Verdidebatt

Ei naturleg utviding av abortgrensa?

Det er beint fram sørgeleg å sjå kor mange i dei politiske ungdomspartia som har vakse opp i tankegodset frå 70-talet. Men dei er i det minste konsekvente i tankegangen når dei føreslår å utvida abortgrensa til opp mot levedyktige barn, ja nokre til og med over dette stadiet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

AUF føreslår, i følgje Vårt Land 23. august, å utvida grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker. Seinare har Unge Venstre «toppa» dette med å føreslå 24 veker. Eg har for min del lenge undra meg over kva Stortinget har meint er den store skilnaden i menneskeverd mellom eit foster som er 11 veker gammalt og eit som er 13 veker. Så desse framlegga er såleis på mange måtar både venta og forståelege. Og ut frå abortlova sin logikk er det heller ikkje unaturleg at AUF også vil «..finne en løsning som også sikrer reell selvbestemmelse etter uke 18.» Det som derimot er litt overraskande, er at dei for denne gruppa vil at «..dette skal avgjøres etter en helsefaglig vurdering og tillates dersom det er fare for store komplikasjoner for mors helse.» For når KrF foreslår akkurat den same ordninga for dei yngre fostera, så krenker dette kvinna sin rett til å bestemma over eigen kropp. Kvifor er ikkje dette tilfelle når fosteret er19 veker gammalt, i og med at fosteret sitt menneskeverd tydelegvis ikkje blir tillagt vekt? Korleis kan eg så påstå at menneskeverdet ikkje blir tillagt vekt? Jo, rett nok vedgår AUF-leiaren at «...alt som har med liv å gjøre, har store, etiske dilemmaer og utfordringer.» Men… «Samtidig er det flere land som har en abortgrense på 18 uker, og vi vet at dette er medisinsk forsvarlig. Dermed er det på høy tid at også vi går inn for dette.» Medisinsk forsvarlighet er altså det overordna etiske kriteriet, om ein skal døma etter dette resonnementet.
 
Kvifor skal ein forresten stoppa ved 22 eller 24 veker? Ein kan jo absolutt sjå føre seg at sjukdom eller misdanningar kan bli oppdaga seinare i svangerskapet eller like etter fødsel for den del. Kva er det som gir desse barna større rett til å få leva? Eg forstår det godt om dei unge leiarane oppfattar dette som ei grotesk spissformulering og ein frykteleg tanke. Men samtidig så får dei kanskje då eit lite innblikk i korleis me har det som tenker at alle foster har eit ukrenkeleg menneskeverd.

Dag Sele
Fylkesleiar, Hordaland KrF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt