Kommentar

Ulikskapens evige tidsalder

Spriket mellom fattig og rik har følgt menneska gjennom historia. Framleis ligg ulikskap og urettferd bak dei største samfunnsproblema våre.

Dei fattige har de alltid hos dykk, sa Jesus, og det ser framleis ut som han hadde rett. Millionar av menneske over heile verda lever i fattigdom. FNs mål om å utrydde fattigdommen innan år 2030 er avhengig av at den økonomiske veksten i verda blir fordelt jamnare. Slik det er no, er det færre enn før som lever i ekstrem fattigdom, der ein ikkje klarer å dekke grunnleggande behov som mat, klede og tak over hovudet. Dei siste tretti åra er talet på ekstremt fattige meir enn halvert. Samtidig aukar skilnadene mellom fattig og rik – i både rike og fattige land.


Politiske opprør. Før levde dei fleste fattige i såkalla låginntektsland. Dette har endra seg. Mange av desse landa har tatt steget opp til å bli mellominntektsland, men utan at innbyggarane har følgd samla med på lasset. Såleis kan FN opplyse om at over 70 prosent av verdas fattige i dag bur i mellominntektsland som India, Nigeria og Indonesia. Den veksande ulikskapen er ei kjelde til sosial uro og politiske opprør.
Debatten om auka skilnader går jamleg også her i Noreg, der spriket i fleire år er blitt større og større. Ein tydeleg uttrykk for dette spriket var skipsreiaren og milliardæren John Fredriksens tusenlapp, som han for nokre år sidan gav til ein tiggar på veg ut frå ein middag på Theatercafeen i Oslo. Historia er med i Sverre Gunnar Hagas kommande bok Norgeshistorier, som skal handle om dei historiske augneblinkane som har forma Noreg.


Borgarløn. Dei auka skilnadene i verda utgjer også ein viktig del av grunnlaget når dei tidlegare Vårt Land-journalistane Sven Egil Omdal og Ingeborg Eliassen gir nytt liv til debatten om borgarløn med den nyleg utkomne boka Borgerlønn – Ideen som endrer spillet. Med borgarløn er alle innbyggarar i eit samfunn sikra ei individuell minsteløn, uavhengig om dei arbeider eller ikkje. Tanken er framleis kontroversiell, og både Arbeidarpartiet, SV og Raudt seier ifølgje Klassekampen nei til borgarløn som gjennomgripande samfunnsreform.
Borgarløn vil kunne fordele ressursar på ein ny måte. Samtidig fryktar motstandarane blant anna at mottakarar av borgarløn ikkje lenger vil organisere seg og kjempe for rettane sine.


Arbeidet i vingarden. Forslaget om borgarløn kan elles gi visse assosiasjonar til nytestamentleg tenking. Dei første kristne delte alt mellom seg, så alle var sikra det dei trong. I dagens politiske debatt er dette neppe eit argument for ordninga. Men kristendommen har alltid hatt eit demokratisk utjamningsaspekt: Alle er like for Gud. I den bibelske likninga om arbeidarane i vingarden får alle arbeidarane den same løna, uansett kor mange timar dei har arbeidd.
Fordelen med borgarløn er at ho reduserer ulikskap, som framleis ligg til grunn for mange av samfunnsproblema våre. Den amerikanske psykologen Keith Payne er aktuell på norsk med boka Følelsen av forskjell – Slik påvirker ulikhet hvordan vi tenker, lever og dør. Her brukar han sine innsikter frå psykologifaget, i tillegg til biologi og økonomisk teori, til å forklare korleis menneska blir påverka av opplevd urettferd. Payne meiner blant anna at ulikskap påverkar moralen vår, religiøsiteten vår og den politiske ståstaden vår. Land med stor økonomiske ulikskapar har ifølgje forfattaren fleire sosiale problem, lågare forventa levealder, fleire mentale lidingar og meir kriminalitet.


Må gjere meir. Er det slik at den politiske høgresida i Noreg, med sin iver etter å gi skattelette til dei rike, er med på å auke ulikskapen i landet vårt? Dette vil nok mange på venstresida meine, men det er vanskeleg å peike på at dette er ein direkte konsekvens av høgresidas politikk.
I staden bør politikarar både til høgre og venstre ha in mente at vi i framtida blir nøydde til å gjere endå meir for å redusere ulikskap og urettferd både nasjonalt og globalt. I motsett fall risikerer vi å skape større problem for oss sjølve enn vi vil vere i stand til å hanskast med.
Vi gjer klokt i å auke innsatsen allereie no.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar