Kommentar

Dei skjulte heltane

Ten Sing har drive 50 års formidabelt arbeid for kultur, kreativitet og Kristus. Bak suksessen står eit audmjukt stjernelag av engasjerte frivillige.

Førre laurdag var over 2.000 ungdommar samla på den kristne ungdomsfestivalen Spekter. Festivalarenaen var neppe lagt til ein tilfeldig stad, og i alle fall var han symbolsk. Kalvøya i Bærum samla i 1970-, 80- og 90-åra nokre av verdas fremste artistar, som Bob Dylan, Leonard Cohen, Neil Young og U2. Det var her Øyafestivalen blei arrangert første gong, og har namnet sitt frå. Kva er meir naturleg enn at KFUK-KFUMs ungdomsfestival markerte 50-årsjubileet for konseptet Ten Sing akkurat her?

Ten Sing blei etablert allereie i 1967, då presten Kjell Grønner starta det første koret i Bergen etter modell frå det amerikanske Sing Out America. Det var likevel under ungdomsfestivalen TT (TenåringsTreff) – Spekters forløpar – at det tok av, sommaren 1968.

Eksport

Sidan har songen aldri stilna. Sjølv om bølgja i dag ikkje er like eksplosjonsarta som i oppstarten, då det på eitt år blei starta over 100 kor, finst det framleis over 100 Ten Sing-grupper i Noreg, og konseptet har spreidd seg til fleire land. Ikkje minst var Danmark og Tyskland tidleg ute med å starte Ten Sing-grupper. For tida skjer det mykje spennande i Aust-Europa, og det finst avleggarar på nær sagt alle kontinent. KFUK-KFUM i Noreg snakkar om Ten Sing som sin fremste og viktigaste eksportartikkel.

Ein ting er påverknaden internasjonalt. Men dei 50 åra med Ten Sing i Noreg har hatt ein massiv effekt på det norske samfunnet generelt og musikkbransjen spesielt. På eit halvt hundreår kan vi no snakke om fleire generasjonar musikarar som har krope ut av Ten Sings krybbe. Ten Sing blei tidleg ein tumlestad for spirande artistar, som fekk både viktig erfaring og gode verdiar med seg i bagasjen.

LES OGSÅ: I 50 år har Ten Sing-­bevegelsen ­fostret ­profesjonelle ­musikere og artister. Hvorfor så ­mange?

Folkekjære artistar

Kastar vi eit raskt blikk på somme av artistane som har bakgrunn i Ten Sing, er det nok til å slå fast at konseptet har vore med å prege somme av Noregs fremste og mest folkekjære artistar, som Bjørn Eidsvåg, Sigvart Dagsland, Rune Larsen, Morten Harket og Silje Nergaard. Sistnemnte fortalde nyleg i Vårt Land at første gongen ho tok i ein mikrofon, var på eit Ten Sing-seminar. Kjensla sit framleis i ryggmargen hennar.

Som ein av dei litt yngre artistane, kan jazzbassisten Ellen Andrea Wang stå som eit godt døme: Ho løftar fram tryggleiken, menneskesynet og dei grunnleggande verdiane ho fekk gjennom Ten Sing. Det er eit godt mål på korleis Ten Sing har lukkast, og framleis lukkast, med å skape rause, trygge og motiverande arenaer for musikalsk og menneskeleg utfalding.

Tillit og takhøgde

Ten Sing-oppskrifta er i stor grad bygd på tillit og takhøgde. Tenåringar med ganske så ulike bakgrunnar kan her finne fellesskap og kjenne seg sett. Litt eldre ungdommar får testa seg som leiarar, men med vegleiing frå tilstadeverande vaksne. Den kristne bodskapen ligg i botnen for arbeidet, på ein måte som ikkje stenger ute dei søkande, og dei som streifar i omlandet.

Pilarane for Ten Sing-satsinga har vore kultur, kreativitet og Kristus. Denne «treeininga» har vore ein fruktbar verkstad i møte med stadig nye generasjonar ungdommar. I Ten Sing har tenåringane blitt tatt på alvor både som skapande, leikande og lengtande menneske. Musikalske ambisjonar, fellesskapsglede og hormonar har fått spelerom. Sjølvsagt har Ten Sing også vore ein stad for å speide etter kjærastar – noko anna ville vere både underleg og trist!

LES OGSÅ: Rockheim-kurator sier Ten Sing har preget hele Musikk-Norge, og musikk-­viter hevder ­fenomenet har fått ufortjent liten oppmerk­somhet.

Frøken Bibelstripp

Gjennom tidene har Ten Sing fått eitt og anna stempel som medlemmane for så vidt kunne greidd seg utan. Øystein Sunde var morosam då han skapte verselinjene «Rett ut av Ten Sing med puppen i været / Hun kler seg som Madonna, hun vet åssen det skal være / Frøken Bibelstripp / Frøken Bibelstripp». Sundes satire bør likevel ikkje bli ståande fremst i pannebrasken som tidlaus og allmenngyldig Ten Sing-karakteristikk.

Endå eldre er oppfatninga av Ten Sing som eit opprørsk element i kyrkja. Debatten om bruk av trommer i kyrkjerommet er for lengst utdatert. Dei 2.000 ungdommane som feira Ten Sing-rørsla på Kalvøya førre helg, har kanskje ikkje høyrt om denne problemstillinga eingong. Det ein likevel kan seie, er at Ten Sing har bana veg for eit større musikalsk mangfald også innan Den norske kyrkja.

Viktige frivillige

Eit viktig aspekt når Ten Sing no er 50 år, er alle dei frivillige, både vaksne og ungdommar, som har stått på i år etter år. Eit typisk døme er frå Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik, der det er Ten Sing-seminar på sommarstid. Hit kjem det ungdommar for heile landet for å la seg inspirere, og staben av frivillige kan fort bli nesten halvparten så mange som deltakarane.

Vårt Land skreiv denne veka om at frivilligheita i Noreg er i endring og blir meir individualisert og ad hoc-basert. Då er det på sin plass å løfte fram det skjulte stjernelaget av bakspelarar som har vore med på å løfte og heie fram norske Ten Sing-ungdommar gjennom eit halvt hundreår.

Det finst mange menneske der ute som har brukt store delar av ferie og fritid i tenesta for å skape gode Ten Sing-miljø. Dette arbeidet har bore frukter. Ten Sing er ei opa dør inn til norsk musikkliv, men endå viktigare, inn til eit kristent fellesskap. Det er grunn til å gratulere Ten Sing med 50 år, og ønskje all mogleg lykke for dei 50 neste!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar