Lederartikkel Vårt Land

Veksten i skjermbruk

Til sjuande og sist lever vi ikkje livet vårt på ein skjerm.

Publisert: 18. aug 2018.

Denne veka kom det nye resultat frå Ungdataundersøkinga, som ser på ulike sider ved livet til norske ungdommar. Eit tydeleg trekk er at skjermbruken stel endå større bitar av kvardagen. Forskingsleiar Anders Bakken seier til Klassekampen at det er få andre område i undersøkinga som viser ein så tydeleg auke. 

Velferdsforskingsinstituttet Nova ved Oslomet står bak undersøkinga som bygger på svar frå nær 250.000 ungdommar i ungdomsskulen og på vidaregåande skule. Over halvparten av ungdommane brukar skjerm meir enn tre timar dagleg – og då er skuletida halden utanfor. Så mykje som ein tredel av ungdommane sit ved skjermen endå lenger, meir enn fire timar kvar dag utanom skuletid. 

Sosiale media er den vesentlege årsaka til den store auka. Dette kjem samtidig med ein nedgang i tida vi brukar saman med vener. Blant ungdomsskuleelevar er det ein nedgang på ti prosentpoeng. 

Det store biletet er altså at norske ungdommar brukar mindre tid med kvarandre og meir tid framfor skjermen. Dette er ei uheldig utvikling. Sjølv om mange har opplevd det positivt å kunne halde kontakten med andre digitalt, kan aldri sosialisering på skjerm erstatte behovet vårt for å være i fysisk nærleik av andre menneske.

Denne utviklinga har skote fart på kort tid. Det er lenge sidan skjermen gjorde inntog i det norske samfunnet, men sjølv om TV-en, datamaskina og mobiltelefonen lenge har lagt beslag på delar av tida vår, ser vi no at skjermen er i ferd med å stele frå oss viktige verdiar. Eit samfunn der vi ikkje lenger brukar tid på å møtast ansikt til ansikt, er eit samfunn som i stor grad er sårbart for aukande misantropi og framandfrykt. 

Norske ungdommar skal ikkje ha skulda for dette. Derimot ligg det eit ansvar på kvar og ein av oss å regulere skjermbruken både for oss sjølve og barna våre så han ikkje eskalerer ut av proporsjonar. Skjermar av ulike slag er til stor nytte for samfunnet og for den enkelte. Men vi må vere endå meir medvitne om at vi treng kvile frå skjermen, helst mange timar kvar dag. 

Til sjuande og sist lever vi ikkje livet vårt på ein skjerm. Vi treng å vere meir til stades i nærværet til vår neste.

Trykket i Vårt Land 18. august 2018.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Sondre Bjørdal, konstituert religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere