Leder

Mobbing i skulen

I fylke etter fylke viser tala det same, som på godt norsk kan omsettast til «ikkje bestått».

I fjor blei norske skular pålagt aktivitetsplikt mot mobbing. Det står no nedfelt i opplæringslova at skulane er pliktige til å legge tiltaksplanar mot mobbing, og at foreldra til elevane har innsynsrett i desse planane. Dersom tiltaka ikkje førar fram, har elevane rett til å klage til Fylkesmannen.

Rundt 1.400 nytta seg av denne retten sist skuleår. Litt over halvparten av sakene er blitt vurderte, og resultatet er forstemmande. NTB meldte før helga at fire av fem av dei skulane som blei klaga inn og vurderte, ikkje hadde gjort nok mot mobbing.

LES OGSÅ: Skulen sviktar mobbeoffer

I fylke etter fylke viser tala det same, som på godt norsk kan omsettast til «ikkje bestått». I Telemark var det regelbrot i heile 100 prosent av sakene. Full pott, med andre ord, men ikkje noko telemarksskulane kan vere stolte av. Berre i Troms var det regelbrot i rundt halvparten av sakene, elles ligg tala høgare.

Det er no ei veke sidan skulestart, og rundt ikring i landet finst ei rekke med elevar som gruar seg til resten av skuleåret. Dette veit vi av di skulane heilt tydeleg ikkje klarer å komme mobbinga til livs. Tiltaka mot det som risikerer å prege nettopp ditt barn negativt for resten av livet, er ikkje gode nok.

Norske skular har rett nok lenge jobba mot mobbing og for positive læringsmiljø. Mange stader er det lagt ned eit langvarig og fruktbart arbeid som har losa mangt eit sårbart barn gjennom potensielt utrygge farvatn. Lærarar flest har falkeblikk i klasserommet og i skulegarden, og dei er flinke til å skape inkluderande klassemiljø.

LES OGSÅ: 'Flytende kjønnsidentiteter oftere tema i skolen'

Likevel ser vi altså så dystre tal: Fire av fem skular gjer ikkje nok. Det er nedslåande for både lærarar, foreldre og elevane sjølve. Kanskje bør Fylkesmannen vurdere å senke terskelen for bruk av tvangsmulkt, som berre Hamar kommune fekk i fjor.

I haust kjem det fylkesvise mobbeombod over heile landet for barn og elevar i barnehagen og grunnskulen. Vi håper mobbeomboda raskt kan komme i gang med førebyggande arbeid, for behovet er stort. Regjeringa bør i tillegg bruke pengar på kompetanseheving for lærarar og rektorar. I kampen mot mobbing i skulen er ingen utlærte.

Trykket i Vårt Land 27. august 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder