Vårt Lqnd 7. septemer 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder