Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Ulikskapens evige tidsalder

Spriket mellom fattig og rik har følgt menneska gjennom historia. Framleis ligg ulikskap og urettferd bak dei største samfunnsproblema våre.

Publisert: 29. aug 2018

Dei fattige har de alltid hos dykk, sa Jesus, og det ser framleis ut som han hadde rett. Millionar av menneske over heile verda lever i fattigdom. FNs mål om å utrydde fattigdommen innan år 2030 er avhengig av at den økonomiske veksten i verda blir fordelt jamnare. Slik det er no, er det færre enn før som lever i ekstrem fattigdom, der ein ikkje klarer å dekke grunnleggande behov som mat, klede og tak over hovudet. Dei siste tretti åra er talet på ekstremt fattige meir enn halvert. Samtidig aukar skilnadene mellom fattig og rik – i både rike og fattige land.


Politiske opprør. Før levde dei fleste fattige i såkalla låginntektsland. Dette har endra seg. Mange av desse landa har tatt steget opp til å bli mellominntektsland, men utan at innbyggarane har følgd samla med på lasset. Såleis kan FN opplyse om at over 70 prosent av verdas fattige i dag bur i mellominntektsland som India, Nigeria og Indonesia. Den veksande ulikskapen er ei kjelde til sosial uro og politiske opprør.
Debatten om auka skilnader går jamleg også her i Noreg, der spriket i fleire år er blitt større og større. Ein tydeleg uttrykk for dette spriket var skipsreiaren og milliardæren John Fredriksens tusenlapp, som han for nokre år sidan gav til ein tiggar på veg ut frå ein middag på Theatercafeen i Oslo. Historia er med i Sverre Gunnar Hagas kommande bok Norgeshistorier, som skal handle om dei historiske augneblinkane som har forma Noreg.


Borgarløn. Dei auka skilnadene i verda utgjer også ein viktig del av grunnlaget når dei tidlegare Vårt Land-journalistane Sven Egil Omdal og Ingeborg Eliassen gir nytt liv til debatten om borgarløn med den nyleg utkomne boka Borgerlønn – Ideen som endrer spillet. Med borgarløn er alle innbyggarar i eit samfunn sikra ei individuell minsteløn, uavhengig om dei arbeider eller ikkje. Tanken er framleis kontroversiell, og både Arbeidarpartiet, SV og Raudt seier ifølgje Klassekampen nei til borgarløn som gjennomgripande samfunnsreform.
Borgarløn vil kunne fordele ressursar på ein ny måte. Samtidig fryktar motstandarane blant anna at mottakarar av borgarløn ikkje lenger vil organisere seg og kjempe for rettane 
sine.


Arbeidet i vingarden. Forslaget om borgarløn kan elles gi visse assosiasjonar til nytestamentleg tenking. Dei første kristne delte alt mellom seg, så alle var sikra det dei trong. I dagens politiske debatt er dette neppe eit argument for ordninga. Men kristendommen har alltid hatt eit demokratisk utjamningsaspekt: Alle er like for Gud. I den bibelske likninga om arbeidarane i vingarden får alle arbeidarane den same løna, uansett kor mange timar dei har arbeidd.
Fordelen med borgarløn er at ho reduserer ulikskap, som framleis ligg til grunn for mange av samfunnsproblema våre. Den amerikanske psykologen Keith Payne er aktuell på norsk med boka Følelsen av forskjell – Slik påvirker ulikhet hvordan vi tenker, lever og dør. Her brukar han sine innsikter frå psykologifaget, i tillegg til biologi og økonomisk teori, til å forklare korleis menneska blir påverka av opplevd urettferd. Payne meiner blant anna at ulikskap påverkar moralen vår, religiøsiteten vår og den politiske ståstaden vår. Land med stor økonomiske ulikskapar har ifølgje forfattaren fleire sosiale problem, lågare forventa levealder, fleire mentale lidingar og meir kriminalitet.


Må gjere meir. Er det slik at den politiske høgresida i Noreg, med sin iver etter å gi skattelette til dei rike, er med på å auke ulikskapen i landet vårt? Dette vil nok mange på venstresida meine, men det er vanskeleg å peike på at dette er ein direkte konsekvens av høgresidas politikk.
I staden bør politikarar både til høgre og venstre ha in mente at vi i framtida blir nøydde til å gjere endå meir for å redusere ulikskap og urettferd både nasjonalt og globalt. I motsett fall risikerer vi å skape større problem for oss sjølve enn vi vil vere i stand til å hanskast med.
Vi gjer klokt i å auke innsatsen allereie no.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Øivind Hundal

1 innlegg  197 kommentarer

Ad borgerlønn

Publisert 9 måneder siden

1) Hvor stor skal den være?

2) Hvem skal bestemme størrelsen?

3) Hvordan skal den reguleres etter prisstigningen?

4) Hva med dem som ikke klarer å organisere livet sitt med borgerlønn?

Kommentar #2

Per Steinar Runde

211 innlegg  2476 kommentarer

'Mangfald' og fri flyt gjev økonomiske skilnader

Publisert 9 måneder siden
Alf Kjetil Walgermo. Gå til den siterte teksten.

Land med stor økonomiske ulikskapar har ifølgje forfattaren fleire sosiale problem, lågare forventa levealder, fleire mentale lidingar og meir kriminalitet.


Må gjere meir. Er det slik at den politiske høgresida i Noreg, med sin iver etter å gi skattelette til dei rike, er med på å auke ulikskapen i landet vårt?

Påstanden i første avsnittet ovanfor er utan tvil rett. Små skilnader er bra for eit samfunn, men det gjeld ikkje berre på det økonomiske området, men minst like mykje for etniske, sosiale og kulturelle forskjellar. Ofte er det nettopp desse, saman med nepotisme og korrupsjon, som fører til økonomisk ulikskap.

I Noreg er det minimal skilnad mellom partia når det gjeld økonomisk politikk, som høgre-venstre-aksen i hovudsak handlar om. I den grad H og FrP gjev skattelette, så er det for at norske kapital- og bedriftseigarar skal investere her til lands og kunne konkurrere med bedrifter i andre land, som ofte ikkje har skatt på formue. Poenget er å sikre nordmenn eit arbeid å leve av, og gje stat og kommunar inntekter til velferdstiltak for befolkninga. 

Men Ap har stort sett gjort det same, for dei har ikkje anna val, gitt den økonomiske globaliseringa. Fri flyt av kapital, varer, tenester og arbeidskraft/menneske gjeld ikkje berre innanfor EU/EØS, men langt på veg også for heile verda. Då vil menneska fare dit lønnsnivået/velferdsteneste er høgst/best, og kapitalen/arbeidsplassane dit lønna er låg og velferda ikkje-eksisterande. 

Det står att å sjå kor dette endar. Utan grenser for kapitalen og folkevandringane, blir Noreg som resten av verda: Stor skilnad på fattig og rik, som i BRICS (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika), eller ekstrem fattigdom for alle, som i Venezuela, viss sosialismen skal gjennomførast i praksis.

3 liker  

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere